Blogg

Det er oktober og tid får den årlege Tv- innsamlinga.. Og i år går det nok til noke fornuftig ,som er Bymisjonen. Det vert banka på dørene i beste jehova stil, børsene vert rista på..men det kjeme ikkje ein lyd, det er berre setlar..store? I Radio er overbegeistra programleierar framme og fortel at de har seld gamle møbler på Finn.no og beløpet går uavkorta til....(Svette) fotballdraktar vert pynta med uforstålege namnetrekk og ver auksjonert ut.. Utropspris Rosenborg 10000, Lillestrøm 1000... Alle er med alle gjer..hurra. Vi oppføre oss som den Onkel Skrue som vi gjerne vil ha ...Han som alltid berge jula for Donald og gutane ..i siste liten. Vi håper og trur at det vi gjer vil gjera den lille forskjellen..No vert vel pengene (kan vi håpa) brukt på vår eigne som ikkje har hatt den flaksen vi har hatt..ja og så litt til Romfolket sjølsagt og litt til andre også..fyllesjuke svenskar og ein og annan Finne...de trenge mat og varme alle. Vel og bra.. Dette kan vi gje til med glede og fred i sinne..

Men vi har hatt mange innsamlingar frå tidleg 70, Blindeforbund, Folkehelsa, Mot kreft, ++, til og med Sanitetskvinnene. Vi kan gå gjennom lista, å sjå navn og millionar som ein ikkje har sett noke til seinare. Men greit...det er desse organisasjonane ..og stort sett vert vel kronene brukt som dei skal og ikkje berre går til administrasjon.

Så kjeme alle desse andre ..utadretta organisasjonane.. Dei som skal gje nytt og betre liv til alle desse i fattige land. Og masse anna ,som regnskogfondet som skal få motorsagene til å stilne der nede i regnskogen...mon det. Og vi har Røde Kors som er så steinrike at dei går på børs med ein god del av pengane.

Og vi gjer med åpent sinn og trur at alt kjeme fram..at minst mulig vert brukt til administrasjon ..minst mulig til flyreiser..minst mulig til prtivatfly for korrupte presidenter, minst mulig til å berika styrer og det å bygge svære palass ved sveitsiske sjøar for å huse eit meir og meir korrupte system. For 30milliardar over statsbudsjettet er slett ikkje nok til å halde eit utall privat og statlige bistand igong.

Var ikkje meinga dette å fråta oss gleda med å gje..unnskyld..men eg har den siste tida sine korrupsjonsavsløringar svirrane oppe i hovudet,.

 

Fyllte full tank på gamlevolvoen idag. Over 900kr takk. 14,99pr liter diesel på Tanken ..ennå meir takk. Eller kanskje ikkje , kjøyrte forbi Shell og her låg prisen på 13,99/l , for ei stakket stund kanskje . No må Tanken skjerpe seg ...Men iallefall så har eg vel ikkje brukt så mykje penger for å fylle opp ein bil sia eg på 80 talet lånte ein Buick med tom tank. Er vel ikkje med dei varme kjensler vi sender til styresmaktene i Frp sitt bompengeland når de nå skal til med auke i avgift på bensin og diesel.

Joda eg veit at FN sitt klimapanel sender ut advarende peikefingre til oss alle om temperaturauke på kloden og med all den styggedommen det fører med seg. Men som pensjonist har eg ikkje råd til nye elbil. Og når eg tenker etter så tviler eg på om elbilar er så miljøvennlige som eliten påstår. Dei skal jo produserast dei også..dei har batterier som skal skiftast ut etter ei tid. Batteri skal jo ha lading også og det går vel ut over kraftforsyninga og den snart frie flyten på elmarkedet.Vi veit jo snart ikkje kor krafta vår vert produsert..kjeme kanskje frå gedigne kolkraftverk der syd.

Her er det mykje skyggelegging ute å går , ein kjøper elbil den eine uka og kanskje få seg jobb i styret til Fredrik Hauges Bellona.. Mens ein i neste uke tar ein fly til storbyar for handel og til strendene der sør. Det er jo igrunnen latterlig at vi kan godta drittbillige flybilettar mens ein skrur opp diesel/bensin prisane til bilparken så korkje barnefamiliar, pensjonistar og mange andre har råd til å vri om tenningsnøkkelen til bilar med faktisk miljøvennlige motorar med svært lite utslipp.. Det er jo klart at den politiske eliten har utpeika diesel/bensin bilen som den store stygge miljøulven..Det har de jo gjort i mange mange år. For vår del så bruker fruen og eg fly svært sjelden men gamlevolvoen har vi verkelig bruk for.. Vi bor på landet og buss går så sjelden at det er ikkje aktuellt. Ikkje kan vi komma dragande med eit par hundar inn på ein offentlig buss heller.

Vi slår ofte i bordet med at vi har svært unge utøvane politikerar her til lands, til samanlikning med land som er naturlig å samanlikna oss med. Men er det eigentlig noke å slå så veldig hardt i bordet med ? Vi både trur og håpar at ein tannlege som ber oss gape eller ein lege som skjære i oss har brukbart grunnlag , god skulegong og god praksis bak seg før vi sleppe han til. Eg meiner at for å verta ein bra politiker bør ein ha lang og god erfaring frå livets skule. Han/ho skal ofte stå på barrikadene og gjennomføra saker som kan påverka liva våre i høge grad . Det har neppe ein attenåring som har som bakgrunn noken kosekveldar saman med unge Høgre gjengen sin eller som har ei veke på Utøya bak seg.

Ein attenåring trur eg ikkje kan gjera eit godt nok politisk handverk hvis han blir sendt inn frå sitt distrikt til eit Fylkesting eller enda verre å entra Stortinget. Eg veit eg trør menge på tærne..men det får ikkje hjelpa. Ein sleppe ikkje inn så unge til å styre og administrere ein supertankar. Vi modnast så forskjellig men eg meiner bestemt at ein bør vera godt inni siste halvdel av 20åra for å væra med å styra AS Norge. Trur det er best at politikarane våre er frå forskjellige aldersgrupper. Vi har forskjellige behov i våre forskjellige alderstrinn. Vi liker å tru at vi er nokelunde tatt hand om . Ein kan ikkje forlanga av ein unge politiker at han/ho skal ha tunge nok ballast til å ta hand om ein god pensjonistpolitikk. Like lite som ein 68er skal kunne ha dei gode løysningane på ungdomspolitikk.. Så for dei som set opp lister til valg er iallefall mitt råd og tenka balanse ikkje på død og liv føra opp folk som er purunge berre for at eit parti skal framstå som friskt og ungt. Ein sender ikkje inn folk i så viktige fora som Fylkesting eller Storting for at dei skal modna seg. Den modningsprossessen må vera forlengst tilbakelagt.

Vi får nyta Vestlandet og fjellformasjonane her vest som best vi kan. Snart er det ikkje fjelltoppar som vi kviler augene på..ikkje haustfargane, ikkje vinterfargane, ikkje vår og sommarfargane Då kjeme det kjempestore vindmøller oppe på våre kjære fjell og fjelltoppar..Planane til NVE er visst kommt langt og dei hadde gått igjøno mange innstansar utan at vi vanlig dødlige har fått teft av denne faren. Grannar skriv at no i oktober kunne siste hindring for utbygging dette galskapet vera vekk . Planane har visstnok i utgongspunktet vore for heile landet som har vore inndelte i regionar. Til og med sentrale strok på austlandet har vore vurdert. Vi her vest er vest er så «heldige» at vi er kommt til finalen. Skal vi då kunne annta at vindmølleskog på Austland er lagt på is. Setter 1000kr på det.

Å vera i denne finalen om å få 250m høge vindmøller på våre toppar og fjell er ikkje trivelig. Å stola på våre lokale politikerar gjere iallefall eg ikkje...vi har sett kor dei stemmer i laksekonsesjons saker. Naturverforbundet er også svært svake i si utale: «Joda vi liker fornybar energi..men kanskje ikkje størrelsen og at det er på hittil uberørte naturområde» Nei det blir ikkje mykje hjelp å få frå dei , administrasjonen deira ligg vel der aust.

Før i tida var det Haugesunderane som påsto at Etnefjellet var deira personlege fjell.. Haugesund energiverk låg jo her og det var maskinene i 2kraftstasjonar som rulla og gjekk.

No komme vel Fritz frå Tyskland eller Sveits og hevdar same retten. Kolossane kan jo bli bygd med deira pengar og blir jo i framtida dreve av Acer som bestemmer over litle Norge ,det har jo Erna og Jonas bestemt. Sveitserane eig og drive vindmølleparkar i sørfylket (Rogaland). Vi eig snart ikkje noke i vårt eige land lenger og kan liksågodt heisa Euflagget den 17 i mai.

Politikerane vil vel hevda at her, ja her er det penger å henta..både for å berga Skakke og sikra etterlønn til rådmenn.. Men det er heller tvisamt. Fitjar kommune ..som nærast ser kvelte ut under desse svære viftane 125høge fingrane er på falittens rand..

Som sagt så stoler eg ikkje på politikerane korkje lokalt eller dei frå dei bestemmande strøk, så håpet at vi skal unngå dette idiotiske galskapet er tynt ,svært tynt.

Eg skal iallefall vurdera å selga huset og flytta ut av området. Ikkje til Skånevik, for eg hadde fått ein tidlegare død av å sjå 300meter høge kollossar på Leknesnepo og/eller oppe på Stølehetto. Nei det blir vel å flytta til der som dei bestemmande politikerane bur..til Oslofjordområde.. Der kjeme det nok ikkje vindmøller av denne størrelsen på mange mange år. Får heller snu meg i gravo då..

Høyrer på ein god del musikk , rundt om. Men så er eg skrudd slik saman at hvis eg høyrer noke negativt om ein artist,,frå sjølopplevde ting eller at kamerater og vener har negative erfaringar om artisten så går eg aldri på konsert eller høyrer på artisten ellers. Om presse og sladreblader skriv negativt om han spelar ingen rolle ..men det som vener fortel..det tel.

Slik som i helga då eg nemnde ein artist til ein kompis ...eg syntes han skreiv bra og var ok. Kompisen min reiste bust og sa at han aldri i livet sette på noke av han. Eg spissa øyrer og han fortalde. Om då han jobba på ein bensinstasjon før i tida , for eit par tre tiår sia . Så kom denne artisten ofte innom ..på veg frå/til Bergen frå /til spelejobbar. Han hadde fancy bil , fancy dame(r) med seg. Men det var ikkje det , men at han forlangte at kompisen min skulle «sjække alt», olje, viduspylerveske, batterivæske ol.. Dette var jo gratis «før i tida» og mange gjorde vel seg bruk av det. Noken av oss har vel aldri fått oss til det ..men det om det. Iallfall så roper bergensartisten: Har du sjækket alt no? Kompisen min: Yess. Bergensartisten ropte (så alle kundene som var innom, kunne høyre det: «Har du husket å sjække bakakselen også»? Kompisen min: «Nei, det vil jo koste penger». Bergensartisten snudde seg på hælen å for ut. Kanskje var det ikkje inne blant de syv dødsynder..men det vitna iallefall om at denne bergensartisten var svært nære «drittsekknivå».

Om det er bevisst eller ubevisst så blir det ei stund til også eg sette på noke av denne.

 

Ein arbeidskompis av meg var i ein familieselskap nede på Maritim i Haugesund. Det var visstnok ein stor dag og det var fotografert heller flittig. Heilt til ein annan gjest, også dette , ein smørsanger og halvkjendis frå Bergen som ropte ut at det skulle slettes ikkje taes eit bilde som han var med på. Sjølsagt la dette ein heller flaue stemning på heile opptrinnet. Og seinare gjorde iallefall at når den aktuelle artisten kom i ruta så skrudde iallefall eg ned eller heilt av.

Sjølv leste eg om øysamfunnet Espevær som hadde stått på hovudet, i vekevis , der ein masse dugnadstimar var lagt ned i Espeværsdagane. Dei leigde inn ein fetert prest og bandet hans..og han presterte å stikka av med heile overskotet for å få fylla opp det feite salæret sitt.

Etter det har eg ikkje spelt eller trent inn ein einaste sang av prestfaen. Og nåde den som vågar å spele noke av han i ein ev. begravning av meg.

Så konklusjonen må verta at om dei sel godt, vært spela ofte i NRK eller på Spotify..så må de oppføra seg som folk.

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.