Blogg

At bestemmande politikerar i eit land ikkje les historie og har sett seg inni ka som hender når storkapital skal drifta eit lands ressursjer veit vi. I denne tida når Støre og Erna nesten slåss om kem som er flinkaste til å gje vekk våre ressursjer så forstår ein at dei aldri har sett seg inn i ka små land som Irland må ha blødd når dei vart med i EU. Dei vart med i EU (EF) i 73. Då fekk dei (kort fortald) ein pakke til landbruket imot at dei avsto frå sine eigne fiskeområde (dei fekk behalda 4%) . Storkaksane i Brussel skalta og valta med og i Irlands fiskeområder. Supertrålerar frå EU auser opp fisken. På kysten til Irland daua fiskesamfunna ut ..Den ein fiskelandsbyen etter den andre vart lagt brakk fordi dei ikkje fekk drifta det fiske som dei hadde gjort i 1000vis av år , sjøl.

På andre sida av Atlanteren i Canada var det biksane i Ottawa (som vel ligg midt i landet) som overtok råderetten av fiskeriene. Då vart kvotar gjevne til Portugiserar og Spanjolar , i bytte imot at dei kjøpte Canadisk korn, og som sendte ein armada med moderne fiskebåtar over til austkysten på Canada . Resultatet var at dei fiska tomt på få år og at det no er på 20ande året det har vore fiskestopp. Resultat gjeve seg sjøl, nedlagte fiskelandsbyar og elendighet og armod for dei folka som budde der.

Her til lands er det jo storkaksar som Røkke og likesinna som har sikra seg kvotar og som haustar av det som mange fleire skulle hauste av. Storkaksane i dei norske fiskeriene har jo gode forbindelser med korrupsjonskameratane heil inn i regjeringskontora, og kvotar og fiskerettar glir ut av kystbefolkninga og sjarkfiskerane sine hender. Fiskeripolitikken vert jo utforma av meir og mindre ukvalifiserte folk djupt inne i den norske hovedstad. Oppdrettsnæringa herskar uhindra i fjordane våre.. Dei lokale politikerane speler på lag (med noken hederlige unntak etterkvart) med forsøplerane . Avlatspengar drypp inn i slunkne kommunekassar. Alt er vel.. unntatt i fjordmiljøa ..her blir den lokale fisken fortrengd og forgifta ..rekene forsvinn. Kapitalen og dobbelmoralen rår.. Vi blir oppfordra til å tenka miljø, bruke sparepærer, kjøyra elektrisk eta økologisk..mens søppelmengda etter oppdretterane berre veks og veks..

Og no glipper snar arvesølvet ut av nevane på oss Eubiksane i Acer bukker og takker for at topp poltikerane våre som er valde inn av oss, korkje har evne eller IQ nok til å høyra på velgerane som har fått de dit de er idag..

Må kanskje vaske dei gule vestane og ha dei klare...For klare er eg...

Eit smart framlegg frå SV om å bruka Posten til nye oppgåver som tilsyn, levering av matvarer og medisiner til den stadig vaksande eldrebølja (reine tsunamien) som rullar inn over fedrelandet. Dei skal ikkje snubla i beina på autoriserte helsearbeiderar eller heimetenesten..men utføra andre og viktige tenester. Posten Norge er jo slanka og 20000 har mista jobben , grunnen er jo sjølsagt automatiseringa og digitaliseringa som har «ramma» oss. Men Posten er jo ein oppgåande organisasjon med flinke medarbeiderar . Det er noke trygt og godt med dei små raude firhjulstrekkerane med blide, hyggelige sjåførane i. Det er ein stab med politiattestane i orden og som er høgst oppegåande. Dei hadde sikkert klart biffen med å hjelpa ein aldrande befolkning med det eine og hitt. Ser for meg ein vinn vinn situasjon der dei eldre kan bu lengre heima under trygge tilhøve.

Land som Frankrike, Finnland, Nederland ..ja til og med Tyrkia brukar deira posttilsette til ulike oppgåver.

Og det er ikkje berre eldre som treng ein trygge kvardag og god service rund seg. Mange av oss er handikappa , bur i omsorgsboligar og har krav på hjelp frå storsamfunnet.. Skulle berre mangla.

Fy fader ein kjenner seg heldig når ein ..ein fredag og lørdags ettermiddag kan ut å treffa kompiser ute i garasjen til Geir . Ein garasje som er full av nye og gamle PA, mixsepultar , combiar, forsterkerar ,trommer , stativer og noken km med ledningar.

Kompisar som stort sett er godt vaksne karar , men også «konfirmantar» på rundt 40 .

Alle med forskjellig bakgrunn i musikk..men som har vore «hekta» i mange mange år

Noken har spelt til dans på gebrekkelege scenar på bygdehus, pubar, har jamma rusen av seg i seine nattetimar på fest. Andre har regjert på gutteromma og måtte skru ned når det var tid å få ungane til sengs. Og som no synes det er herlig å få spela med andre .

Så denne helga har vi kjøyrt noken mil, frå Haugesund, Sveio, Frette og Etne inn til Skjold , for å stemma gitarar, sette munnspelstativ rundt halsen, sette opp micar, rote leidnigar fram og plugge i ein mixsepult som ein flinke kompis og musiker har innvestert i og sett seg godt inn i bruken av. Som alltid er eit oppkomme av gode idear..som å mikke opp ein VOX ac 15 ute i lasterommet på ein mercedes...for å få den rette lyden på den gitaren. Ingen av oss er verdsmeistrar ..kun glade amatørar, men det vert spelt med hjerta ..og synge med magen. Då vert musikken brukbare...synes nå vi.

Med med mange timar i Geirs garasje så må ein ha mat..det fiksa Solf , ei store kjøttsuppepanne ein dag, den neste ei store panne risgraut..

Og resultatet, synes iallefall vi, vart heilt ok. Ennå må  det mykje arbeid til for å kunne legga resultata ut på Spotify og andre strømmestader..men det kjeme..det kjeme.

Synes TV serien Lykkeland som har vore vist på NRK er ein god serie. Den speglar vel tida som ho var den gongen. Fasinerande var det å følge med på Stavangerpolitikerane Retterdal og andre som hamla opp med utanlandske oljeselskap og berga framtidige inntekter og arbeidplassar. Det er ingen tvil om at Retterdal, Johnsen Evensen og co har la grunnlaget til pensjonsfondet og velstanden vår. Og eg tenker vidare at tenk om det var dagens politikerar ,Erna, Siv og Jens , med deira haldningar, som hadde styrt den gongen. Då hadde det nok vore rederane , slektningar og gode milliardærvener som hadde styrt kapitalstraumen rett ned i si eigen lomme. Eller kanskje enda verre, så hadde tyske, franske, belgiske og sveitsiske kapital og arbeidskraft vore rådane.

Det får vi aldri vite kan ein sei..men det er nærliggande å tenka slik når ein ser på kor havets og fjordane sine ressursjer er hamna, sia det nærast har vore fritt fram for oppdretterane , med dagens politikerar velsignelse , å forsøpla utan at dei samme politikerane løfter ein liten finger eingong.

I havet har jo båtkvotesystemet frå 90talet sikra at dei store trålereierane er blitt enno mange gonger større og kystbefolkingen med sine mindre sjarkar fråtatt kvotar..Skamlig.

Eg synes meste synd på dagens barn og ungdom som eingong skal øveta dette Lykkelandet som no har fått minus som fortegn..

Telefonen ringer..det er Redningsselskapet..om ikkje eg vil kjøpe ein kalender? Nei det vil eg ikkje , eg forklarer så godt eg kan at eg er medlem ..på 20ende året..har betalt inn mine 1000 kr for dette året ..aldri har eg fått /trengt slep, hjelp eller noko anna fra det selskapet, så vi lar det bli med det.

Nytter ikkje å være for snill idag...då har du ikkje nok til det daglige brød, iallefall ikkje som pensjonist. Over alt er det tigging på gang.. og ikkje er det berre noken som vil ha ein tier til ein kopp kaffi eller hundre til ein nødvendig øl..nei de vil ha mange..mange hundre kanskje tusner av kroner til sine heilt meir og mindre nyttige gjeremål. Og vi gjer og gjer heilt til dei store organisasjonane heilt til vi oppdager at dei går på børs med pengane ..eller salter de ned i banker eller at sjefane tar med seg madammene eller gubbane og drar på lange sydenferier..der dei ler seg ihel av godtruende ola dunk.. Jo visst gjer fruen og eg til barnebyar og har eit par fadderbarn..her får vi iallefall tilbakemeldingar og bilder med flotte ungar som ser ut til å ha det heilt ok. Til alt dette andre veit vi ikkje eit fnatt ka det har gått til..vi får håpe det beste.

Det siste no i tigging er hvis ein har gebursdag .. Då er det ikkje nok å sei gratulera gamle ørn...nei då må det vippsast til kreti og pletie ..lag og organisasjonar. Og så kjeme det fram på FB at her har det vore vippsing på gang frå Nils eller Tante Olga. Og vi tenker..Nils og Tante Olga er ikkje kjipe gitt..og dei har sikkert ein større bankonto og hjerte enn du har..Ikkje det at eg får dårlig samvet av den grunn..eg har jo mine faddebarn i Afrika, dei som smiler på bilde og helser opp til nord.

Og når ein eingong har fyllt såpass mange år at det er slutt på dette jordiske liv, så vil dei etterlatte heller at ein gjer pengar til organisasjonar og ikkje blomar til å pynta treboksen med . Litt stusselig det vel at ikkje ein einaste lilje og krans av bar skal slå følge med deg 6 feet under.

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.