Ikkje for å vera jæv... ...men det er jæv... nok det som hender rundt oss.. To store militæøvingar berre få steinkast frå kvarandre. Natos Trident Juncture med 50000 mann på
land i Midt- Norge og Ivan med prøveskyting av missiler utafor Mørekysten. Skal ikkje rare fantasien til for å skjøna at ein liten gneist kan føra til konfrontasjon med A- våpen lurande bak. Til og med styresmaktene
har skjøna det og ber oss kjøpa jod (!?) til å ha i hus. Eit sterkt verkemedel imot nedfall frå amerikanske eller russiske a-våpen. Trump vil jo skrote alle avtalar om nedrustning. Han har fått seg ein sterk konkurrent
til å komma med idiotiske ytringar og handlingar, eg siktar til nyvalde president i Brasil. Ein president ifrå ytterste høgre fløy og med rabiate meininga, berre slå han opp.
I Tyskland
går Merkel av... ka då i dette merkelege landet. Det lurer vel ein og annan brun jæv.. i kulissane klare til å ta makta og «forføra» folket igjen...har vore gjort før.
Nei det einaste som gjorde at denne morningen var verd å stå opp på, var at Odny Miljeteig is back in town og tek velgerar frå Høgre i Bergen som aldri før.
Og kanskje
gammalmannskristendommen taper på valet på landsmøte til Krf i helga..Ein veit aldri , vi kan nå ha håpet..