Dei færreste av oss går vel av vegen for ein liten fest, med god drikke til. Det gjere heller ikkje topp idrettsleierane og topp politikerane eller LO toppane våre heller. Skildnaden er at vi betaler
for vår fest sjøl, men det gjere ikkje dei sistnemde.
Vi har jo lest om Mr. Tvedt og gjengen som mesker seg med Don Perion og skamdyre, eldgamal wiskey på bordet i saman med idrettsjuntaen på
dei forskjellige arrangement rundt om. Og vi veit om at gode drinkane vert finansierte av ein masse frivillig arbeid, av loddselganede juniorar og foreldre, av tusenvis på tusenvis med timar av frivillig i arbeid.
I dei politiske kretsane vert inntaka finansierte av ein masse sugerøyr ned i felleskassen.. Og her vert størrelsen av sugerøyr bestemt av politikerane sjøl. Aftenposten fortalde at «partiet for folk flest» var
dei verste på dette området. Her renn alkeholen som friske fjellbekker når dei har sosialesamenkomster. Ikkje rart at dyden til unge framandstormande politikerar ligg dårlig an i saman med dei meir garva når promillen vipper over
2.
No er det gjeld LO toppane ,er det ei bok på trappene skreve av to som nok sikkert har vore med på «fri flyt» av drinkar på festane, men som nok har fått såpass dårleg
samvet at dei har skreve ei bok om fenomenet. Dette er nok trist lesnad for oss som har hatt fagforeningstrekk på lønnsetelen i mange og førti år.