Telefonen ringer..det er Redningsselskapet..om ikkje eg vil kjøpe ein kalender? Nei det vil eg ikkje , eg forklarer så godt eg kan at eg er medlem ..på 20ende året..har betalt inn mine 1000 kr
for dette året ..aldri har eg fått /trengt slep, hjelp eller noko anna fra det selskapet, så vi lar det bli med det.
Nytter ikkje å være for snill idag...då har du ikkje nok
til det daglige brød, iallefall ikkje som pensjonist. Over alt er det tigging på gang.. og ikkje er det berre noken som vil ha ein tier til ein kopp kaffi eller hundre til ein nødvendig øl..nei de vil ha mange..mange hundre kanskje
tusner av kroner til sine heilt meir og mindre nyttige gjeremål. Og vi gjer og gjer heilt til dei store organisasjonane heilt til vi oppdager at dei går på børs med pengane ..eller salter de ned i banker eller at sjefane tar med seg
madammene eller gubbane og drar på lange sydenferier..der dei ler seg ihel av godtruende ola dunk.. Jo visst gjer fruen og eg til barnebyar og har eit par fadderbarn..her får vi iallefall tilbakemeldingar og bilder med flotte ungar som ser ut til
å ha det heilt ok. Til alt dette andre veit vi ikkje eit fnatt ka det har gått til..vi får håpe det beste.
Det siste no i tigging er hvis ein har gebursdag .. Då er det ikkje nok
å sei gratulera gamle ørn...nei då må det vippsast til kreti og pletie ..lag og organisasjonar. Og så kjeme det fram på FB at her har det vore vippsing på gang frå Nils eller Tante Olga. Og vi tenker..Nils og
Tante Olga er ikkje kjipe gitt..og dei har sikkert ein større bankonto og hjerte enn du har..Ikkje det at eg får dårlig samvet av den grunn..eg har jo mine faddebarn i Afrika, dei som smiler på bilde og helser opp til nord.
Og når ein eingong har fyllt såpass mange år at det er slutt på dette jordiske liv, så vil dei etterlatte heller at ein gjer pengar til organisasjonar og ikkje blomar til å pynta treboksen
med . Litt stusselig det vel at ikkje ein einaste lilje og krans av bar skal slå følge med deg 6 feet under.