At bestemmande politikerar i eit land ikkje les historie og har sett seg inni ka som hender når storkapital skal drifta eit lands ressursjer veit vi. I denne tida når Støre og Erna nesten slåss
om kem som er flinkaste til å gje vekk våre ressursjer så forstår ein at dei aldri har sett seg inn i ka små land som Irland må ha blødd når dei vart med i EU. Dei vart med i EU (EF) i 73. Då fekk dei
(kort fortald) ein pakke til landbruket imot at dei avsto frå sine eigne fiskeområde (dei fekk behalda 4%) . Storkaksane i Brussel skalta og valta med og i Irlands fiskeområder. Supertrålerar frå EU auser opp fisken. På
kysten til Irland daua fiskesamfunna ut ..Den ein fiskelandsbyen etter den andre vart lagt brakk fordi dei ikkje fekk drifta det fiske som dei hadde gjort i 1000vis av år , sjøl.
På andre sida
av Atlanteren i Canada var det biksane i Ottawa (som vel ligg midt i landet) som overtok råderetten av fiskeriene. Då vart kvotar gjevne til Portugiserar og Spanjolar , i bytte imot at dei kjøpte Canadisk korn, og som sendte ein armada med
moderne fiskebåtar over til austkysten på Canada . Resultatet var at dei fiska tomt på få år og at det no er på 20ande året det har vore fiskestopp. Resultat gjeve seg sjøl, nedlagte fiskelandsbyar og elendighet
og armod for dei folka som budde der.
Her til lands er det jo storkaksar som Røkke og likesinna som har sikra seg kvotar og som haustar av det som mange fleire skulle hauste av. Storkaksane i dei norske
fiskeriene har jo gode forbindelser med korrupsjonskameratane heil inn i regjeringskontora, og kvotar og fiskerettar glir ut av kystbefolkninga og sjarkfiskerane sine hender. Fiskeripolitikken vert jo utforma av meir og mindre ukvalifiserte folk djupt inne
i den norske hovedstad. Oppdrettsnæringa herskar uhindra i fjordane våre.. Dei lokale politikerane speler på lag (med noken hederlige unntak etterkvart) med forsøplerane . Avlatspengar drypp inn i slunkne kommunekassar. Alt er vel..
unntatt i fjordmiljøa ..her blir den lokale fisken fortrengd og forgifta ..rekene forsvinn. Kapitalen og dobbelmoralen rår.. Vi blir oppfordra til å tenka miljø, bruke sparepærer, kjøyra elektrisk eta økologisk..mens
søppelmengda etter oppdretterane berre veks og veks..
Og no glipper snar arvesølvet ut av nevane på oss Eubiksane i Acer bukker og takker for at topp poltikerane våre som er valde inn
av oss, korkje har evne eller IQ nok til å høyra på velgerane som har fått de dit de er idag..
Må kanskje vaske dei gule vestane og ha dei klare...For klare er eg...