Blogg

I dag sakse eg frå lesarinnlegget til Eric Brinchmann i HA igår. Det er vel ikkje alle som abbonere på Haugesunds Avis..så derfor håper eg å få fram noken punkter av dette glimrande innlegget.

Han skriv at han er forbanna og beskrive dei områda som er planlagde for vindkraft..det er omtrent heile kysten frå Arendal og opp til den russiske grensa. Unnataket er naturparker, verneområde og områdene rundt Oslo og Bergen (!) Det er vel der vindkraftlobbyen, OED, miljøorganisasjonane som Zero , Norwea, NVE...toppane bur. (Dei vil vel ikkje ha desse kolossane i utsikta si frå dei åsane som dei sjøl bur på. Ka resten av landet får å plages med er dei revnande likegjyldig..min annm).

Scenarioet er at om 46Twh planlagt vindkraft vert byggd ut så krev det 2000km2 planareal..Like stort som Vestfold fylke. Vindkraftannlegga vil kunne innebæra 1000 kvadrat km2 nedbygging av urørt natur i den norske hei og fjell landskap. I tillegg kjeme det 850 m veg pr vindturbin. Influensområde vil ifølge Miljødirektoratet gjennomsnittstall vera 48000 km2 (Førtiåttetusen..like stort som Finnmark fylke ) Det blir 3300km veier, tilsvarande 2ganger Oslo-Nordkapp med inngrepsbredde 10 – 20 m gjennom sårbart, urørt landskap. Og alt dette for at vindkraftverk skal stå i 25 år , berre eit øyblunk i naturens historie..

Og alt dette for at dei øvenemde organisasjonane pressar på for å bygga ut vindkraft fordi vi skal «redda» verda..iallefall Europa. Export av meir kraft er svaret , fleire kablar til utlandet under påskudd av det grøne skiftet. Exportere vi 20Twh, så utgjere det 6promille av Europas 3500Twa forbruk. Ein av dei fantastiske påstandane til Norwea ( vindkraftindustriens lobbyorganisasjon) er at vindindustriannlegga er godt for turismen (!?) Reiselivet i Norge meiner nok noke heilt anna.

Brinchmann skriv jo også om bløffen frå kraftindustrien som vi alle veit at krftprisen for oss her heima er gått skyhigh..

Dei overnemde organisasjonane snakker jo om ein klimadugnad...for ein bløff (min annmerkning)

For min del så ser eg jo at kapitalkreftene som står bak lakseoppdrettsannlegga er i ferd med å øydelegga alt miljø inne i fjordane..og no er det fjellheimen og kystlandskapet som står for tur.

Husker dei flotte aktivistane i Stilla i slutten av 70talet ,.dei som fekk kongeriket til å slutta med å storutbygginga av elvane våre.. (ei stund).

Norge..Europas grønne lunge...Kyss meg ein visse plass..

 

Har alltid tenkt at eg har hatt ein meget god barndom. Slapp å gå i barnehage (berre det ordet var vel ikkje oppfunnet, på den tida, her vest), mor mi var heimeverande husmor pluss at ho jobba heimate. Ho var ei god føresatt, eg lærte alle viser og sangar som ho kunne før eg var 2år. For å kunne lesa Donald Duck måtte eg læra å lesa då eg var 4, (var jo ikkje alltid mutteren hadde tid til å lesa høgt heller). Dermed begynnte eg tidleg å lesa dei klassiske barne og evetyrbøker som var. Men heile tida hadde vi tid til å vera ute å leika. Om vinteren godt innpakka i omsydde klær og beksøm , hvis det var snø var alltid ski, skøyter og rattkjelker med. Kompisene var aldri langt unna , Inge banka gjerne på døra rett før 9..då var det ut ..full fart. Foreldrene mine var også fjellfolk og hvis vi ikkje var på Leknesnepo på søndagen var vi i Havnaklubben på soling og bading, Alltid var kaffibålet der tent og fiskestanga ofte i bruk. Og..vi slapp og begynne på skulen før vi var 7. Men der var det heldigvis masse utetimar med kanonball og slåball..så det var levelig for rastlause kropper..

Synes det er trist i dag at vi skjelden ser ungar ute i leik.. Ikkje er det vel ungane sin feil..dei har det vel i blodet..Tidlig om morningane er det rett ned i barnehagen og der blir de til foreldrene henter de kanskje etter kl 4. Ok dei er jo ute i barnehagane, innafor gjerde , og dei ansette gjere så godt de kan med å aktivere de.. Foreldrene er fanga i den berømmelige tidsklemma, med dei krav som er i tida....

Når ungane er 5 eller nettopp fyllt 6 så er det å starte i første klasse. Krava vert tredd nedover hovudet på de så det er å sitta konsentrerte over ipaden ..lite timar blir det ute Har lest om barneskulelærerar som nesten føle seg som forbryterar når dei gjer ungane ein utetime..For krava er der.. Ungane våre konkurrere med andre skandinaviske land, ja EU og sjølsagt om kor flinke de er ..kor langt de er kommt etter visse normer. Når ungane kjeme heim, ofte langt utpå ettermiddagen , dei har jo gjerne vore på SFO, så er det lekser...ofte mykje lekser. Normene for læring er gjerne sett opp etter amisiøse politikerear. Politikerar som slett ikkje synes det er trist å ikkje sjå eit einaste skispor ute på snøkledde bakker og lier i vinterNorge.. Som ikkje synes det er trist at ein aldri høyre mødre lenger, mødre som roper , gjerne etter kl1900 at: «No må dokker komme inn å spisa , dokker har jo vore ute å leika i heile ettermiddag.».

Det stikke i eit gamalt kraftarbeiders hjerta når ein høyre at straumprisen er så høge, at gamle som lever på minstepensjon, har store problem med å kunne betale for seg. Det som burde væra ein gode for oss, alle ,er redusert til eit eineståande profittjag frå kraftselskap og myndigheter. Kraftselskap som har så til de grader har vakse ut av den rolla å vera samfunnstøtter og å forvalta det vi alle eigentleg eig til å verta hardt beregnande profittjagerar. Og så har vi myndighetene som griske avgittsbelegg «godene» og som tilslutt hive på momsen oppå . Men som sleipe og falske forklare at det er jo ikkje opp til dei...det er jo produsentane, altså kraftselskapa som står bak. Og med nye målerar på plass kan kraftselskap produsera når prisen er høgast. Sølvet vårt er så til dei grader havna blant gribber..for dette er ikkje nok..nye utelandskabler venter på å bli byggd...meir penger..meir penger, kraftselskap og myndigheter får visstnok aldri nok, skit i minstepensjonistar..ja alle..det er pengane som tel.

Før i tida ..på jobb som kraftarbeider ,ute eller på driftsesentral kunne ein liksom kjenna at ein var heldig som forvalta noke for A/S Norge. Kver mandag då det var vannmåling av vannmagasina kunne vi vasse i nysnø opp mot fjellet der vi såg vinden herja på toppane. Vi spente på oss skia gjekk inn i rokket , gjekk øve islagde vatn, forsiktig..for var vatna mykje nedtappa kunne vi detta 1,5 m ned til neste islag. Vi skulle eigentlig være 2 ilag, men vi delte oss ,var unge og ville korte inn på arbeidsdagen. Hadde ofte hund med for den fann som regel fram når været var for jævlig og snøen gjøymde skispora bak deg. Om vi kunne vente til tirsdagen med å gå hvis været var for dårlig? Nei. Det var ikkje veg opp til fjellet på den tida og snøscoterar fekk vi ikkje før seint 80tall.

Etterkvert kom det jo teknologi for å måle magasinene..og vi kunne lese vannstand på ei tavle i stasjonen. Når haust og vinterstormane slo til var vi klare med utstyr for å rette feil, og det måtte gjerast no... ..straumen måtte på att med ein gong. Alt tilgjengelig mannskap måtte ut samme om det regna vannrett, og du fekk nesten ikkje puste i stormen. Dette siste blir gjort den dag i dag. På driftsentral har eg på ett skift , under tordenvær og storm , mottatt over 400feilmeldinger for publikum . Det måtte prioriteres kem som var viktigaste å få strømmen fram til først. Sikkerhet for mannskap er/var viktig men ein stolte på kvarandre og det gjekk stort sett bra..ingen låg igjen på valplassen og det var få skader. Må flira litt når eg ser «dramatiske» scener av bilbergere på tv. Gutta boys i kraftselskapa burde hatt med seg team frå Discovery med seg jobb når det gjekk hardast for seg..Det var dramatikk så det holder.

Men iallefall så var det med ei viss stolthet at vi jobba i det som etterkvart heiter Haugaland Kraft no. Vi likte å tru at det vi gjorde , om vi sjølsagt hadde det til levebrød, var til gode for felleskapet i gamle Norge. Hadde eg jobba der i dag så trur eg gløden hadde tapt seg , eg hadde nok lagt meg i selen for at publikum skulle fått straumen tilbake...men ikkje for at arbeidsgjevar skulle fått ei fjør i hatten.

Eg kvakk til i dag morges..for då var det ein høgremann, i radioen , som slo frampå..igjen..at no måtte den planlagde nye europavegen mellom Bakka og Solheim inn på Norsk vegplan. Eg begynne å lura..er det snart val?..men det er det eigenleg ikkje. Og denne europavegstubben som kommunane har godkjennt traseeval til..i 2015. Dengang var det jo ein bulldoser av ein samferdselminister som satt i høgsete. Ein av dei som iallefall Frpere forguda og såg opp til som..akkurat ein liten Gud. Men det er slik med gudar flest..dei er litt oppblåste og er ikkje heilt til å stola på.. så også denne. Jodå han var ein god samferdselminister for dei på det lokale austland og dei i dei store byane..her vart det planlagt og lagt til rette for flotte 2 og firefeltsvegar. Litt bismak er det då for hovedstaden nesten ikkje slepp innpå seg bilar som det luktar fossilt brennstoff av og at bomstasjonane vaks opp som haggel .  Her er det berre dei kjøyretøy som det ikkje vert betalt moms på..som blir godtatte. Men dei betaler jo ikkje inn til felleskapet..men det er det jo gode planer om no..det blir jo sjølsagt gps styrt slik at vi..som har 50årsgamalt vegnett å boltra oss på, skal kunne være med å betale for stasen..såklart. By og (eit utarma land) hand i hand.

Våre lokale politikerar er så knuga under partipisken at dei knapp tore å trekka pusten. Fleire nihala pisker smell i lufta frå fylke og stat og gjere at våre lokale politikerar går pent i tømmane.. Tilbakemeldinga vår til den friske høgremannen som ville sjå i nåde til oss må bli : Rolig..vi har høyrt det før...alt saman..og vi trur ikkje på det.

Har alltid likt Gunhild Stordalen.. Er jo ein slags eventyrprinsessa. Ei som gifta seg med kongen og fekk halve kongeriket attpå. Men som har trødd ut av kongens skugge og som har sett døden i kvitauge og som har vunne den kampen . Klart at ho har hatt tilgong til det beste av det beste i medisinering som kan kjøpast for pengar . Som ei kreftsjuke vi snakka med i helga , som hadde kreft med spredning. Eg har vore heldig sa ho og fått tak i den «nye medisinen» sa ho og klarer meg bra..ennå. Kor lenge ho fekk tak i denne nye medisinen visste ho ikkje. Ho fortalde om andre kreftramma som måtte setta hus og heim ipant for å få tak i denne «nye medisinen». Det sleppe Fru Stordalen.. her er det berre å hoppa på privatflyet og det er bana veg til dei beste klinikkane her i verda..der stamceller og andre banebrytane medisinering ventar. Alt dette er vel og bra for den vakre dama og vi unner ho det. Det gjere sikkert dei andre..dei med spredning også..enn så gjerna dei ønsker at dett var ting dei også kunne nytta seg av. Iallefall at dei slapp å sloss med staten for å få tak i dei «nye medisinane»..dei som forlenga livet med månader..

Gunhild er jo også nå blitt ei slags koshaldsguru..ei som fortel oss ka vi skal eta og kor mykje gram av kvar. Vi har hatt mange slike ..spesiellt har dei poppa opp etter jula då vi stinne av pinnakjøtt er motakelige for alt..alt som har med gode kosthaldsvaner å gjera. Men Gunhild er ingen lettvektar i gode kosthaldsråd..ho vil frelse ein heile verden til eit bedre kosthald ..Og bak henne står det svære krefter ..folk og firma med kapital og pondus..i verdsklasse. Desse ser nok vi arme kjøttetande mennesker skal følge deira råd og la oss leia inn i frelse. Det blir det milliardar av...og makt...til dei.

Så om Gunhild er vakker som ein augustkveld på Romsa...så har ho mista litt av auraen ho hadde rundt seg..i mine auger.

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.