Eit smart framlegg frå SV om å bruka Posten til nye oppgåver som tilsyn, levering av matvarer og medisiner til den stadig vaksande eldrebølja (reine tsunamien) som rullar inn over fedrelandet.
Dei skal ikkje snubla i beina på autoriserte helsearbeiderar eller heimetenesten..men utføra andre og viktige tenester. Posten Norge er jo slanka og 20000 har mista jobben , grunnen er jo sjølsagt automatiseringa og digitaliseringa som
har «ramma» oss. Men Posten er jo ein oppgåande organisasjon med flinke medarbeiderar . Det er noke trygt og godt med dei små raude firhjulstrekkerane med blide, hyggelige sjåførane i. Det er ein stab med politiattestane
i orden og som er høgst oppegåande. Dei hadde sikkert klart biffen med å hjelpa ein aldrande befolkning med det eine og hitt. Ser for meg ein vinn vinn situasjon der dei eldre kan bu lengre heima under trygge tilhøve.
Land som Frankrike, Finnland, Nederland ..ja til og med Tyrkia brukar deira posttilsette til ulike oppgåver.
Og det er ikkje berre eldre som treng ein trygge kvardag og
god service rund seg. Mange av oss er handikappa , bur i omsorgsboligar og har krav på hjelp frå storsamfunnet.. Skulle berre mangla.