Eg kvakk til i dag morges..for då var det ein høgremann, i radioen , som slo frampå..igjen..at no måtte den planlagde nye europavegen mellom Bakka og Solheim inn på Norsk vegplan. Eg begynne
å lura..er det snart val?..men det er det eigenleg ikkje. Og denne europavegstubben som kommunane har godkjennt traseeval til..i 2015. Dengang var det jo ein bulldoser av ein samferdselminister som satt i høgsete. Ein av dei som iallefall Frpere
forguda og såg opp til som..akkurat ein liten Gud. Men det er slik med gudar flest..dei er litt oppblåste og er ikkje heilt til å stola på.. så også denne. Jodå han var ein god samferdselminister for dei på det
lokale austland og dei i dei store byane..her vart det planlagt og lagt til rette for flotte 2 og firefeltsvegar. Litt bismak er det då for hovedstaden nesten ikkje slepp innpå seg bilar som det luktar fossilt brennstoff av og at bomstasjonane
vaks opp som haggel . Her er det berre dei kjøyretøy som det ikkje vert betalt moms på..som blir godtatte. Men dei betaler jo ikkje inn til felleskapet..men det er det jo gode planer om no..det blir jo sjølsagt gps styrt slik
at vi..som har 50årsgamalt vegnett å boltra oss på, skal kunne være med å betale for stasen..såklart. By og (eit utarma land) hand i hand.
Våre lokale politikerar er så
knuga under partipisken at dei knapp tore å trekka pusten. Fleire nihala pisker smell i lufta frå fylke og stat og gjere at våre lokale politikerar går pent i tømmane.. Tilbakemeldinga vår til den friske høgremannen
som ville sjå i nåde til oss må bli : Rolig..vi har høyrt det før...alt saman..og vi trur ikkje på det.