Det stikke i eit gamalt kraftarbeiders hjerta når ein høyre at straumprisen er så høge, at gamle som lever på minstepensjon, har store problem med å kunne betale for seg. Det som
burde væra ein gode for oss, alle ,er redusert til eit eineståande profittjag frå kraftselskap og myndigheter. Kraftselskap som har så til de grader har vakse ut av den rolla å vera samfunnstøtter og å forvalta det
vi alle eigentleg eig til å verta hardt beregnande profittjagerar. Og så har vi myndighetene som griske avgittsbelegg «godene» og som tilslutt hive på momsen oppå . Men som sleipe og falske forklare at det er jo ikkje opp
til dei...det er jo produsentane, altså kraftselskapa som står bak. Og med nye målerar på plass kan kraftselskap produsera når prisen er høgast. Sølvet vårt er så til dei grader havna blant gribber..for
dette er ikkje nok..nye utelandskabler venter på å bli byggd...meir penger..meir penger, kraftselskap og myndigheter får visstnok aldri nok, skit i minstepensjonistar..ja alle..det er pengane som tel.
Før i tida ..på jobb som kraftarbeider ,ute eller på driftsesentral kunne ein liksom kjenna at ein var heldig som forvalta noke for A/S Norge. Kver mandag då det var vannmåling av vannmagasina kunne vi vasse i nysnø
opp mot fjellet der vi såg vinden herja på toppane. Vi spente på oss skia gjekk inn i rokket , gjekk øve islagde vatn, forsiktig..for var vatna mykje nedtappa kunne vi detta 1,5 m ned til neste islag. Vi skulle eigentlig være
2 ilag, men vi delte oss ,var unge og ville korte inn på arbeidsdagen. Hadde ofte hund med for den fann som regel fram når været var for jævlig og snøen gjøymde skispora bak deg. Om vi kunne vente til tirsdagen med å
gå hvis været var for dårlig? Nei. Det var ikkje veg opp til fjellet på den tida og snøscoterar fekk vi ikkje før seint 80tall.
Etterkvert kom det jo teknologi for å
måle magasinene..og vi kunne lese vannstand på ei tavle i stasjonen. Når haust og vinterstormane slo til var vi klare med utstyr for å rette feil, og det måtte gjerast no... ..straumen måtte på att med ein gong. Alt
tilgjengelig mannskap måtte ut samme om det regna vannrett, og du fekk nesten ikkje puste i stormen. Dette siste blir gjort den dag i dag. På driftsentral har eg på ett skift , under tordenvær og storm , mottatt over 400feilmeldinger
for publikum . Det måtte prioriteres kem som var viktigaste å få strømmen fram til først. Sikkerhet for mannskap er/var viktig men ein stolte på kvarandre og det gjekk stort sett bra..ingen låg igjen på valplassen
og det var få skader. Må flira litt når eg ser «dramatiske» scener av bilbergere på tv. Gutta boys i kraftselskapa burde hatt med seg team frå Discovery med seg jobb når det gjekk hardast for seg..Det var dramatikk
så det holder.
Men iallefall så var det med ei viss stolthet at vi jobba i det som etterkvart heiter Haugaland Kraft no. Vi likte å tru at det vi gjorde , om vi sjølsagt hadde det til levebrød,
var til gode for felleskapet i gamle Norge. Hadde eg jobba der i dag så trur eg gløden hadde tapt seg , eg hadde nok lagt meg i selen for at publikum skulle fått straumen tilbake...men ikkje for at arbeidsgjevar skulle fått ei fjør
i hatten.