Blogg

Har alltid tenkt at eg har hatt ein meget god barndom. Slapp å gå i barnehage (berre det ordet var vel ikkje oppfunnet, på den tida, her vest), mor mi var heimeverande husmor pluss at ho jobba heimate. Ho var ei god føresatt, eg lærte alle viser og sangar som ho kunne før eg var 2år. For å kunne lesa Donald Duck måtte eg læra å lesa då eg var 4, (var jo ikkje alltid mutteren hadde tid til å lesa høgt heller). Dermed begynnte eg tidleg å lesa dei klassiske barne og evetyrbøker som var. Men heile tida hadde vi tid til å vera ute å leika. Om vinteren godt innpakka i omsydde klær og beksøm , hvis det var snø var alltid ski, skøyter og rattkjelker med. Kompisene var aldri langt unna , Inge banka gjerne på døra rett før 9..då var det ut ..full fart. Foreldrene mine var også fjellfolk og hvis vi ikkje var på Leknesnepo på søndagen var vi i Havnaklubben på soling og bading, Alltid var kaffibålet der tent og fiskestanga ofte i bruk. Og..vi slapp og begynne på skulen før vi var 7. Men der var det heldigvis masse utetimar med kanonball og slåball..så det var levelig for rastlause kropper..

Synes det er trist i dag at vi skjelden ser ungar ute i leik.. Ikkje er det vel ungane sin feil..dei har det vel i blodet..Tidlig om morningane er det rett ned i barnehagen og der blir de til foreldrene henter de kanskje etter kl 4. Ok dei er jo ute i barnehagane, innafor gjerde , og dei ansette gjere så godt de kan med å aktivere de.. Foreldrene er fanga i den berømmelige tidsklemma, med dei krav som er i tida....

Når ungane er 5 eller nettopp fyllt 6 så er det å starte i første klasse. Krava vert tredd nedover hovudet på de så det er å sitta konsentrerte over ipaden ..lite timar blir det ute Har lest om barneskulelærerar som nesten føle seg som forbryterar når dei gjer ungane ein utetime..For krava er der.. Ungane våre konkurrere med andre skandinaviske land, ja EU og sjølsagt om kor flinke de er ..kor langt de er kommt etter visse normer. Når ungane kjeme heim, ofte langt utpå ettermiddagen , dei har jo gjerne vore på SFO, så er det lekser...ofte mykje lekser. Normene for læring er gjerne sett opp etter amisiøse politikerear. Politikerar som slett ikkje synes det er trist å ikkje sjå eit einaste skispor ute på snøkledde bakker og lier i vinterNorge.. Som ikkje synes det er trist at ein aldri høyre mødre lenger, mødre som roper , gjerne etter kl1900 at: «No må dokker komme inn å spisa , dokker har jo vore ute å leika i heile ettermiddag.».

| Svar

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.