Vi burde ha kunne stolt på politikerane våre . Stolt på at dei sto for det dei gjekk inn i valkampane med..Stolt på at dei helt det dei lova..Stolt på at dei vart valde inn for å tena
folket. Gjera det som som var velgerane sin vilje. Ikkje vika ein tomme i det å vera rettferdige og det at dei hadde gort det beste for A/S Norge. Men ka opplever vi ..at dagen etter at dei sit trygt på tinget eller på eit fylkestingsete
så er det heilt andre reglar som gjeld Gløymt er velgermassen som har løfta dei opp og fram...gløymt er dei gode fortsetter . For no gjeld det å grafsa til seg. Gå etter sine eigne kompasspiler ,om politiske magnetfelt
var heilt misvisande. Å justera kompasset etterkvert vart gløymd. Dei var inne i denne merkelege «varmen» der det gjeld å tråkla seg med heile meg og mitt...fram. Kvart 4dje år var det å stå på stand
og messa fram nye fantastiske muligheter for folket. Muligheter som dei og vi,velgerane, innst inne visste var berre svada. Og , vi,..velgermassen har ein barndoms «skavank» det at vi trur på folk.....gong etter gong. Så gjentar historia
seg sjøl . Det hjelper å vise fjeset sitt på dagsnytt 18 eller kanskje til og med i dei store debattane på TV. Då er du verkeleg inne i «varmen» og ein fylkesmannjobb eller kanskje endå bedre ein jobb som smørar
i EU hierarkiet vinkar i det fjerne... Her havner du i det ypperste sjefsregulativet og hvis du bur i nærleiken av Brussel så vanker det kanskje ein limmo med eigen sjåfør utafor teakporten. Har du ikkje vist fjeset ditt så mykje
så er det alltids ein mulighet og to og tre.. Mange styrer skal fylles opp rundt om og dei gode forbindelser med businessfolk som har klødd deg ,og som du har klødd igjen ,..finnes. Og hvis det glepper der så har du alltds First House...med
korridoryttere og andre sleipinger.
Det er nok ein og annan i det politiske miljøet som kan føle seg trakka på av ein slik beskrivelse , og til dei seier eg unnskyld , for eg veit det er rettskafne
folk i desse miljøa også..Men eg er redd dei blir ferre og ferre.
Eg og sikkert mange med meg er lei av alle leddlause politikerar som ikkje kan gjera det dei er valde til nemlig å tena folket
(Erik Bye har forklart dette mange gonger for oss) . Ka som skal til for at vi skal få rettskafne politikerar som jobbar for det som vert lovde velgerane :
-
Først av alt så burde tida
som ein politikerar har til sitt virke ikkje overstiga 8 år. Etter endt gjerning ,var det attende til yrke som han hadde før sitt politiske liv. Å gå til ein silkejobb etterpå, i eit firma som han kanskje hadde begunstiga medan
han var poltiker ville blitt sett på som rein korrupsjon. Samme som sjølsagt alt som «lukta svidd» medan han var politiker. Freks slike ting som vår finansminister har snoka til seg..billige hytte for å eige eller leige.
Allt som lukte av korrupsjon vart slått nedpå med raudt kort og til sorti for den det gjalt.På pluss sida var det at ein politiker på topplanet fekk såpass godt betalt at slike stunt ikkje eingong frista.
-
Det er sikkert mange gode forslag der ute som må gjennomføras til at vi kan få trua på våre politikerar igjen. Men her er det langt fram. Slik som det er no er det rett og slett å gråte
av og vårt demokrati er i fare.