«Rocken er død»...utsagnet kom i eit radioprogram nylig. Den som vart interjuva var ein unge trendy fyr som visstnok var ein spiss i eit ungt framstormande musikkmiljø. Eg sokk ned i ein djupe
stol og kjende at ein harde depresjon var rett rundt hjørna. Fyren i radioen prata om Djar og om å laga musikk med masse skjermar og dataprogram rundt seg....på guttarommet. Det sokk i meg og eg tenkte på dataprogram som kunne gjere
det ein ville med stemma si.. Om ikkje den høyrdes ut som Sprengsteen, eller Elvis, så kunne den iallefall høyres ut som heltane på VG lista.. Og tenkte vidare at no var den gyldne tida slutt..vekk med rørforsterkerar som VOX
og Fender, vekk med Telecasterar, Stratocasterar, Les Paular, B3, Shure, Tama, Ludvik, Zildjam...og..og. No var det inn med Djar som fiksa det meste med programmering og all musikken rann utover ei hylle som det sto muzak på.
Depresjonen vart djupare og djupare og nærma seg eit stort svart hol...heilt til eg oppfanga at den unge trendye fyren begynnte å halta litt i sine framtidsvyer.. Han begynnte rett og slett og ro.. Han rodde seg
forsiktig inn igjen med å sei at det var nå ikkje heilt sikkert det vart slik . Han tok namn som Foo Fighters, Muse , til og med prisvinnar Dylan i sin unge munn og innrømma at dei vel hadde livets rett..
Eg kjente at depresjonen langsomt slapp taket.