Blogg

Vi les om om ei verd som vert hardare og hardare. Vi les om knuffing og slåsskampar som utviklar seg og at den nedslagne part ikkje vert hjelp opp igjen, men vert kanskje sparka og knust mens han eller ho ligge nede. Og vi trur at dette er eit fenomen i visse kretsar, visse gjengar, i harde miljø.. Feil..dette hender i dei «beste» miljøa. Som i ein artikkel i HA som står i dagens avis. Dette miljøet består av landets mest utdanna folk, legar, økonomar , folk som skulle vera såpass beleste og ha såpass oppi topplokket at dei hadde empati med sine medmenneske..Feil..dei er dei verste.

Artikkelen beskriv kort fortalt eit ungt par som kjeme til sjukehuset med sin nyfødde. Den nyfødde har blemmer på baken. Mor og far vil at legen skal ta prøvar. Dette blir avfeid av legen..intet galt med barnet. Mor og far maser , er redde..men nei. Så skjer det fatale, eller det har allereide skjedd , barnet har fått eit slags herpes. Utan behandling utvikler dette seg til ein øydeleggande hjernehinnebetennelse for barnet. Barnet får hjerneskade og blir 100% pleietrengande. Ein vanvittig tid starter for den unge familien...ei vanvittig tid som har vart i 6 år ..til no. De må ikkje berre kjempa imot dette forferdelige som har skjedd, de må kjempa i mot sjukehuset ,Haugesunds Sjukehus.. Etter kvert så får dei ei erstatning på vel 9mill.. 9 mill for eit tapt liv er faen ikkje mykje. Men det som verre er det at sjukehusleiinga slår ut piggane, dei har ikkje gjort noke som ikkje tålte dagsens ljos. Dei skyver ansvaret for sein behandling over på foreldrene som ikkje ga tidsnok beskjed. Noke som i ettertid vart avslørt som rein løgn. Når de ikkje fekk gjennomslag her så kasta dei ut fleire bekrymingsmeldingar til Barnevernet om at mor hadde snev av Asbergersjukdom og ikkje var skikka som mor. Noko som etter vart afeid av,for eingong skuld eit oppegåande barnevern.

Ein slik feil som legen gjorde, med å unnlate å ta tidlige prøver av blemmene og dermed ha kunne oppdaga denne sjukdommen i tide , slik at dei kunne ha starta behandlinga og guttungen kunne vore like frisk som du og meg. Ein slik feil er vel menneskelig, men å oppføra seg slik som sjukehuset gjorde i ettertid ..det er er på linje og kanskje verre enn det å bli sparka i ein slåsskamp når du ligg nede. Å få unnskyldning satt meget langt inne og «trolla» på sjukehuset slår sjølsagt ring om kverandre og prøver å tie dette ihel.. Ingen får påtale ..ingen blir straffa..den lille familien kan seile sin eigen sjø..Eg blir så innihelsikes forbanna når eg les om slike «troll» og oppførselen deira...

| Svar

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.