Interessant artikkel om det å le i KK idag . Artikkelen er sjølsagt krydra med utsagn som berømte forfatterar , fancye universitet har tenkt, sagt og funne ut om emne. Det reint fysiske om kva som
hender når vi spontant spruter ut i latter...den som kjeme frå hjerta. Den som aktivisere musklar i fjeset. Vi har hatt ,før i verda ,narrane og klovnane til å setja igong prosessen. Men den viktigaste er vel det som hender i daglivet,
artige situasjonar som får oss til å le spontant og godt. Og så er det sunt ..vi slapper av, stresse ned. Noken glupe har funne ut at 20sek med latter skal kunne gjera lungene våre like godt som 3min på ei romaskin.
Alle synes det er hærlig med ein god latter..sist lørdag var vi på HOB og høyrde ma på Arne Torget..lo så eg holdt på å detta av stolen. Mange mellom oss har ei nådegåve
med å kunne fortelle ..gode vitsar, gode historiar. Har opplevd å vera på eit nachspiel der to stk fortalte vitsar heila tida , heile natta, ..utan å gjenta seg sjøl..fantastisk . Hadde så vondt i magen etterpå at
eg knappt kunne gå..
Dei seier at eit barn ler over 300 gonger om dagen, men at vaksne ler berre 15 gonger. Når eg tenker etter så trur eg at eg har bevart barnet i meg, eller er det berre at
eg har eit uvanlig godt humør (stort sett.). for berre i dag før kl 0900 må eg ha passert gjennomsnitt for vaksne. Og i går på øving med musikk kompiser , hadde vi nesten gjennomsnittet inne, på dei 2,5t vi var
ilag. Men så skal det og seiast at der er det ingen i det laget som trekker gjennomsnittet nedover. For der ute, i den tøffe kvardagsverda , er det alltid folk som trekker humøret nedøve. Dei folka har eg så godt eg kan ,styrt
klar....hater sure og bereknande folk..men det gjere vi vel alle.
Og som regel så bruker Solf. og å stella med lungene våre iallefall som ei 3 min på romaskina gjere....og det er før
vi står opp av senga på morningen...stikk den.