Om sommaren skal vi vera romslege ovanfor våre besøkande, enten dei no kjeme med bil med EU flagg i skiltet, eller freks sighseeingbusspassasjerar frå svære turistcruiserar..
Vi skal vera snille og ta godt imot alle turistar. Sjølv om det av og til kan holda hardt for tyske bubilturistar er noke for seg sjølv og tar seg til rette tilgangs. Eg er sikker på at dei har mykje betre karter over kongeriket enn
det vi har. Og Etne har dei nok merka med rødt i kartene sine. Og i og med at dei nok er høgt heva over (uskrevne lover for bubilistar ?) at dei kan parkere over natta og kanskje ei natt til kor dei sjølv vil.
Her i
Etne er det smått med opparbeida badeplassar for at publiken, også Fritz ,kan bade i sjø. Men det er ein i det beste utfartsterrenget til Etnebuen. Det er ei vakker , bitte lita sandstrand, som har ein bitte liten parkeringsplass til. Stranda
er ikkje større enn at om ein er fleire enn 5-6 badande barnefamiliar , ja då er det fullt.
Kver einaste dag , heile sommaren, står det bobilar med tyske skilt , ein , to eller fleire parkert der over natta. Greitt ..tenker du det
må de vel kanskje få lov til. Det er eit toalett ,men ikkje ferskvaatn. Men det toalettet er vel øyremerka dei badande eller turgåarar?. Ikkje veit eg…eg veit berre at ein skal smile og nikka til våre besøkande.
Men som sagt det kan holde hardt då eg for eit par dagar sia passerte den vesle parkeringsplassen..då såg det ut som lille Dusseldorf der ute. Eg telte 4 store bubilar pluss 6 små vanlege bilar langs vegen…alle med tyske skilt.
Det såg nesten ut som ein skikkelig familiehappening m/naboar der ute.
Eg unner Fritz og fruen at dei skal ha det greitt på sin ferietur her oppe, alle er vel ikkje kjeltringer som smugler fiskefile med seg. Dei legg vel litt penger etter
seg …fossilt brensel må de kjøpe her til lands Og kanskje kjøper de til og med ferskt brød og litt til. Eg såg faktisk eit tysk turistpar som kjøpte ein liten boks med erter på Coopen…berre det.