Blogg

Hadde eg førhand stemt, for ein mnd sia , så hadde eg sikkert hamna i kløverenga saman med senterpartiet.. Etter å ha følgd valkampen og høyrt bastante uttale frå dei forskjellige lokale politikerane, så er eg ikkje skråsikker lenger. Hadde eg budd i Vindafjord hadde eg i alle fall ikkje hamna i nemde eng. Der har dei ein ordførarkandidat frå Sp som må vera rimelig tjukk ein visse plass. Han har så visst ikkje fått med seg den motstanden i mot vindturbiner som har bølga innover landet. Neida her er det hakk i plata at han ville vurdera kver søknad som kom inn. …fleire kommentarar er vel ikkje nødvendig.

Så er det då på heimlege trakter…Her vert det nok dans på låven . Sp vil nok føre an iden dansen.  Men det skal fyllast opp langs veggane i lokalet . Her sitt dei  to opponentane til Mette Heidi , sitjande ordførar Siri og Frps sin wonderboy Kenneth. Synd at dei to siste har rikspolitikerar som har rota det til for seg.  Fordi eg synes Siri har vakse med oppgåva..ho har ma stått i bresjen i hjelpe/snuoperasjonen for Skakke og det siste gode stikket hennar er jo å stå opp for fergerutene .  Alt i alt så synes ho har gjort ein brukande  jobb.

Kenneth er ein flink ungdom , god å ha for Skåneviksbuen (og sikkert Etne også), ein coming man som Frp får mykje glede av.

Rødt kjeme vel ikkje i frågan om å få ordførar..men håper dei får inn i alle fall ein i kommunestyre.. Det kan skapa litt liv i låvedansen..

Etter valet tipper eg at Mette Heidi tar ein tur rundt låvegolvet og ser etter kem ho skal by opp .. Så spørs det om det vert ein stive engelsk vals  eller ein swing, der ho kan dansa med to?

| Svar

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.