Blogg

Då fiffen rundt om på Fornebulandet sette tommelen ned for den plalagte Røkkeskyskraperen, vart det plutselig kø rundt om i kongeriket for å få bygge denne. Eg vil ikkje legga meg oppi kor den skal byggast…berre komma med forslag ka dei bør fylla den med:

Her bør det vera plass til alle naturvern forbunda , bellona, barn for natur, natur for barn , ungdom og natur, natur for ungdom og liknande. Dei bør få ein etasje kvar. Broderfolket bør få ein etasje ..med istøypt gråtemur..

Røkke bør jo i anstendighetens navn, det er jo han som er hovudsponsor, han og staten, få eit par av dei øvste etasjane.

Midt i bygget bør det vera ein aula, eit selskapslokale der dei miljøbevisste kan samlast …ha felles julebord..kursa seg ol. Røkke må jo få holda sine kurser til hans innvidde: For eks..Korleis fråvriste ein sjarfiskar hans fiskekonsesjon..og slike hyggelige titlar..

Dei miljøbevisste kan jo ha kurser som: Kordan tjene ennå meir pengar på den norske fjellheimen. Med undertittel..her er det ikkje turisme vi tenker på.

Både ein eller to etasjar bør bæra namnet (for dei innvidde ,sjølsagt med eit lite vitande smil) Korrupsjons etasjane.. Her ruler folk som er tett knytta til NVE og trønderenergi..bror til finansministeren og andre lugubre figurar..  Her kjeme det nok til å gå politikerar ,som hadde tysk som sidemål på skulen, ut og inn.

Støre , Erna og dei andre EØS tilhengerane bør også få ein etasje.. No har vel EØS ikkje så mykje med miljø og gjera men her ser vi stort på det..

Det er sikkert mange som melder sin interesse i å få innpass men det få komma seinare…gutte/jenteklubbane ordnar vel opp her.

Eit lite tips om beliggenhet…Legg skyskraperen lengst mulig unna nærmaste vindpark..ein vil jo ikkje at dei (miljøbevisste) skal bli distraherte.

 

 

Sola går ikkje på sparebluss om familien er det. Sola skin som berre det  over eit fattig Norge. I dag er vår  frukost  skogsbær og tarebrød og  det er vatn og erstatningskaffe på bordet.  På den eine TVkanalen som vi har råd til ,sender dei referat frå valget. MDG er største parti og ruler for 4dje året.

Naboen er for lengst kommt heim frå Ekkofisk og skal ned og kurse seg på NAV i morgon.. De har  visstnok bruk for folk i tarenæringa . Strømmen blir rasjonert så ein kan ikkje sjå så lenge på tv om gangen . Men den strømmen som kjeme frå hundrevis  av vindmøller rundt oss , frå 250m høge monstre på Stølehetta til den på 50m berre bak huset , blir jo sendt ut av landet i svære kabler .  Landet trenger jo inntekter slik at politikere, «the establishment» og leierar i energiselskap må jo oppretthalda ein god standard på livene sine og då er det jo klart at vi andre må ofra. Men jammen kan ein sjå ei flystripe på himmelen også..det flyet er nok fyllt opp av d.s. på veg til ein etterlengta ferie til sydligare strøk. Vi andre har ikkje pass eingong..ingen vits for vi har då ikkje råd til utalandsreiser heller. For trygda er nægu ikkje mykje å skryte av. Ute i Ølensfjorden har køen av gamle oljeriggar minka og jernskrotet på land har auka. Vår nye blendande eksportartikkel er jo jernskrot … Vi får el bilar til fiffen og syklar til oss andre i retur.  Vår eigen volvo og citoenen  er jo havna i skraphaugen..klar for export.

Men får vel ut i finaværet..skulle slått plenen men bensin til klippoen koster 150kr pr liter på svartebørs..Får sitta litt å gle seg over at ikkje , som Obelix er redd for…at himmelen har dotte i hovudet på oss.. For det er den ikkje..det er berre den norske økonomien som har dotte i kjelleren. Men vi har lært oss at vi ofre vår personlege økonomi , fridom , hørsel og mentale helse er mykje mindre viktig for at kongeriket Norge skal jo vera spydspiss i miljøkampen.

Sverige er blitt storebror i norden igjen og ærlig talt så trur eg at det landet planta ho 16åringen ..berre for å ta rotta på oss, misunnelige på olja vår som dei var. Onde tunger seier at dei har ei nye ei på lur…16åringen er jo tross fyllt 26..Den nye  kjeme ho visst frå det  svenske kongehus..Eg gruer meg allereide til svenske krokkodilletårer på direkte TV..

Nei no er det snart middag..idag blir det oppdrettslaks. Det er jo den einaste fisken som er igjen her på kysten. Lakselordane har jo slått seg isaman med trønder energi, NVE  og dei andre ..så dei tar hand om middagane og den lille strømforsyningen til oss.

Misunner østlenningane som kan ta bussen over grensa og kjøpa kjøtt.. Her på berget er jo alt landbruk som ikkje produsere vegarmat , lagt ned . Her vest er kulturlandskapet grodd heilt igjen  ..geiter og sauer er jo for lengst vekke..og ikkje har vi jo bensin til motorsagene.

Nei no er det snart kveld og det går visstnok eit matprogram på tv , tare på tusen måtar..Og etterpå er det eit nylaga program om isbjørnar.

Når eg såg ei ung svensk tenåringsjente , i beste sendetid gråte over ein spilt barndom pga at  statsoverhoda «all over» hadde gjort livet hennar vanskelig , då kom den vonde tanken ned i hovudet på meg at neimen kunne de ikkje ha det så lett over hjå broderfolket. Og så hjå sjølvaste storebroren vår , her oppe i nord..med Palme, Gyldenhammer, Volvo (som no vel er kinesisk(?)) og Saab (der det vel berre er delelager igjen på Trollhettan). Men iallfall ..det sosialdemokratiske broderfolket våras som alltid var raskast ute med skulereformar ( som vi starta opp med når broderfolket hadde vraka dei). Nei det kunne vel ikkje ha vore så fælt. Men det var det visstnok ..tårene spratt og sinnet var der . Og det var usminka og ikkje pakka inn i former som konsulentar gjerne pakker det inn når politikerane slår til i nevnte beste sendetid. Ein skal vel ikkje legga for mykje i framføringa , ho er ei ung jente som nok kjeme igjen og igjen.

Så unnskyld då om det skurrer litt i øyrene mine når ho tar øydelagt barndom i sin munn. Ho kom vel i frå miljøet rundt den svenske opera. Var vel slett ikkje noke dårlig og øydeleggande miljø det vel? Så her er det er altså ikkje  snakk om ei som har sotte på feil benk i Alabama på 50talet ,eller ei som fryse fingertuppane av seg med å bera kolsekkar på ei gate i ein by/landsby i Chile, eller vart innelåst i ei systove i 18 timar i India. Nei her var det ei som nok fekk inn Verdi med morsmjølka og som var godt kjent med kafeer og trendye forretningar på Sturegatan og andre fasjonable strøk i den svenske hovedstaden.

Vi får vere høflige å ønske den «ødelagte» jenta lukke til. Det er mange farer der ute og det er lett å la seg koruppere i den såkalte grøne jungelen som det etterkvert er blitt. Ein grøne jungel som er styrt av pengesterke menn, kvinner og store firma. Folk som gjer blanke ..i klimaet..berre at at det er ein masse penger å tena..

Det tilspisser seg…vi vindturbin motstandere på den eine sida og dei veletablerte , griske , utbyggingselskaper på den andre sida. Vi ser kem vi må kjempa imot etter kvart, det er strømselskap som prøver å pakke denne skitne businessen inn i eit slags grønt skifte. Strømselskap som har fått sine konsesjonar gjennom sitt gode tilhøve til gutteklubbane i styringa av AS Norge. Som NVE utkrystallisere seg meir og meir som tar seg til rette i felleskapets felleseige. Med medarbeidere som ein ser har gått ut og inn i dei forskjellige strømselskap, jamfør Trønder Energi. Ein dag, ein betrudde medarbeidar i NVE , neste dag ein av toppane  tildømes Trønder Energi.. Usmakelig er det. Konsesjonane får dei for greie penger og  som dei utan blygsel sel vidare med stor forteneste til utalandske strømselskap. Etter som vi har sett og lest ka som er lagt fram så er dette heilt usmakelig og ord som Mafia og korrupsjon er lette å ty til. Tenk hadde vi hatt ei journalistkorps som kunne dokumentert dette for oss på ein skikkelig måte. Men dette korpset leverer slett ikkje, dei skriv og fotograferar  venstrefolk med munndiare og  kongelige konfirmasjoner. NRK er noke av de verste, de tier så gjerne store demonstrasjonar ihel..gidder ikkje å sende eit stakkars kamerateam ut eingong når store folkemengder viser sin motstand framfor Stortinget .. Store skam og store skuffelse for undertekna som har vore NRK sin mann tidligare…men ikkje lenger.

Men motstanden lar seg ikkje stoppa lenger og NRK er latterlege når dei viser til ei undersøking at 40% av oss er for dette galskapet. Gledeligare er det at fleire og fleire har vakna og skriv NEI.. I lokal avisa Grannar pluss i Haugesund Avis i dag var det mange lesarinnlegg som går beint imot ma Senterpartiet og Venstre i Vindafjord sin famøse Tja forestilling. Så i den undersøkinga til NRK trur eg vi kan stryka ein null så vi kanskje er nedpå 4% for.

Men på tross av gråt og tenners gnissel på møter mellom utbyggere og lokalbefolkning så drite utbyggerane ein lange marsj i oss som rettmessig er eigerar og brukere av våre fjell og høyddrag. Dei veit dei kan setta inn politiet imot oss viss vi protestere, slik som er gjort på Frøya og i Trøndelag forøvrig.

Ikkje berre kanskje, men vi må snart organisera oss og utøva sivil ulydighet i mot dette galskapet. Noken av  oss ,  som dei har gjort i Trøndelag ,berre mykje  mykje større og med meir kraft  , må aksjonera medan andre må danna baktroppen og støtte med å betala ev bøter. Vi må lære av dei som protesterte, på tross av hundrevis av politifolk , i Stilla , og fekk slutt på uvettig vannkraftutbygging. 

Vi må ev lenke oss isaman, ung som gammal og vise at vi bryr oss. Og om ein av oss gamlegutta får eit hjerteinnfark og dauer i striden..så er det ein god og flott måte å daue på.

 

Kongeriket har fått ein nye hakkekylling. For vi hakker alltid på noken som truer våre oppgåtte grenser og ordningar. Ho eg skriv om er sjølsagt Lan Marie Nguyen Berg.. Ho har kvitta seg med sitt namn frå austen og er blitt Lan Marie Berg  og er så norsk som noken.  Ho er ei av valvinnerane, ho har ungdomstekke, ho er faen så modig, ho går beint imot oss dieselfolket, ho blåse i om vi ler av at ho skal redda verda, ho vil skru igjen ma kranen på Johan Sverdrupfeltet som pumper opp svart «gull» for fleire hundre mill kver einaste dag. Eg er ikkje heilt sikker på ka ho vil at vi landsmenna hennar skal leva av når vi er blitt heilgrønne…men kanskje ho har både ein plan B og ein C i erme. Kanskje ho og gjengen hennar klarer det?... Skulle ikkje forundra meg.. Eg skal i alle fall ikkje trykka på «like» når vitseteikningane om henne dukker  opp på faceb. Du veit aldri..kanskje ho sitte som statsminister for kongeriket om ein 6-7 år..

Eg har ikkje tona heilt flagg når det gjeld Berg og hennar like…eg tviholde på dieselen. Har ein chippa volvo , ein citroenbubil med 2,8 l og yanmar på 315 hk i båten…så eg gjer ikkje opp ennå sjølv om eg så smått begynne å beundra den lille , vevre, vakre jenta som heilt klart er laga av stål.

Kuppern sa i si tid: 2 indre og vekk me,n, når han slo Oleg, Boris og svenskar på 10000. Eg trur jaggu Fru Berg har tatt iallfall 1 indresving på oss dieselfolket

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.