Blogg

Vi hadde ein god valkamp, og det var derfor det gjekk såpass bra i valet seier dei forskjellige partispissane… Hallo seier eg. I valkampen gjeld det vel å smøra mest mulig tjukkt på og det er vel lika mange kvite lovnader som truverdige lovnader. Om dei lokalepartiheltane står på stand aldri så mykje, i all slags vær, med roser og smånips i nevane som dei gjer til oss forbipasserande og om dei snakkar i munnen på kvarandre i partileiardebattane , så er det vel EGENTLIG ikkje det som fenger oss velgerane mest. Det må vel vera kva dei har hatt føre seg i dei siste åra enten i kommunestyresalen eller på tinget. Kor mange brutte løfter , kor mange overkjøyrslar av den vanlige mann, eller kanskje gledelige overraskingar . Er dei fattige blitt færre, har arbeidsøkande blitt høyrt, har kvinnene fått full jobb eller må dei finna seg i å vera ringevikarar? Har større firma fått lov til å hyra inn billige arbeidkraft frå utlandet og dermed squiza våre eigne og i tilfelle kva politiske partier som lukker augene til dette og trør arbeidsfolket ennå lenger ned? Hyller det og det partiet utanlandske multifirma som akslar seg inn og overtar omsorg og barnevern? . Bøyer det og det partiet seg i nasegruse beundring for EU og det overformynderiet.. Ka med vindturbiner…vi lar oss ikkje lure lenger.
Kanskje Norge er som eit såkalla U-land der utalandske storkapital kan ta seg til rette og kjøpe opp både det eine og det andre. Vi ser no at partier som ivrer og legg til rette for dette er blant taperane i valet…og godt er det. Kanskje kan nokre parti kan sjå til Tailand og andre land i austen ,der kan ikkje utlenningar eige noke. Du må rett og slett vere frå Tailand og/eller sitt eige for å kunne det. Vi hadde spart oss for mykje korrupsjon viss vi hadde gått inn for ei slik line.
Erna , Siv og Jonas som er i det laget som ivrer for at EU kan skalte og valte med oss og for å selge ut landet stykkje for stykkje, dei er dei store taperane i valet, om dei aldri så mykje gjorde ein «god» valkamp.

 

| Svar

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.