Innan 2030 skal Oslo verta den mest miljøvenlege hovedstad i verda. Oslo politikarane Berg, Thorkilsen og Johansen sprudla over seg på dagsrevyen i går. No var det heilt slutt for fossil drevne kjøyretøy
og inn med ditto som gjekk på volt og ampere.. Og sykkelvegar skulle kryssa fyrtårnet på kryss og tvers. Nå skal heile verda komma inn å sjå korleis Grønlandsisen og isbreeane våre skal bergast.. Ein vert nesten
heilt matt av så mykje «vakker» miljøpolitikk. Det er nesten som ein stakkars besøkande vestante må setta miljøsvinet av ein bil frå seg på Liertoppen, ta av seg skitne sko og støvlar og håpa
at ein har reine nok sokkar før ein får audiens til den hellige stad. Så står nok ein elsykkel klar til å frakte ein inn til dei gullreine gatene. Ja det skal bli så flott..så flott.
Men det var ein ting som
ikkje vart lagt fram på det grøne agendaen , som elles var fullt av grøne ideear, og det var vindmøller. For det er jo Oslo politikerar og elles dei sentrale politikerane også så opptekne av. Vi skulle jo tru at miljøfyrtårnet
tok mål av seg til å vera sjølforsynte med kraft til alle El bilane som lystig trilla i gatene. Den grøne «miljøvenlege) krafta burde jo koma frå eigne vindmøller , made in Oslo. Vi i utkantane som køyrer
fossilt har vel til no , i denne grøne revolusjonen namn , sponsa ferger, nye vegar og elles det meste for EL bil folket. Så dermed er det vel ikkje meir enn rett og rimeleg at Oslo lager sin eigen straum. Og når i Holmenkollåsen,
Krokskogen, Aust , Sør, Nord og Vestmarka er fyllt opp av veivande 200m høge skapningar så kan dei jo ta fjorden i bruk. For det bles alltid i den fjorden. Og den er som skapt for masse flytande 200m høge veivande skapningar
..heilt ifrå Honnørbrygga og heilt ut til Ferder.
Cruisebåtar og anna svineri må køyra spissrot for å komma inn til kai.. Og då er ein vel kvitte det problemet også, for det tar dei nok ikkje sjangsen
på å gå inn fjorden. Det kan jo detta av eit 150 langt blad oppe i symjebassenget på øvre dekk.
Og i beste sendetid i går kveld var det nesten berre eit skikkelig namnebyte i beste VY ånd som mangla,
(ja, vindmøllene også såklart) . Kanskje dei hanke inn gamle Kristiania namnet igjen…Oslopolitikerane sluttar aldri å overraska.