Blogg

Dagbladet slår stort opp sin eigen undersøkelse om at folk er positive til vindkraft…Ja positive og positive fru Blom..Bastant nei låg vel på borti 40% og Ja sia jasida var stykka opp om du ville si ja til utbygging viss  faenskapet var synlig eller ikkje . Veit ikkje ..låg vel på rundt 10-15%. Mest positive var ,ikkje uventa , folk frå Oslo…som det står i blekka :mest positive er en i Oslo. 22 prosent «ja, selvsagt» og 32 prosent «ja» med forbehold om synlighet, mens 35 prosent svarer nei.

Då er vel saken klar..det er berre å omdirigera faenskapet som ligg klare for å reisast på Frøya og senda dei nedover til Oslo. For på Frøya vil dei ikkje ha de.

Her kan  dei 250m høge kjempene reisast i og utafor bykjerna. Og så kan Oslo smykka seg at dei er blitt den nye vinmøllehovudstaden i landet .. For vanlig hovedstad for Norge er dei ikkje lenger ..her har Brussel overtatt. Slik verker det i alle fall når Erna og Jens opnar munnen..Og som nye hovudstad i den kategorien så kan i alle fall vi som stemmer nei til faenskapet og på toppen av alt har både ein og to dieselbilar styre klar denne byen som blir meir og meir usmaklig..

Så kan jo Dagbladet etter eit par år foreta ein nye undersøkelse...så får me sjå..

Eg tenker på Trøndelag som eit av dei fylkene som er fyllt opp av personar og saker og ting som vi er stolte av og er glade i i kongeriket. Når det gjeld sport har vi til eks. Johaug, Klæbo, Rosenborg..vi har og har hatt Grønningen, Engan, Marit (dronninga av skisport) , Karsk, Odd Iversen, Olav Dun, Rotmo, Munkholmen , Domkjerka, Hjallis, Magne Tommasen, Orklalaksen, Nils Arne Eggen, Magnar Lundemo, Ingrid Kristiansen, Berit Aunli.. og sikkert hundretals andre som har vist igjen og gjort oss alle stolte og glade ..sjøl om kanskje halvparten av oss andre ikkje heilt forsto alt som vart sagt i dei forskjellige seiersinterjuva.. Heile fylket er jo , litt trendy sagt , fyllt av merkevarenamn…eller rettare sagt hederesfolk..

Men no prøver Trønder Energi   riva ned all merksam  og «merkevarene» som trønderane har gitt oss.  Det er av sine eigne (og tyskerane) dei skal ha det. Og når TrønderEnergi pressar på i ein voldtekt av Frøya. Ei øy som vel er noken og sytti meter på det høgaste og der vil de plassera ein vindmøllepark med over 200m høge vindmøller på denne vakre men låge øya..

Vi har alle eit ansvar ..om å stille desse bandittane til veggs og sende alle landsvikerane av noken politikerar , som gjere dette mulig, på hovudet ut av storting og regjering. Vi vil ikkje ha slike firma og slike politikerar i vår midte.

Enda ein ting som har forundra meg er at kjendis Norge knapt nok har løfta ein finger og heva røysta i mot all øydelegging som gjere seg gjeldane i kongeriket i desse dagar. Ikkje har eg høyrt artistar som tidlegare har beklaga seg i visetekstar om at: …»vinden ifra høgre snart må snu» har ytra eit einaste kritisk ord imot øydelegginga som ma Trønder Energi og kapitalsterke tyske firma står for. Ikkje eit grynt frå ein elles så fritt talande , nettopp fyllt 70 åring, eller ein annan feterte programleiar i TV 2..begge frå Trøndelag… INGENTING..Ei heller frå kanonband frå vår eigen landsdel som synge om små hardt prøva fugglar . Ei heller frå syngande prestar som har godt greia på penger.. Til og med frå Ole Paus…INGENTING.. Ka som foregår i rap og moderne musikkmiljø veit eg ikkje, de er vel i armkroken på Zero eller? Skodespelerar , dikterane våre..kor faen er de i dette landskapet. Jævla pusekattar heile bunten spør du meg.. ja ikkje Rotmo da som viser litt guts..men alle de andre….eg skjemmes..

Jobber de etter Never bite the hand that feed them? Ser slik ut…kanskje de ikkje får spela på neste julebord til dei svinske, kapital sterke firmaene. Nei levne ikkje artistnorge mykje ære..hvis de då er litt seint ute.. Kan enno retta opp misæren og retta ryggen..eller ka seier du Reidar?...Du har sjangsen no.

«Kronprins Haakon», Norges nye forskningsisbryter er på ærefullt oppdrag i beste Nansen/Amundsen ånd ,med ein masse forskere om bord, oppe i det kalde nord. I mangel på is her heime i juli mnd var det jo klart at den måtte langt (nord) for å finna sitt rette miljø. Og de hadde sett seg tøffe mål, dei skulle segla til verdas norligaste punkt. Om det var nordpolen eller det magnetiske nord er eg ikkje sikker på , men langt nord var det, sikkert Nordpolen ja. Men det meldes at det å hamla opp med Nansen klarte dei ikkje, han traska og gjekk heilt opp til 86 grader nord , medan isbrytaren til 1,5 milliardar klarte å komma til 85grader nord før den måtte melda pass. Isen var alt for tjukk meldes det og «krompen» måtte gje opp, så skispora etter Fridtjof kunne dei sjå langt etter.

Då tenkte eg, (ja eg veit eg skal vera forsiktig med akkurat det) at det måtte nå nesten vera ein liten strek i rekninga til dei 36 forskerane om bord. I alle fall den delen av dei som var/er klimaforskerar. Etter all «svartmalinga» derifrå (forskerane) skulle det vel vera åpent farvatn heilt opp til sjølvaste Norpolen… ? Ja for eg har ikkje høyrt anna enn at isen smeltar i rekordfart….eller?  Ja ka veit no eg om klima og slikt..eg er berre ein vanlig mann. Nei det er vel best som regjeringa gjere å skriva ut ein masse grøne sertifikat og klimakvoter for å redda verden…eller?

Den siste tida har eg fått ein visse farge langt opp i halsen og det er den grøne fargen.. Ikkje er det fargen sin feil..men det er dei som gøymer seg bak og skubber sitt jævelskap med den. Om den noken gong var reel og ærlige intensjonar ..så er det lenge sia..no er det drittsekkene og landsvikerane (komme ikkje på eit anna dekkande ord for de) i regjeringa  som gøymer seg bak fargen.. Det grøne skifte ol er blitt til å spy av. Alt skal være så grønnt og flott . Det er eit falskt og uærlig måte å driva politikk på. Dei trør på demokratiet og utøve ein kvalmande utøvande makt.  Er det verkeleg noken som trur at vi skal berga verda med å sleppa storkapitalen til med å rasera våre vakre fjell med ei vindmølleutbygging som vi ikkje kunne tru i våre villaste fantasier ville finna stad. Men det har det altså…Protestar frå grasrota preller av som vatn på gåsa ..Landsvikerane tier all protest  elegant ihel. Dei alternative landsvikerane AP er i same båt og vil imot folkeviljengjen gje  all makt og tøyler til Brussel. Desse politikerane  har jo dyrka fram ein stor bløff også at EL bil er det eiaste sanne og gode. Vi har lest oss opp at både det å produsera desse og å handtera batteria slett ikkje er så miljøvennlig som det blir påstått. Og kjøperane av desse har heller ikkje vore med på felleskapet sine løft til å få betre vegar. Dermed har øgså den forhatte bompengeutbygginga skote fart.

Dei to største partia Høgre og AP har vist korta sine og jobber så visst ikkje for Norge og oss nordmenn. Begge partia jobber , som dei har gjort no i 50 år at vi skal bli eit lydrike i EU. Som det ser ut no så ser det ut for at dei har klart den biffen. Personleg synes eg at begge desse partia burde stillast for riksrett for denne jobben, men dei har jo domstolane som sitt parti (jamfør i den diskusjonen i AP då Acer skulle godkjennast, då slo jo sjølvsagt den juridiske backrekka til AP at det var jo heilt ok). Korrupsjonen blomstre som aldri før….folkeviljen taper.

Nesten pinlig og sjå på Jonas og Erna skal forklare at dei dett som steinar på galuppen. Men dei unngår behendig å ikkje komme inn på vinmølleutbygginga på land , og at Acer har noken verdens ting med fallet å gjera..

Til valet til hausten må alle parti ta eit klart standpunkt for eller imot vindkraft på land, slik at vi veit ka vi skal stemma på.

Og det  må det bli full stopp i å utbygge vinkraft på land. Og på sikt må alle møllene rivast. Erna og Jonas kan få kver si bøtte og spade og prøve å bøte på dei forferdelige såra som naturen vår har fått.. Då har de nok jobb for resten av livet og kanskje kan de klare å rette lite grann opp etter eit par av monstra. Og så slepp vi å sjå og høyra svadaen som dei servere som politikerar…

Hadde gleda meg til dette…Etter den raske fergeturen øve Boknafjorden, fekk ein så vidt tid til å tømma kaffikoppen så var ferga framme og noken km landeveg sto for tur, før det var i tunell under to fjordtarmar og opp i dagsljos att. Gpsen var sjølsagt ikkje oppdatert etter ein av dei uttallige bygginga av vegnettet i Siddisbyen. Men det var berre å trø til gjennom rundkjøyringane og følgje skilta til Kristiansand..så var det 90 på målaren på motorvegen og så var plutselig Sandnes passert og Ålgård sto for tur. Det hadde alltid gjort meg glad  over å sjå det vakre landskapet sørover. For ein frå Sunhordland  er det fantastisk å køyra europavegen eller kystvegen sørover Jæren. Landskapet er heilt unikt med heier , fjell og vakre vannvegar.. Men no er det noko som forstyrrar dette vakre synet, på fjelltopp/ryggande sørover virra det i svære femmedlegemer , kanskje 50 eller 100talls. Svære flaksande venger som ikkje hadde noke der å gjera..det var eit forferdelig deprimerande syn.  Kolossjævelskapet har reist seg bortøve på svært korte tid. Utbyggerane har overkøyrd lokaldemokratiet med med svikfulle politikerar med på laget. Desse siste har ropa grøn skifte..grønnt skifte , har ausa ut på euro og  dollar.. men folk flest lar seg ikkje lure eller kjøpa..det er berre noken få grunneigerar som har latt mammon fått overtaket..Og utbyggerane kjenner sin besøkelsetid og har hastebyggd dette jævelskapet. Når ein får desse Bjerheimere, Sokndalsbuene i tale er dei fleste oppgidde over at myndighetene lar dette henda. Noken er positive..det er dei som er skaffa jobb med transport og anlegg med å sprenge sund gamle toppar og stiar som deres forfedre vandra , var stolte av , glade i. Desse få som har fått jobb er naturligvis glad for å klara neste avdrag på Scaniaen, på boregjeita el. Dei sluker rått det som utbyggaren kjeme med at når møllene har gjort sitt og det skal demonterast og fixast opp..så skal det ikkje visast eit einaste spor etter voldtekten.. Dei om det..synes nesten synd på de. Men dei aller fleste som eg traff ved elvene, på coopen, på parkeringsplassen var rett og slett forbanna..Vi var skjønt enige om hevn over desse landssvikerane som bekledde dei forskjellige politiske partia som held EU høgare enn 2 folkeavstemmingar og norsk grunnlov skulle gitt dei lov til. Litt lenger sør , i mot Flekkefjord hadde dei lært av det som hende litt lenger nord og hadde organisert seg for ein tøff og harde motstandskamp.

Folk i desse distrikta har kjent negative verknadar av å verta overkøyrde av utaforståande før… Då var det Brexitlandet som med sine svære fabrikkpiper som frakta giftig røyk oppimot skyene som var fienden. Desse utsleppa la ein kvelande hand over land og vatn. PH verdien i vatnet var så låg at fisken daua ut i vatn og elvar.. Men det kom seg, røykleggina vart etter kvart avgrensa og Jærbuen fekk opp fiskebestanden igjen….etter mykje hardt arbeid. No ser dei ein annan fiende inn i kviauge..den norske regjering som spelar EU sitt skitne spel.  Tipper dei klarer å stå han av denne gongen og eg..

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.