Då fiffen rundt om på Fornebulandet sette tommelen ned for den plalagte Røkkeskyskraperen, vart det plutselig kø rundt om i kongeriket for å få bygge denne. Eg vil ikkje legga meg oppi kor den skal byggast…berre
komma med forslag ka dei bør fylla den med:
Her bør det vera plass til alle naturvern forbunda , bellona, barn for natur, natur for barn , ungdom og natur, natur for ungdom og liknande. Dei bør få ein etasje kvar. Broderfolket
bør få ein etasje ..med istøypt gråtemur..
Røkke bør jo i anstendighetens navn, det er jo han som er hovudsponsor, han og staten, få eit par av dei øvste etasjane.
Midt i bygget bør
det vera ein aula, eit selskapslokale der dei miljøbevisste kan samlast …ha felles julebord..kursa seg ol. Røkke må jo få holda sine kurser til hans innvidde: For eks..Korleis fråvriste ein sjarfiskar hans fiskekonsesjon..og
slike hyggelige titlar..
Dei miljøbevisste kan jo ha kurser som: Kordan tjene ennå meir pengar på den norske fjellheimen. Med undertittel..her er det ikkje turisme vi tenker på.
Både ein eller to etasjar bør
bæra namnet (for dei innvidde ,sjølsagt med eit lite vitande smil) Korrupsjons etasjane.. Her ruler folk som er tett knytta til NVE og trønderenergi..bror til finansministeren og andre lugubre figurar.. Her kjeme det nok til å
gå politikerar ,som hadde tysk som sidemål på skulen, ut og inn.
Støre , Erna og dei andre EØS tilhengerane bør også få ein etasje.. No har vel EØS ikkje så mykje med miljø og gjera
men her ser vi stort på det..
Det er sikkert mange som melder sin interesse i å få innpass men det få komma seinare…gutte/jenteklubbane ordnar vel opp her.
Eit lite tips om beliggenhet…Legg skyskraperen lengst
mulig unna nærmaste vindpark..ein vil jo ikkje at dei (miljøbevisste) skal bli distraherte.