|
|
|
|
|
Blogg
At det ikkje er noko lukrativt å vera hobbymusikerar , kan vel vi som fusker i den retninga skrive under på. Men vi hadde vel et håp og tru på at dei som entra dei store scenene, talkshowene, festivalane, og backa dei store
stjernene , at dei hadde meir enn til salt i grauten...men nei. KK fortel om eit fattig liv som musikar i bandet til Sigrid. Artisten som omsette for over 16mill i fjor. Sigrid klarte seg nok bra, men musikerane ellers i bandet, fekk ikkje arbeidskontraktar
og måtte nesten krangle med Made, managementet om vanlig lønn. Musikere som gjerne er på vegen 200 dagar i året og som berre kan drømma om fritidsordningane til ein vanlig oljearbeidar, blir altså å finna nederst
på lønnstigane i AS Norge. Er ikkje mykje å driva ein familie med ,pluss at ein får vel aldri banklån til eige hus...ikkje veit eg. Men det er vel som det er i dei kretsane at når hovudartisten og managementet har fått
sitt , så er det lite igjen til sliterane..musikerane, teknikerane,lydfolk, roadies. Verda har altså ikkje gått særlig framøve sia Joe Cocker og Leon Russel reiste rundt, tidleg på 70talet med
"Mad dog and englishmen". Då Cocker kom heim låg det ein sjekk på ca 500nk og venta på han for vel blåst turne. Ein turne som nok fyllte stadioar og digre konserthus. Kor pengene var blitt av er ikkje heilt godt å sei...
men dei var ein svære gjeng og middagane kver kveld var av det dyre slaget, men det låg vel eit svoltent management i bånn der også, så det blei vel enda mindre til "sliterane"....men berre maten var god så.
Du liker denne siden
For alle med skeive tenner, dårlig syn, med skavanker her og der og som tar i mot velfortent men akk så minkande støtte .For folk som tar imot AAP , som tar i mot (stadig minkande) støtte frå NAV , som er trygda
, som trudde de var kvalifisert for AFP men dengang ei. For folk som trudde de, etter eit langt liv i arbeid, og med statens pensjonfond på over 9000 milliardar i bunn, trudde at dei ville få ein pensjon som var til å leve av, og som ikkje
var på under fattigdomsgrensa til sjølvaste EU, og til alle som trudde verdas rikaste land kunne vera eit humant,, godt samfunn. For alle desse og meir til, så er det kanskje ei mager trøyst at vi er med i regjeringa til Erna
sin store gjennomgripande plan om å auka forskjellane mellom folk i dette landet, og som er iferd med å lykkast.
Du liker denne siden
Eg må få sei at den gryande politikerforakta eg har..berre vokse og vokse. Det gjeld ikkje mitt tilhøve til lokalpolitikerane, for dei gjere stort sett så godt dei kan. Men når du har fulgt den gjengen som sitte heilt
oppe i Stortinget noken år, så blir ein aldri forundra . Her er det så mange C-moment at ein toppturnar hadde kjennt seg heima.. Og kastar ein eit blikk øve Nordsjøen er det slett ikkje det spor betre..helst verre. For verre
sirkus enn Brexit som dei kjempar med der borte ,skal du leita lenger enn langt etter. I parlamentet (under som overhus) har det vore som ein Polske riksdag kver dag etter folkeavstemminga som vi veit gjekk i fordel for dei som ville lausriva seg frå
bikseoverherredøme i EU. Dei ville som dei har gjort i tusenvis av år, bestemma på sin eige øyrike. Men ein folkeavstemming som gjekk i deira disfavør stoppe ikkje tilhengaren av unionen. Då var det å stikka
så mange kjeppar i hjulet som mulig , slik at ikkje at dei politikerane som tok ansvar skulle klare å få ein brukbare avtale for sitt folk når dei skulle gå ut. Vi har det jo på samme måten her til lands også..etter
to folkeavstemmingar som har bestemmt at vi SKAL så utafor, klarer Gro og hennar støttespelerar og laga ein slik avtale, EØS, at vi vi er med ifulle monn likevel..Og vi er dei beste til å leva etter ALLE reglar og forordningar som
kjeme derifrå. I avtalen heiter det visstnok at vi kan protestere når diktaturet blir tredd for hardt nedover hovudet på oss..men det har vi ikkje gjort ein einaste gang sia avtalen vart underskrive..Snakke meg om tannlause politikerar som
vi har. Og vi veit at alle regjeringane som vi har hatt etter 93 har vore til dei grader for EU..og i beste landssvikerstil har de fratatt oss alle rettigheter som følger ein suveren stat. Eg veit neimen ikkje ka vi skal stemme på om to år
viss vi skal kunne riste av oss åket og bli eigen stat igjen? For mitt del står faktisk berre Raudt og Senterpartiet igjen som nokelunde truverdige.. Enn så lenge..
Du liker denne siden
Ein gong på 80talet spelte Andoni Goikoetxea for Spania , kalla «Slaktaren frå Bilbao». Det var han som takla Maradoma så hard ,bakanfrå, slik at han var vekke frå banen i månadsvis etterpå.
No ser det ut for at fotballandslaget til Spania anno 2019 er byggd opp av mange slike typar som Andoni Goikoetxea . I gårsdagens kamp i mot Norge , prøvde spanjolane å kvesta dei norske spelerane så godt som dei kunne. Dommaren
prøvde til å begynna med å oversjå dei dirty trixa , men nå Vatsbuen Nortveit fekk ein albue som lagde i det minste ein brest, eller kanskje small det eit ribbein, og måtte ut ,så hagla det gule, fortente kort øve
dei spanske spelarane. For min del har eg alltid holdt spansk fotball i det heilt øvre skiktet, ved sida av prøysserane , Argentina og Brasil, høgt øve England. Spansk fotball var fullt av lettbeinte raske teknikerar som
kunne gjer under med ballen. Dei vart verdensmeistrar, europameistrar med god fotball. Men no er dei..iallefall i mine auge ramla ned av pidestallen. Dei har ramla ned til ein gjeng ballflytterar som samler på gule kort. Håper at dei
andre landslaga som dei møter har mista respekten. Spania har ein veg å gå før dei gjennvinne den.
Du liker denne siden
Hei. Sender denne mailen som eg håper at eg kan få eit greitt svar på. Svaret er enten ja eller nei. Først bakgrunnen for å få svar. Eg, min frue, slekt og så godt som heile min bekjentskapskrets
og mange mange tusen mennesker over heile landet (og det veks for kver einaste dag) meiner at den viktigaste saka som vi har hatt, har og kjeme til å få dei neste åra , er å slå ring om vårt vakre land. Vi synes rett
og slett at slike inngrep som blir gjort i desse dager , mot vår natur .som å bygge ut store områder med vanvittig store vindturbiner som blir gjort no har med alvorlig miljøkriminalitet å gjere. Skal ikkje skrive meir om kor
alvorlig dette er, det behøver eg ikkje, det blir dokumentert meir og meir ..bare du åpner ei avis så kan ein lese tusenvis av artikler og leserbrev ,kor djupt dette virker inn på folk sine liv. Folk gret og
er fortvila ,mens utbyggere på eit syltynt grunnlag, tar seg til rette. Vi , og vi er allereie mange mange tusen, vil ta i bruk det meste av motstand for å få slutt på dette vanviddet. Vi har nok elkraft som det er ,og
vil vi ha meir så må det lempast på skattereglane for å kunne modernisere våre vannkraftverk og overføringslinjer. Her ligg eit mykje større potensiale enn å bygge ut vindkraft . Og vi , motstanderane,
har starta med å skifte over til kraftselskap som ikkje har noke med vindkraft å gjera. Mange hundre , kanskje tusner har allereie skifta strømleverandør på dette grunnlaget. Og vi vil ta dette verkemiddelet lenger, kanskje
mykje lenger. Vi vil vite om dei firma, selskap og andre som selger varer og tjenester til oss er involverte i vindkraft, spesiellt på land. Hvis svaret er ja, vil vi vurdere og helst gå over til andre som IKKJE er involvert. Ein FB
venn skreiv nettopp at han hadde selde ut aksjeposten sin i ei selskap som var involvert i vindkraft. Dette er kanskje ein sped begynnelse, men den kan og skal auke mykje. Så da til spørsmålet som eg kjeme til å
sende rundt til dei som eg, som vanlig norsk forbruker, kjøper varer og tjenester fra. Svaret vil bli spredd rundt på dei sosiale medier der vi motstandere er: «Er SPAREBANK 1 på ein eller annan
måte involvert i vindkraft ? Ja eller Nei.»
Du liker denne siden
|
|
|
|
|
|