Kongeriket har fått ein nye hakkekylling. For vi hakker alltid på noken som truer våre oppgåtte grenser og ordningar. Ho eg skriv om er sjølsagt Lan Marie Nguyen Berg.. Ho har kvitta seg med sitt namn frå austen
og er blitt Lan Marie Berg og er så norsk som noken. Ho er ei av valvinnerane, ho har ungdomstekke, ho er faen så modig, ho går beint imot oss dieselfolket, ho blåse i om vi ler av at ho skal redda verda, ho vil skru igjen
ma kranen på Johan Sverdrupfeltet som pumper opp svart «gull» for fleire hundre mill kver einaste dag. Eg er ikkje heilt sikker på ka ho vil at vi landsmenna hennar skal leva av når vi er blitt heilgrønne…men kanskje
ho har både ein plan B og ein C i erme. Kanskje ho og gjengen hennar klarer det?... Skulle ikkje forundra meg.. Eg skal i alle fall ikkje trykka på «like» når vitseteikningane om henne dukker opp på faceb. Du veit
aldri..kanskje ho sitte som statsminister for kongeriket om ein 6-7 år..
Eg har ikkje tona heilt flagg når det gjeld Berg og hennar like…eg tviholde på dieselen. Har ein chippa volvo , ein citroenbubil med 2,8 l og yanmar på
315 hk i båten…så eg gjer ikkje opp ennå sjølv om eg så smått begynne å beundra den lille , vevre, vakre jenta som heilt klart er laga av stål.
Kuppern sa i si tid: 2 indre og vekk me,n, når
han slo Oleg, Boris og svenskar på 10000. Eg trur jaggu Fru Berg har tatt iallfall 1 indresving på oss dieselfolket