Når eg såg ei ung svensk tenåringsjente , i beste sendetid gråte over ein spilt barndom pga at statsoverhoda «all over» hadde gjort livet hennar vanskelig , då kom den vonde tanken ned i hovudet på
meg at neimen kunne de ikkje ha det så lett over hjå broderfolket. Og så hjå sjølvaste storebroren vår , her oppe i nord..med Palme, Gyldenhammer, Volvo (som no vel er kinesisk(?)) og Saab (der det vel berre er delelager
igjen på Trollhettan). Men iallfall ..det sosialdemokratiske broderfolket våras som alltid var raskast ute med skulereformar ( som vi starta opp med når broderfolket hadde vraka dei). Nei det kunne vel ikkje ha vore så fælt. Men
det var det visstnok ..tårene spratt og sinnet var der . Og det var usminka og ikkje pakka inn i former som konsulentar gjerne pakker det inn når politikerane slår til i nevnte beste sendetid. Ein skal vel ikkje legga for mykje i framføringa
, ho er ei ung jente som nok kjeme igjen og igjen.
Så unnskyld då om det skurrer litt i øyrene mine når ho tar øydelagt barndom i sin munn. Ho kom vel i frå miljøet rundt den svenske opera. Var vel slett
ikkje noke dårlig og øydeleggande miljø det vel? Så her er det er altså ikkje snakk om ei som har sotte på feil benk i Alabama på 50talet ,eller ei som fryse fingertuppane av seg med å bera kolsekkar
på ei gate i ein by/landsby i Chile, eller vart innelåst i ei systove i 18 timar i India. Nei her var det ei som nok fekk inn Verdi med morsmjølka og som var godt kjent med kafeer og trendye forretningar på Sturegatan og andre fasjonable
strøk i den svenske hovedstaden.
Vi får vere høflige å ønske den «ødelagte» jenta lukke til. Det er mange farer der ute og det er lett å la seg koruppere i den såkalte grøne jungelen
som det etterkvert er blitt. Ein grøne jungel som er styrt av pengesterke menn, kvinner og store firma. Folk som gjer blanke ..i klimaet..berre at at det er ein masse penger å tena..