Blogg

Om du er minister , ordførar eller på toppen i eit eller anna i kongeriket Norge, så resikere du apsolutt ingenting om du tabber deg ut eller gjere ein slette jobb.

Etter NAV skandalen er det slettes ikkje NAV sjefen sjøl som måtte gå..langtifra,då fann de ein direktør litt lenger ned på stigen som måtte rydde skapet sitt.

Rotet rundt ambulansetenesta i nord har vel vore kjent i mange mange mnd no…men om du trur at minister Høie må gå,  så gjer det dårlige odds. Pga kameraderi der oppe på toppane ,gir Erna aldri Høie sparken , som han burde hatt. Dei finne nok ei eller ein litt lenger nede i hirakiet som må gå tidleg heim eller får forlenga juleferie.

På vårt lokale plan har vi sett akkurat det same. Under Terrasaka for noken år sia var det slett ikkje ordføraren i Haugesund som måtte gå, dei fann ein kontorsjef i kommunen som måtte det. Ordføraren gjekk sjølsagt  klar og ein kan nesten sei han vart skubba oppover..i dag er han vel styreleiar i eit stort firma.

Etne kommune vart for ei stund sia kvitt ein rådmann som ikkje passa inn ..det vart ein dyr sak for kommunen.  Altså til meir rot du steller i stand til betre er sjangsen for at du den brysame, når han er plassert nære toppen  vert sparka oppover og lønna er pluselig i sjefregulativet.

Og har du nokengong hørt om ein polititenestemann som får sparken for uforstand i tenesten? Viss du har så kan du vera sikker på at dei ikkje kan gøyme syndene under eit teppe av skuggelegging  den gongen, og/eller  at kanskje vedkommende har samarbeida med norges største hasjsmugler. Då viser rettsystemet den rettferdige sida si og vedkommande får kanskje prøva saka si mange gonger i rettsystemet  i årevis.   Vi har då rettsikkerhet i dette landet …for nokon. Men til vanlig så er det politiets eige etterforskningsorgan som tar seg av politifolk som har trødd for hardt i salaten..og då høyrer menigmann ikkje meir om den saka.   Dei ordner opp seg imellom, neste år kan overtramparen sitte   i det same etterforsningsorganet.

Vi lever, betaler vår skatt og prøver å holda vår sti rein for kriminalitet i  i den visshet om at det er store forskjellar i vårt  kongerike. Eit kongerike der det smies renker på toppane og der korrupsjon er meir utbredd enn me kan forestilla oss. .

| Svar

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.