Blogg

Ein skal vera rimelig glad i og opphengt i Hellbillies om ein går til det skritt å kalle Hallingdal og særlig Ål til eit «paradis» på jord. Viss du då ikkje er flyktning som leve i ein konteiner, saman med dine foreldre og søsken ,i ein øvefylte flyktningeleir på øya Lesbos der nærmaste naboar var noken muslimske gærningar som sloss med kniv rett som det var.

Men  du hadde då fleire år  i nevnte «paradis» bak deg , før Udi brukte politi med skarpladd gun for å få deg og familien din på flyet tilbake til Afganistand.  Eit land der Taliban heller ikkje var så glad i deg , i alle fall ikkje i far din. Så var det å pakke baggen og å dra sør og vestover som flyktning igjen. Til Lesbos hadde dere,  som så mange andre, tatt svingen innom Afrika og utrygg båt over Middelhavet.

Så nå satt du her då, du og bror din og fortalte denne triste historia til NRK sin reporter. Og vi som såg dagsrevyen i går kveld behøvde ikkje undertekstar på TVen for du og bror din snakka flytande Halling.

No satt altså du og bror din der og kasta flate småstein ut i Middelhavet og hadde så inderlig ønska at ringane etter dei flate steinane heller  hadde vore i  Hallingdalselva . Elva som renn gjennom «Paradis»..

Og vi som sitt framfor tv og får med oss denne historia kan forstå at til og med Hellbillies land kan bli eit paradis for ei som «nesten» er norsk som snakker språket som dei gjere i det forgjettede land . Som sikkert (om mulig) kunne blitt ennå eit hakk meir norsk og som sikkert hadde fått seg ein jobb som teks  turistvert og som hadde kunne framsnakka sitt «paradis» kver gong du fekk sjangsen.

Håper det går seg til for deg , bror din og resten av familien.

 

| Svar

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.