Blogg

Ut i naturen redaksjonen har oppfordra oss om å ta vare på insektene. Først har det jo vore snakka om at vi skulle spise insekter istadenfor biff. Ikkje no lenger, no er dei små (jævlane) tatt inn i varmen bokstavelig tala. Eg for min del har gøymt flogesmekkerane på loftet..her ligg dei i beredskap til ein eller annan redaksjon oppfordrar oss om noko anna.

No åpner eg døra  til verandaen og slepp dei små (irriterande) krypa ut. Ut i kald og våt vestlandsvinter med dei. Der har dei vel like liten sjangse å gjera noke nyttig for seg til likes som når vi (staten),  sender ein  4-5 milliardar ut i den store verda som bistand. Men vekk er de i alle fall.

For å gå ennå eit skritt vidare vil eg til våren plante fruktre i hagen. Nett som ein i eit lesarinnlegg oppfordrar til . Han meiner at stat og kommunar må plante frukttree og bærbuskar langs vegar og på opne plassar, i parkar etc  Ein god idee synes også eg. Kanskje dei til og med bind opp noke CO2 slik at dei Grønne også godtar dei. Kem som skal stella alle desse, etter kvart tusner eller millionar av planter vites ikkje , men kanskje det kan bli ein slags felles dugnad ..Når vi går tur har vi greinsaksa med og så er vi i gang. I alle fall ville alle desse vekstene laga eit paradis for humler, floger og mygg , så det kanskje til og med kan redde verda med at det bind opp CO2 ,fotosyntesen er ikkje å forakte.

Pengene til å kjøpe inn alle planter og busker kan vi ta frå redd regnskogenfondet. Vi kunne spesialutdanna alle som jobbe for å berge desse skogane som ligg mange timar med flyreiser borte, desse spesialistane kunne jo fått siste ordet når vi skulle beskjæra tre og buskene.

Tenk kor mykje finare det er med frukttreskogar på haugar ,skråningar på øyar og skjær istadenfor fæle vindmøller..som dei Grønne og grådige  milliardærane trur vil berga verda og si eiga bankkontoar med.

Tenk på all vakre blomstring , ein slepp å dra inn på dårlege farlige vestlandsvegar på våren, for å oppleva ei flotte blomstringstid.. Humlene, innsekta ville hatt ei kanontid med å formera seg og å frotsa i blomsterstøv og pollen.… Og så etter kvart lagt grunn for ein masse sommarjobb til ungdommen og andre  som skulle få all desse eplene, morellene, pærene, plommene  og all bæra i kassar klare til å havne på våre og utanlandske bord.  Ein hadde jo ikkje klart å fått brukt all denne voksteren til menneskeføde..resten kunne fuglane og innsekta levd godt og lenge på.. Vinn vinn.

Blir nesten heilt geara når ein tenker på at kanskje dette var vegen å gå når Eqvinor pga av press ,må legg inn årane. Då kunne gamle Norge verkeleg ha levd opp til å vera den grøne lunga i vår verdensdel og på toppen ha bidratt til masse sunne god mat til hungrige landsmenn og andre EU folk.

Og når eg tenker på all sideren vi kan få...ja så er nok dette den rette vegen å gå.

| Svar

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.