Blogg

Leste om ei sykepleiar som fortalde om det å gå på jobb i jula. Som så mange andre måtte ho følgje vaktene sine og stilla opp, om det var  jule eller påskeaften og i helligdagane rundt høgtida. Vi er/var mange som går skift, på bedrifter med heilkontinuerlig skift, sjuke og hjelpepleierar og legar på institusjonar, bussjåførar, fly/kabinansette, flygeleierar, trafikkøvevakning, brøytemannskap, sjøfolk på ferger, hurtigbåtar,hurtigruter, oljearbeiderar, amulansesjåførar, drosjesjåførar og mannskap på mange driftsentralar. Med andre ord folk som er limet for å holda samfunnet igong også under høgtidene. Ikkje alle kan gå ut av døra på arbeidsplassen og verkelig ta fri på høgtidene , det var/er mange tusen som må trø til.

Gjekk sjølv rundskift på driftsentral i mange mange år. Min jobb var å ta vare på strømforsyninga  til dei tusen heimar og bedrifter.  Vi hadde generatorar å starte og stoppe, linjenett og trafostasjonar å overvake, ta i mot feilmeldingar frå publikum. Heilt ok jobb men vi måtte være på tå hev heile tida. Skiftordninga gjorde at eg ma måtte på jobb 7 påsker etter einannan. Det vart mange julemiddagar også juleaften, sitjande på jobb. Som aleinefar i mange år var det godt å få sendt guttane over til mora sin familie slik at dei fekk oppleva den vanlige julefeiringa. Den jula fattern blei enkemann og eg morlause ,kom fatteren opp til meg på kraftstasjonen , det vart ein rar og spesiell julemiddag på mi vakt. Ein julemiddag som eg , som vanlig, måtte ta med  frå kafee Rodin. Arnt var ein fabelagtig kokk og pinnekjøttet og riskremen kunne ikkje vore betre.

Seinere måtte vi sitte vakt på driftsentralen ute i Haugesund, også i jula og i påskene. Håpte på fint vær og at stormane skulle gå inn imot landet sørafor eller nordafor våres område. Hvis tordenvær var på veg , kunne vi følge lyn nedslaga på skjerm og vi ønska i pokkerivold. Av og til nå faenskapet feide innover Vestlandet, lyna blinka og stormen ulte så datt strømbryterane ut , feilmeldingstelefonane gløda og det var å få mannskaper ut. Full trøkk. 

Men det kunne også vere stjerneklart ute, fred og ro på sentralen , nøtter og sjokolade i skålene , Chevy Chase i julefilmen på tv. Og på 1erste juledagsmorning kjørte du frå skiftet gjennom ein julepynta stille , sovande by på veg heim .

| Svar

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.