Blogg

Spennande no er det når ein slår opp augo om morningen..kjenner ein noko, utanom det vanlige i ein lettare sleten kropp?  Er panna fuktig, er kroppstemperaturen ein anig høgare?..Ikkje det nei, då kan ein riva dyna tilsides og ein er klar for ein nye dag. Vi har alle våre kriterier som vi skal igjennom før ein nye dag starter som den skal.

Ei gammal kompis og trommis i tidlige band , Raymond, sto etter eige utsagn ikkje opp av senga viss ikkje han hadde «morrabrød» .Hvis ikkje "brødet" var på plass så  ropte han til mor si og ba ho ringa ned til fabrikken i Sauda og sei at han var sjuk. Dette er jo mange mange år sia så han har sikkert måtte moderera på krava sin han som oss andre. Om ikkje det berre er gode minne så hender det i alle fall ikkje så ofte som i ungdommen.

Men i alle fall så er det tøffe tider for mange.. noken mister 40% av inntekta si.. Og enkeltmannsforetak som driver med freks Taxikjøyring får levgrunnlaget brutalt reve vekk. Hjelpetiltaka til ein regjering som hadde håpt å slippe unna med moderasjon i formueskatten favner så langt ifra alle.. Håper det kjeme seg.

Vi som har faste inntekter frå staten som trygd  og  pensjon slepp jo greitt ifrå noko reduksjon håper eg..

Alt er vel ikkje så gale i desse merkelige tidene..slepp gnålet , for ei stund i alle fall til miljøfantastene.. Bilen blir jo brukt mindre, flya står på bakken..folk er jo heima eller på hytta (som dei ikkje burde vera).. så klimamåla til dei grønne  er jo rett rundt hjørna.. Tenk å få oppleva ein fornøyd politiker frå MDG…berre det.

Viss ein hadde sett ordet kjærlighet først i denne koronaens tid..så kunne det blitt ein boktittel til ein eller annan spansktalande forfattar som sjølsagt etter kvart fekk nobelprisen i litteratur.

 Men det er vel ikkje mykje kjærlighet i eit virus. På stortinget er delegatane stort sett enige om at Høie har gjort ein god jobb i forkant av smittebølga.. Beredskapen er på topp , medisinlagra fulle , sykepleierane skjerpa, såpedispenserane fyllt opp skryter helseministeren , så nå kan berre bølga komma. Vel vi har høyrt store ord og fett flesk frå den kanten før.

Så får vi tru eller ikkje tru det då..men vi må ta ansvar sjøl også…3-4 nys så er det rett i karantene i heimen, as long as it takes. Det gjeld å fylle opp matskapet med joikakaker på boks, hansa 2 i kjøleskapet og Martell i godskapet.. Her skal viruset bekjempes med det beste på markedet..

Og dei som ikkje satser så sterkt kan jo resikera det verste og møta sin skaper noken år for tidlig. Og hvis det kjeme så langt, håper eg Vårherre kan snu litt på at det alltid er dei beste av oss som går først og at det er drittsekkane som lever lengst. Eg håper som sagt sjefen kan snu på det , for ein gongs skuld å sei her skal dei siste  bli dei første..og sende avgårde ACER forkjempere, vindkraftutbyggerane, Erna Solbergregjeringa, og ubrukelige fiskeriministrar først…lenge før turen kjeme til oss andre..Men det får vera plan B, plan A er jo at vi alle, politikerane også , går fri viruset.

 

 

No når hysteriet om koronaen og klimaet har ramma oss, så har også klobalistane, liberalistane og kapitalistane fått seg eit skudd for baugen.. Hjartet til desse istane har jo pulsert og slått i Kina. Her har Findus fått tilsatt saltvatn og fått pakka fisken sin , før den flyfrakta har havna på norske og europeiske bord. Her har duppedittar og tusner på tusner av deler , i frå alt som driver og styrer alt frå bilar til lensepumper ute på feltet..frå mobilar til bruksting på Coopen. Kineserar med tendenser til feber og vondt i hovudet er ikkje interesserte i å støtte vestlige forbrukerar.. dei tenker på seg sjølv , sjukemelder seg og drar fram den gamle sykkelen sin frå kjellaren , smører opp kjeder ol så den er klar til sommaren.

Dermed lager dei ein masse hovebry for oss her i vesten…ja dei som produsere og er i salgsmarkedet. No må dei kanskje snu på hovudet og sjå heimøve..for kanskje kan dei same duppedittane og finurlige deler og….torsken, utan saltvatnpåfyllig kan produserast og pakkast her heima. Kankje alt som har havna og vore innom Kina må  reverserast og produserast her heime? Kanskje til og med pensjonsfondet våres kan investera i det norske , i norske varer og norske firma og fabrikkar.  Rett før virus smitten eksploderte utalte bestyrelsen her at dei hadde passert 10000 milliardar i størrelse på fondet.. Men så datt de , på få timer og utan det heilt store presseoppslaget, 700 mill. Det er skjøre greier.

Og når hjartet slite så følge ofte dei andre kroppsdelene etter.. Så kanskje dette hysteriet ikkje berre er gale..men at det snur og til og med dei nemnde istane. Kanskje får dei nesten sundtrakka næringane våre ein nye giv…Jordbruket våres kanskje ..hadde vore velfortent. Og då kan kanskje Felleskjøpet begynna å selga jordbruksrelaterte varer igjen…ikkje berre hundemat og vaskemiddel.

Vart litt satt ut i går då protestgeneralen i mot klimahysteri, Amundsen ,vart kalla både det eine og det andre av den etablerte pressa, NRK, VG og Dagblad. Det vart ikkje spara på kruttet, nazist, antimuslim ja til og med hadde han stått på ei liste for pensjonistpartiet under valg. Rett og slett uhørt.  Hvis dette er sant så  vil vi jo ikkje dilte etter ein slik kar ? Eller skall vi gi han ein sjangse. ?  Skal vi stole på Faktisk.no ..Ikkje sikker ,har vel sett såpass mykje både av dei tre aktørane at dei ikkje tar 5 øre for å grumsa til for så å «ta» ein motstander. Har Tønnes saken frist i minne. Vi får håpe at Amundsen er sitt ansvar bevisst når gruppa auker såpass mykje og dermed får så såpass store makt i klimadiskusjonen. Han må i alle fall halda gruppa kjemisk fri for muslim og framandhat..

Vi ser jo at det er i alle fall ikkje dei to siste nevnte som utgjere ein fare for demokratiet her til lands…den faren står dessverre våre eigne politikere for sjølv og demokratiet vårt rotnar på rot av politiske beslutningar som sender makta over våre eigne ressusjer utalands.

Eg er jo ikkje blind for at det «hender noke med været». Var i stigen oppetter husveggen i heile går for å monterte nye takrenne. Den gamle vart slete ned i stormen i helga og havna borte hjå naboen. Vi har jo berre sporatisk  tatt imot dagsaviser frå hovedstaden dei siste 14dagane. Uværet her vest er blitt meir intenst og tøfft dei siste åra. For 13år sia sleit båten vår seg i ei brygge å rek på land, saman med brygga..i ein skikkelig orkan. Golfstrømmen har vel ikkje berre skulda heilt aleina.

Vi må tenka fornuftig å ta tak sjølv..som vi også gjere..skifte til varmepumper her i heimen,  ikkje ha 27 grader i romma heile tida, vurdere om vi treng meir enn ein bil, redusera på sydenturane med fly, blir kollektivtrafikken lagt til rette så kan vi bruke den meir, må vi kjøyra 40 mil kver helg for to overnattingar på hytta? Sikkert mykje anna også.

Myndighetene bør for å nå sine klima måla tenka med innsida av hovudet dei også , ikkje overlate til klimafantastane , konsulentar, 1erst House og liknande som ser penger i dette overta ..det blir det berre steilere frontar av . Vi kan ikkje rasera fjella våre i ein idiotisk oppbygging av vindkraft turbiner. Vi må få oppdrettsanlegga våre opp på land så forsøplinga av fjordane våre stanser. Vi kan bruke milliardane som vi nå sender ut , i eit fåfengt forsøk for å stanse avskoging, her heime. Vi kan freks. forlenge Nord Norgebanen til Kirkenes for å få flybruken ned, Vi kan justera jernbanenettet vårt opp for å få meir fart ,slik at dei er ein reel konkurrent til flya. Vi kan få ned flybruken med rettare og betre vegar som gjere køyretida td frå Oslo til Bergen, Oslo- Haugesund ned fleire timar. Bruke båt i godstrafikken i staden for ei endelaus rekka med trailere .  Begrensa anløp av dei store luxus cruiserane som forsøplar fjordane.. Vi må ta i bruk nye teknologi, men ikkje før den er utprøvd og kvalitetsikra. Skrekkeksemplet for det er vel dei nye el fergene som blir tatt i bruk. Det viser seg at dei treng lading mykje oftare enn som det såg ut som då dei var på teiknebrettet. Myndighetene gir blaffen og sender rekninga og ulempene til brukerane her vest, midt i og i nord. Skammelig. Dobbeltmoralen er såvisst på plass her også  for det er rart  at dei gamle fergene blir seld ut av landet og som no tøffer og går no i meir exotiske strøk. Gamle wickmanndieslar legg vel røyk bak seg også andre stader. Men det er vel planeten som skal bergast , ikkje berre lufta over fjorden frå Utåker til Skånevik?

Eg er, enn så lenge med i denne gruppa imot klimahysteriet. For hysteri er det blitt tilgangs og lettvekterar som Rotevatn, Bellonasjef og mange andre berre hiv bensin på det bålet.  Rolig, ta det rolig, skru ned den hersens klokka ved stortinget og bruk hovudet…Dra lasset saman utan hysteri..

Klima og miljøminister Rotevatn er i India i viktige møter i FN og i  samarbeid med India om klima på dagsorden . Ministeren reiser sjølsagt med fly, som svir opp noken 100tonn med jetfjul til og fra. Tipper at han også har med seg eit hoff med statssekretærar og andre «slitne « medarbeiderar som treng ein tur på første klasse for å lade batteria. Den tidlegare miljøministeren ville jo/eller han sendte sine medarbeiderar på weekendkurs i SanFrancisko, så den nye ministeren må følga opp her.  Viktig å knytte kontaktar hjå klima foket også..og då spiller det ingen rolle om ein svir av noke jetfjul.  Å  møtes på storskjerm heime i departementes forgylte salar det går jo slettes ikkje an… Nei det å spara verda for flyturar det kan menigmann og dei lenger nede på stigen gjera.. sett slikt.

Rotevatn lander vel i India som ein slags guden Chiva. Milliardane i bagasjen brenn nok etter å bli gitt vekk , romslig økonomi i det departementet. Og han vil ha seg frabedt å få noke forklaringsproblem kor pengane i bagasjen kjeme ifrå. Kan ikkje synka ned på eit nivå der han må fortella om skitne oljepengar og det same frå ein lusbefegnte oppdrettsnæring. Den siste næringa har jo også ved sida av å nesten ha tatt knekken på den atlanterhavslaksen.    Nei slike småtteri behøve ikkje Inderane å vita noko om..

Nei det går nok mot ein flotte tur for klimaprinsen , i det å ta vare på klimaet si teneste. Og..og dette er viktig ..prinsen  tok bilder ut av flyvinduet ..der ein verkeleg  kan sjå at jordskorpa krummer seg..  Så han har nok rett der også ..at jorda er rund.

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.