Blogg

Viss ein hadde sett ordet kjærlighet først i denne koronaens tid..så kunne det blitt ein boktittel til ein eller annan spansktalande forfattar som sjølsagt etter kvart fekk nobelprisen i litteratur.

 Men det er vel ikkje mykje kjærlighet i eit virus. På stortinget er delegatane stort sett enige om at Høie har gjort ein god jobb i forkant av smittebølga.. Beredskapen er på topp , medisinlagra fulle , sykepleierane skjerpa, såpedispenserane fyllt opp skryter helseministeren , så nå kan berre bølga komma. Vel vi har høyrt store ord og fett flesk frå den kanten før.

Så får vi tru eller ikkje tru det då..men vi må ta ansvar sjøl også…3-4 nys så er det rett i karantene i heimen, as long as it takes. Det gjeld å fylle opp matskapet med joikakaker på boks, hansa 2 i kjøleskapet og Martell i godskapet.. Her skal viruset bekjempes med det beste på markedet..

Og dei som ikkje satser så sterkt kan jo resikera det verste og møta sin skaper noken år for tidlig. Og hvis det kjeme så langt, håper eg Vårherre kan snu litt på at det alltid er dei beste av oss som går først og at det er drittsekkane som lever lengst. Eg håper som sagt sjefen kan snu på det , for ein gongs skuld å sei her skal dei siste  bli dei første..og sende avgårde ACER forkjempere, vindkraftutbyggerane, Erna Solbergregjeringa, og ubrukelige fiskeriministrar først…lenge før turen kjeme til oss andre..Men det får vera plan B, plan A er jo at vi alle, politikerane også , går fri viruset.

 

 

| Svar

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.