Blogg

No er det dei sterke leierane som vert tiljubla.  Erna, Trumpen og andre statsleierar vert løfta opp som lysande føredøme på det dei gjere og sikkert vil gjera. Sterke, faste,  besluttsomme..rir dei inn i den opplyste politiske solnedgangen.  Kanskje med rette? Tja.. Vi har jo gløymt det dei sto for før dei fekk glorien. Har vi gløymt at Høie på ordre av Erna drog på nedleggingsraid av sjukehus og fødestover nedover kysten. Har vi gløymt ei ambulanseflyteneste som i månedsvis var livsfarlig for Finnmarkingane? Eg kan ikkje for det men kver gong eg ser Høie entre talestolen og utaler seg ,og kanskje han gjere ein bra jobb…det bør han eigentleg ha alle forutseningar for å gjera med ein svære flinke stab med fagfolk rundt seg og ikkje minst 10000milliardar på bok å ta av, til å kunne klare å gjera. Men altså når eg ser den mannen så ser eg bunadskledde engstelige kvinner som møter han med bønn om å spare deira fødestove… Dette er nok for meg til å riva glorien ned.

Det same er det med Erna som står på de same talerstolane og er effektive. Så speler igjen denne hukommelsen min som dette inn. Eg husker ho så tydelig då ho berre for noken veker sia delte ut løyver og selde ut kraft til utlandet. Tufta på den «grøne kraften» opna opp for pengesterke utalandske storkapital slik at dei kunne ta seg til rette i dei norske fjellheimar og øydelegga norsk natur og drepa dyr og fuglar. Ho står for storsalg av kraft og fallrettar og rydder med det ein fine og lukrative retrett frå sitt politiske liv til mjuke salongar og luftige kontor i Brussel eller UN.. Slik er min hukommelse ..den drar ned den eine glorien etter den andre.

Når kampen imot Covid-19 er vunne..og det blir den ,så håper eg at vår felles hukommelse ikkje spiller oss eit puss og utelate det som er historien før viruset. Eg håper at vi kan tenka sjølv og gje denne regjeringa og disse folkene reisepass ved neste val. Viss ikkje så er eg redd vi først som sist kan føre opp det tyske språk som sidemål i den norske skule..

No er det tid for å få med seg ein haug med filmer og serier frå filmkanalane eller norske tv kanalar som ein stort sett tar opp i frå og ser på i etterkant. Slik at ein kan spole over all reklamen. Vi som har vore glad i filmer og seriar ser jo at det er ein visse utvikling i desse. Dei spegler jo samfunna som vi til ein kvar tid lever i. I mange seriar og filmer er det jo byggd inn kjærlighets intriger og scener..

Vi som har fått med oss Bergman og Fellini filmer for over 50år sia er jo også vane og blir sjeldan sjokkerte over nakenscener . Vi har jo humra nå i fleire 10år når vi har sett Hollywoodstjernene har hatt seg, med ein masse klesplagg på kroppen.. Røyrslene er det ingenting i vegen med ..men det er litt latterlig når ikkje eingong BH forsvinn under lange sexscener.. No i dei seinare åra har vel Hollywood gjømt vekk litt av den amerikanske dobbeltmoralen og vist meir nakenhet når helten og heltinna hopper til køys.

Men i dei aller siste åra er det helst helten og helten som koser seg eller heltinna og heltinna som blir baka inn i elskovscenene.. og som har overtatt .  Det speglar vel samfunnet rundt oss det også  og det bør vi kanskje tåle. Det er visstnok det som er det mest normale pr 2020. 

Eg veit jo ka eg foretrekke, men det er jo meg. Ikkje heilt uventa så meiner Solf. det same som meg, så freden og roen i familien er i alle fall sikra..

Kan lure på om våren 2020 er regissert av sjølvaste Hitchcok.. Når ein ser torg , strender og landområder som er tømmt for mennesker..så er det fritt fram for dyr og fuglar som «tar» tilbake gammalt territorium. Fuglar flokkar seg på sandstrendene der kor bleike solhungrige før fralta rundt.  I parker og sletter titter mikkel fram, rådyr og hjort koser seg…for der er jo ikkje «plagsomme» folk. I steinsette gater i Spania , Italia og Greekenland jakter småe og større dyr rundt på kverandre ..inne i byer og småbyer.

Er virusen  som dukka opp på eit matmarked  i Kina ein slags hevn ?  Har forsynet sett seg nok forbanna på at dårlig behandla levande dyr blir solgt over disk pga rare og stygge spisevaner til Kineserane og oss andre? Vi veit at det er skyhøge prisar på eksotiske dyr og dyrare til meir sjeldne dei er. Er dei på utryddingstrua listene så er det berre steinrike bizzarre gerningar som kan kjøpa..og det gjere faenskapet. Når det minke på bladgull dandert mat..ka er då betre enn ein rett frå ein som er på den raude lista. Spise den saman med gode venner og la den gli ned med dei dyraste dråpar , gjerne flybåren frå spesielle gårder i Frankrike. Den skal jo slaktes først og det blir gjerne gjort som ein festlig høydare i forkant for det suverene måltidet. Når steinrike drittsekkar kan betale 150000kr for eit svalerede..ka kan dei då ikkje betale for eit dyr eller art som det berre finnes ein handfull igjen av på jorda?

Eg er kjøttetar sjølv, men eg håper at dyret som eg et er forsvarlig avliva utan for store pinsler. Og.. ville dyr som er fallt under jakt sikkert avliva av flinke jegerar. Og du veit at dei så langt ifra ikkje er på noke liste med raudfarge på.  Håpet her er at dyr blir behandla med repekt og godhet før det blr avliva .  Det er neppe dyrevelferden dei tenker mest  på , på mange av dei store matmarkedene i Wuhan og elles i den store verden. Vi har også sett dyremishandling i vår verdsdel, hester og kyr som blir heisa opp frå skitne lasterom..gjerne etter bakbaina som blir knekkte under den jævlige behandlinga. Kveg blir ala opp til å produsere mest mulig kjøtt. Dei er så svære dei kan ikkje gå. Gjess blir tvangsfora slik at levra er store og feite når dei blir slakta..alt tilpassa menneske. Og matbaronane og politikerane her til lands gjer no vel blanke faen i om dyra blir mishandla..det er jo billig kjøtt. Og med skam å melde ..det gjere vi også..det er jo billig.

Globalistane i regjering vil jo helst legga ned det norske landbruket.. Eit landbruk som vi kan vera stolte av når det gjeld dyrevelferd. No når pelsdyrfarmane heldigvis snart skal leggast ned så har vi ennå meir å vera stolte av. Krisa no viser at vi må satse på å produsere eigen mat…og det er eit stort pluss for dyrevelferden også.

Men i alle fall hevn eller ikkje, Hitchcok kunne ikkje regissert meir skremmade slik denne våren i 2020  har utvikla seg.

Har alltid lurt på korleis det er for dei som soner straff heime..med fotlenke. Det er vel ikkje dei mest beinhardt kriminelle dette gjelde for, meir dei som er tatt med ein dagenderpåpromille på 0,3-0,5(?) eller har vore litt tunge på gasspedalen over Haukelifjell så nåla har vippa 130km/t , ei lyse sommarnatt kl 02:30 med zero trafikk. Men i alle fall, fotlenka må på og ditt hus er blitt eit fengsel. Du slepp i alle fall og sona ilag med øksemordere , narkotikasmuglere og uærlige politifolk som jo er i den harde katogorien og som sikkert hadde kunne lokka deg til ein lang kriminell løpebane etter endt soning.

Men no er vi i same klasse som dei med fotlenke og heimasoning…vi kan jo ut å lufta vovvane morgon og kveld.. jobb er det ei heile stund sia vi bekymra oss om , vi får våre mndlige kroner inn på konto frå eit samfunn som vi har invistert i i ca 40 år.. Så den er grei, kjøleskapet er like fullt som det alltid har vore, kanalspektret på tven er også bra, hastigheta på nettbrettet greitt nok, oppe på guttarommet står gitarar, forsterkerar og trommer opplina,til og med ein nyinnkjøpt SG. Og fruen har ikkje kasta meg ut av dobbeltsenga…ennå.

Så visst det er slik dei med fotlenka har det, så må eg sei det ikkje skremmer meg så mykje .. Men dei med fotlenka kunne vel også  rekna med å ta den av etter ein 3vekers tid. Så no spørs det ka tid oss andre kan kvitte oss med den usynelige fotlenka vår?

For mange år sia så las eg ei bok av ein fransk forfattar ,Gabriel Chevalier, med tittelen «Et forargelsens hus». Den handla om alle viderverdigheter rundt det å få bygga eit offentlig toalett i ein liten fransk landsby rundt 1930 talet. Dei hadde i ugangspunktet ingen offentlig toalett . Så når innbyggerane hadde vore på dei lokale vinstovene å drukke sine tilmåla glass med raud og kvit vin frå lokale produsentar eller kanskje eit glas Calvados og tre. Vinstovene hadde jo toalett, men folket  skulle jo heim og på vegen heimøve var det inga anna råd enn å pissa på plankegjerer eller murar..til store forargelse for lokale donnaer og spissnesa franske mademoiseller. Kravet få desse var jo at byen måtte bygge eit offentlig toalett. Eit toalett som skulle bygges opp i stein midt på torget. Ei fornøyelig bok som jo enda opp at dei alpehuekledde fekk sitt toalett tilslutt..men ikkje utan ein lokale krig.

Det burde blåsa opp til ein lokale krig no når Etne politikerane vil ta ifrå Skåneviksbuen sitt einaste offentlege toalett. Eit toalett som eigentleg også er øremerka reisande, med buss, ferje eller hurtigbåt. Etne kommune betaler under 1/3 av 200000 som det koster å drifte eit avtrede for trengande . Men nå vil dei spare desse pengane (5500 pr mnd) Og dermed slå ein spiker i kista for dette offenlige  nødvendige avtrede. Dette er toppen på smålighet synes eg..Eg vart så irritert då eg las om det at eg kjeme med eit forslag her og nå…

Eit forslag som går på at ordførar ringer til kommunedirektøren og spør om han synes at han fortener milliomlønna si?…Hvis dei då kan bli einige om at dei begge redusere lønna si ned til 800000 kver, som dei vel begge kan leve greitt med.    Etter å ha gjort dette storverket og gått i same fotspora som ordføraren i Sokndal gjorde, så kan dei dra fram sparekniven og kutta i budsjetta sine med godt samvet,, Ved å gå ned frå millionlønn sjølv sparer dei ei lønn som tilsvarer ein hardt arbeidane hjepleiarlønn på ca 400000 pr år. Sjå det-…no kan dei drifta eit offentlig toalett i Skånevik og bygga opp her i Etne også, for vi manglar her også, og enda har dei penger til overs.

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.