Blogg

Spennande no er det når ein slår opp augo om morningen..kjenner ein noko, utanom det vanlige i ein lettare sleten kropp?  Er panna fuktig, er kroppstemperaturen ein anig høgare?..Ikkje det nei, då kan ein riva dyna tilsides og ein er klar for ein nye dag. Vi har alle våre kriterier som vi skal igjennom før ein nye dag starter som den skal.

Ei gammal kompis og trommis i tidlige band , Raymond, sto etter eige utsagn ikkje opp av senga viss ikkje han hadde «morrabrød» .Hvis ikkje "brødet" var på plass så  ropte han til mor si og ba ho ringa ned til fabrikken i Sauda og sei at han var sjuk. Dette er jo mange mange år sia så han har sikkert måtte moderera på krava sin han som oss andre. Om ikkje det berre er gode minne så hender det i alle fall ikkje så ofte som i ungdommen.

Men i alle fall så er det tøffe tider for mange.. noken mister 40% av inntekta si.. Og enkeltmannsforetak som driver med freks Taxikjøyring får levgrunnlaget brutalt reve vekk. Hjelpetiltaka til ein regjering som hadde håpt å slippe unna med moderasjon i formueskatten favner så langt ifra alle.. Håper det kjeme seg.

Vi som har faste inntekter frå staten som trygd  og  pensjon slepp jo greitt ifrå noko reduksjon håper eg..

Alt er vel ikkje så gale i desse merkelige tidene..slepp gnålet , for ei stund i alle fall til miljøfantastene.. Bilen blir jo brukt mindre, flya står på bakken..folk er jo heima eller på hytta (som dei ikkje burde vera).. så klimamåla til dei grønne  er jo rett rundt hjørna.. Tenk å få oppleva ein fornøyd politiker frå MDG…berre det.

| Svar

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.