Vart litt satt ut i går då protestgeneralen i mot klimahysteri, Amundsen ,vart kalla både det eine og det andre av den etablerte pressa, NRK, VG og Dagblad. Det vart ikkje spara på kruttet, nazist, antimuslim ja til og med hadde
han stått på ei liste for pensjonistpartiet under valg. Rett og slett uhørt. Hvis dette er sant så vil vi jo ikkje dilte etter ein slik kar ? Eller skall vi gi han ein sjangse. ? Skal vi stole på Faktisk.no
..Ikkje sikker ,har vel sett såpass mykje både av dei tre aktørane at dei ikkje tar 5 øre for å grumsa til for så å «ta» ein motstander. Har Tønnes saken frist i minne. Vi får håpe
at Amundsen er sitt ansvar bevisst når gruppa auker såpass mykje og dermed får så såpass store makt i klimadiskusjonen. Han må i alle fall halda gruppa kjemisk fri for muslim og framandhat..
Vi ser jo at det er i
alle fall ikkje dei to siste nevnte som utgjere ein fare for demokratiet her til lands…den faren står dessverre våre eigne politikere for sjølv og demokratiet vårt rotnar på rot av politiske beslutningar som sender makta
over våre eigne ressusjer utalands.
Eg er jo ikkje blind for at det «hender noke med været». Var i stigen oppetter husveggen i heile går for å monterte nye takrenne. Den gamle vart slete ned i stormen i helga og havna
borte hjå naboen. Vi har jo berre sporatisk tatt imot dagsaviser frå hovedstaden dei siste 14dagane. Uværet her vest er blitt meir intenst og tøfft dei siste åra. For 13år sia sleit båten vår seg i ei
brygge å rek på land, saman med brygga..i ein skikkelig orkan. Golfstrømmen har vel ikkje berre skulda heilt aleina.
Vi må tenka fornuftig å ta tak sjølv..som vi også gjere..skifte til varmepumper her i heimen,
ikkje ha 27 grader i romma heile tida, vurdere om vi treng meir enn ein bil, redusera på sydenturane med fly, blir kollektivtrafikken lagt til rette så kan vi bruke den meir, må vi kjøyra 40 mil kver helg for to overnattingar
på hytta? Sikkert mykje anna også.
Myndighetene bør for å nå sine klima måla tenka med innsida av hovudet dei også , ikkje overlate til klimafantastane , konsulentar, 1erst House og liknande som ser penger
i dette overta ..det blir det berre steilere frontar av . Vi kan ikkje rasera fjella våre i ein idiotisk oppbygging av vindkraft turbiner. Vi må få oppdrettsanlegga våre opp på land så forsøplinga av fjordane våre
stanser. Vi kan bruke milliardane som vi nå sender ut , i eit fåfengt forsøk for å stanse avskoging, her heime. Vi kan freks. forlenge Nord Norgebanen til Kirkenes for å få flybruken ned, Vi kan justera jernbanenettet vårt
opp for å få meir fart ,slik at dei er ein reel konkurrent til flya. Vi kan få ned flybruken med rettare og betre vegar som gjere køyretida td frå Oslo til Bergen, Oslo- Haugesund ned fleire timar. Bruke båt i godstrafikken
i staden for ei endelaus rekka med trailere . Begrensa anløp av dei store luxus cruiserane som forsøplar fjordane.. Vi må ta i bruk nye teknologi, men ikkje før den er utprøvd og kvalitetsikra. Skrekkeksemplet for det
er vel dei nye el fergene som blir tatt i bruk. Det viser seg at dei treng lading mykje oftare enn som det såg ut som då dei var på teiknebrettet. Myndighetene gir blaffen og sender rekninga og ulempene til brukerane her vest, midt i og i
nord. Skammelig. Dobbeltmoralen er såvisst på plass her også for det er rart at dei gamle fergene blir seld ut av landet og som no tøffer og går no i meir exotiske strøk. Gamle wickmanndieslar legg vel røyk
bak seg også andre stader. Men det er vel planeten som skal bergast , ikkje berre lufta over fjorden frå Utåker til Skånevik?
Eg er, enn så lenge med i denne gruppa imot klimahysteriet. For hysteri er det blitt tilgangs
og lettvekterar som Rotevatn, Bellonasjef og mange andre berre hiv bensin på det bålet. Rolig, ta det rolig, skru ned den hersens klokka ved stortinget og bruk hovudet…Dra lasset saman utan hysteri..