Litt bittert er det at to ting som eg eigenleg er glad i er framme i nyhende, med corona som pluss og minus, og med masse like trekk. Corona med søte smak frå dei store jordbærprodusentane, corona med bitter ettersmak frå
Hurtigruta. Både jordbærprodusentane og Hurtigruta har henta mannskaper med fly frå østen, jorbærprodusentane sine mannskaper frå Vietnam og Hurtigruta sine mannskaper frå Filipinene…begge gir ein sure
ettersmak for grunnen er utvilsamt at å lønna desse er mykje billigare .
Jorbærprodusentane påstår at norsk ungdom , i alle aldrar, ikkje KAN plukka bær…eller i alle fall det blir for dyrt å hyra dei
inn. Til og med arbeidsame polske plukkerar vert sende heim. Desse har vist seg å ikkje kunne godta ei timeløn som så vidt tipper hundrelappen Hurtigruta har vel same dårlige grunn, dei har jo også mange permiterte
norske mannskap som venter heime ,klar til å komme i jobb. Når vi veit at både dei store jordbærprodusentane og Hurtigruta er hardt sponsa av den norske stat, så kan ein jo spørje seg sjølv at slikt går an
. Skikkelig dårlig politikk er det at vi er med å sponse slike.
Jordbærproduksjonen her til lands kjeme vel på færre og færre hender…Trist at det ikkje er slik som før i verda då ein bonde kunne
gjera seg nokre ekstra kroner med å ha ein jordbæråker som det var litt storleik på. Men vi gidde vel ikkje sjølv å dra på sjølvplukk nå til dags.. Vi begynner vel sjølv og bli litt for kvalmande
rike at vi ikkje gidde å plukke sjølv, så det er ikkje berre høgrepolitikken som er grunnen . Nei vi liker å kjøpe 3 korger i slengen, plukka av underbetalte plukkerar frå austen, frå salgsboder med tak over
, der det står ei fager ei som ikkje er så stiv i norsk og som vel heller ikkje har så stive betaling. Og vi putter dei store raude i munnen og om vi ikkje har gløymt det før så gløymer vi i alle fall då at
dette auker dei sosiale skildnaden..dei raude corona bæra er jo gode.
Ka som hender med Hurigruta no er vel uvisst.. Kanskje skipa vert stengt ned som ein kinesisk storby..Kanskje vert dei pålagde å føra gult flagg….Blir
nok ei stund til før vi bestiller rundtur Bergen-Kirkenes-Bergen, igjen.