Det har vore ein gode ettersommar/haust for statsekretærar 1,2,3 og pressesekretærar 1,2,3 og liknande som politikerar, toppfolk i idretten og businessfolk omgir seg med. Dei som skrive festtalane og forfattar prskriv og som får ned
på papiret om kor, korleis og kvifor som dei same toppfolka hostar utav seg og som skal strø sand på saker og folk. Slike ting som slett ikkje politikerane våre eller toppane elles hadde hatt evne og iq til å få ned på
papiret eller inn på ein hardisk.
For ka hadde til dømes happeningen med Petter Northug vore viss ikkje det hadde vore ferdigregissert til fingerspissane AV folk som kan det der. Kanskje til og med hadde med ei som skrella løk i
ein krok i studioet. Eller for ikkje å snakka om det kunstykke som sentralbanksjefen og påtroppande Tangen lirte uta seg og som til dei grader stakk hol på ballongen som burde ha vara ein mnd og to til. For så «vakker» var
den seansen med Tangen og sentralbanksjefen at vi nesten fekk tårer i augene av den. Den appelerte til fleire Amandaprisear på ein gong.
Det norske statsapparatet og samfunnet ellers er full av slike skrivande hangarounds… Dei stiller
opp til og med opp i studioet til Solvang og er sjølskrevne i dagsnytt 18. Politikerane har jo ikkje alltid tid å stilla opp..seier de. Om det er dei nevnte manglande på iq eller andre tig skal vera usagt. Då er det greit å delegera
nedover slik at sekretærkorpset skal kunne gjera seg fortent til alle sugerøyra som dei har nede i statskassen…