Eg kan ikkje sei at eg har opplevd dei heilt store augneblinka...som freks. at du retter lottokupongen og funne ut at du har 7 rette og at 3,5 mill dalte inn på bankkontoen . Eller kanskje ..og sjølsagt mykje betre augneblink ,når
dokteren din kjeme ut og seie ..ja no er du kreftfri og du kan vel putte ein 20-30 år til på levekontoen din. Det siste må vel vera den ultimate opplevinga for dei som har vore igjennom ein lange sjukdomskamp.
Der
har eg (heldigvis kanskje) aldri vore. Men eg opplevde litt av den gleda då kirurgen påsto at det 3dje inngrepet på høgreauge hadde vore vellykka og at synet ville, øve tid , nærma seg det normale. Når
eg såg bilde på datamaskinen, av baksida på auge, så såg det ut som det månelandskapet som Armstrong og Co møtte då dei såg etter landingsplass for Apollo 11..full i krater. Men kirurgen min skrapa
av gamal moro etter førre operasjoner og flata ut landskapet bak på det høgre auga og no er det berre å venta på at det strekke seg ut , som ein landingsplass for synsinntrykk som det jo skal vera.
Når ein går
der å vandrar på eit sjukehus så ser ein jo alle slags skjebner..frå røykesjuke lungeopererte til glade nybaka mødre og fedre . Og eg som ikkje hadde vore innom eit sjukehus sia Brå brakk staven har så visst
ikkje mykje å klaga øve.. Og akkurat i desse tider er det gleda over at synet langsomt kjeme attende det som får gleda over livet til å bobla att.