Blogg

Det er som å miste ein nære søskenbarn når du fekk vita at Peter Green gjekk bort i går. Eit søskenbarn som du aldri fekk snakka med (til det var han for «stor» nesten på høgde med Vårherre. Eit søskenbarn  som viste veg i bluesen og som du tidleg lytta til gjennom Fleetwood Mac og seinare såg og høyrde i Splinter Group.

Han var vel kanskje den varaste og finsligaste av supergitaristane som kom frå Jon Mayells Bluesbreaker. Han ga oss låtar som fabelaktige Supernatural..  https://www.youtube.com/watch?v=QV-VugfOZuY 

Vi i Fifty Fifty var så heldige å vere oppvarmingsband til Splinter Group på Skånevik Bluesfestival. Vi satt i samme sletne sofaen som Peter Green back stages..    Kanonminner. Vi kunne fått han i tale på fjordhotellet men turte ikkje be han bort til bordet våres. Han hadde sikkert tatt i mot tilbudet og prata med oss..men motet svikta hos meg..han var for stor.

Splinter Group var jo eit band frå øverste hylle  , berre topp musikerar og vi kunne på konserten sjå den respekten de hadde for Peter, men han ga god plass for sine medmusikatar på scenen. Virka som ein tvers igjennom ok fyr. Alt med han virka lågmelt og rolig. Det var sagt at då  Splinter Group skulle spilla på Ronny Scotts club så var spørsmålet frå Green til klubbleinga på jazzklubben , kor lågt dei kunne få spilla..  Lågmelte i musikken også..men med kvalitet.

Kan berre få takke for alt han har laga til oss og for fine opplevingar..   Kvil deg i fred Peter..der oppe mellom Albatrossane..

Synes usigelig synd på innbyggerane på Frøya , Haramsøya og på Finnskogen oa.når disse monstra av nokre vindturbinvenger kjeme med spesialbyggde lastebilar , klare til å verta reist over deira kjære heimplassar.  Ikkje at eg er alvorleg religiøs..men har jo blitt proppa full av god og halvgod bibelhistorie frå det norske skuleverket oppover , så noke sit vel igjen i hjernebarken.

Eg trekker samanlikning med sjølvaste Jesus og hans veg med krossen (Via dolorosa) opp mot krossfestinga på Golgata.  Ser for meg frakta av desse vengekolossane på utsprengte bygdevegar som ein lidelsens veg for innbyggerane på Frøya, Haram og Finnskogen, opp til innbyggerane si Golgate . Her kan Trøner energi, Zero, NVE, Utanlandsk storkapital, og andre råe utbyggerar spikra dei slagne  innbyggerane opp, Her kan dei dryppa eddik  i såra deira , fukta svampar og gje dei døyande. Alt dette medan Erna i Pontius Pilatus skikkelse og Tina ,sjefsfarisearen , rettar tommelen opp. Eller ned alt ettersom når ein tenker på å ta livet av alt det som er kjært og norsk.  

Men kanskje det går med oss (og innbyggerane på dei nemnde stadane) som det gjorde med Jesus, at han etter sigende rista liv i seg på den 3dje dagen og stridslysten tok opp kampen igjen. Jesus kjeppjaga jo fariseerar og handelsfolk ut av templet , så ein skal ikkje sjå vekk i frå at dei hardt prøva innbyggerane til sjuande og sist kan jaga  Tina og hennar fariseerar og handelsfolk vekk frå øyane og skogen sin.

Alle veit eller bør vita at vert ei jente eller ein gutt voldtatt, så får dei skader for livet. Ingenting kan få dei heilt på rett kjøl etterpå. Samfunnet  prøver nok , med heile deira hjelpetiltak og ekspertise , å hjelpe offera men dei klarer ikkje å slette alle spor etter udåden. Samfunnet prøver så godt dei kan å fange ugjerningsmann/kvinne og får dei straffa .Lange fengselstraffer venter ugjerningmenn/kvinnene, heil fortent.

Slik er det også når mennesker voldtar naturen slik som med å sette opp skremande, stygge vindturbin»parker». Vi klarer nok å ta drapsmøllene ned att og vi klarerer å frakte de vekk, knusa fundamentene og jevne ut med maskiner der dei har stått. Men vi greier aldri å få attende naturen slik den ein gong var, til det er skadene for store..Skjemmande vegar er byggd på kryss og tvers inne på våre vakrer fjell og vidder. Myrer, fjell og skogsterreng er øydelagt for alltid. I ettertid kan vi  bruke flinke landskapsarkitektar, maskinkjøyrerar og fjellfolk aldri så mykje..skadane er der.

Som det er no så er dette siste revnande likegyldig for regjering , storting og sentrale politikerar. For ikkje å snakka om dei som tener store penger på galskapen..Det er rett og slett eit ikkje tema. Dei er voldtektsmenn heile gjengen. Dei burde ha straff på lik linja som dei som voldtar mennesker. Det er ikkje nok at dei «prøver» å rydde opp etter seg , vi veit alle at det er eigentlig til få nyttes.

Har skreve det før og skriver det igjen..vi bør ha eit nytt politisk parti som har som hovudformål å ta vare på vår dyrebare natur og sette stopper på den voldtekten som går føre seg. Eit parti som må gå inn for i første omgang å sette stopp for all utbygging av Vindturbin/drapsvindmøller til lands og vanns og som på sikt tar tak i det å rive eksisterande fæle vind»parker».

Sjøl om vi nå står nesten hjelpelause på sidelinja og ser på denne masse voldtekten hender så må vi ha trua på at sunn fornuft, sundt bondevett , og respekt for mennesker , fuglar, dyr og land vinner.

«Lure på om det hadde vore betre å gått på legd enn å ha blitt ivaretatt av Haugesunds kommune , viss ein hadde blitt gamal og pleietrengande i den kommunen.» Kraftsalvo kom ifrå Solfrid etter å ha lest HA om Walter -Nordal Sørensen sin 88 år gamle mor som i heimetenesten sine hender hadde rasa ned i vekt og var komen ned i 35kg. Ein vektklasse som ville gjort Twiggy grøne av misunning. No var vel Twiggy under 30år då ho var på sitt smalaste..,det var ikkje Sørensen si mor. Ho var godt oppe i åra og trengte kver kilo for å oppretthalda ein brukande alderdom. Det måtte altså ein oppegåande pårørande som berga dette 88 årige menneske frå ikkje å forlate dette livet pga  underernæring. Sørensen møtte nesten ein vegg når han ville kontakta dei som sit med ansvaret oppe i kommunen . Ikkje fekk han tak i de på telefon så han måtte entre løvens hule før han fekk augekontakt og gehør for den engstelse som han kjende på når det gjalt mor si. Då  vførst gadd deiansvarlige svara han. Infomappen til dei pårørande var over 20år gamal og besto av telefonnr som ikkje var i bruk og namn på avdelings sjefar som hadde slutta for lenge sia..Hvis ikkje Sørensen hadde vore såpass oppegåand og pågåand som han var (kem av oss hadde klart det?) så hadde han måtte gitt opp og mor hans hadde gått ein sikker tidligare død i møte..Det er så ein nesten ikkje trur at det er sant.

«Haugesund kommune er ein kommune som set fokus på ernæring blant dei eldre» seier fungerande ordførar Trine Meling Stokland før ho dukker ned i tausetsplikta sin grumsete verden. Det er jo ei sanning som dett som ein stein etter å ha lest denne artikkelen. Vakre ord er det ..men er som med så mykje anna ein rein bløff. Dei i heimehjelptenesten er vel som i andre kommunar overarbeidde og har nesten ikkje tid til brukerane.. Dei skal vera så effektive som mulig på kortast mulig tid ..då hender slike ting som dette. Dei skifter så ofte at brukerane, ofte engstelige eldre, har vanskelig til å forholda seg til dei som kjeme..

Vi kan lura på kor den oppskrytte HMS tenesta er hen.. Kanskje har dei oppdretta heime kontor på eit av dei 5 soveroma som er på hytta på Vågsli.. Ikkje veit eg. Men ein ting veit eg at det er ingen på toppane i kommunen som får svi i slike alvorlige saker..Dei hufser litt på skuldrene..varaordførar, ordførar , helsesjefar og heile kostebinderiet..og sender ein mail til kvarander…dette kan vi jo diskutere litt før vinlotteriet på fredagen..kan vi ikkje?

Så viss Solfrid og eg , når den tida kjeme og det gjere ho jo,hadde budd i sildabyen så hadde vi ville hatt eit godt tilhøve til naboar og slekt for kanskje å få hjelp av desse til å gå på legd rundt om… Helsesjefar og varaordførerar er ikkje til å stole på i den byen. Og dessverre sikkert i mange andre kommunar også. I Oslo har eg høyrt om einslige gamle som har logge dau i månadsvis før alarmklokkene har gått hjå HMS og helsejefar på toppen..

Når eg les kva store Norske leksikon skriv om okkupasjonsmakta som knuga Norge frå 1940 til 1945..så ser eg heile tida likhetstrekk på kva som hender i dag i Norge i kampen om våre  naturressursjer.. https://snl.no/samarbeid_med_den_tyske_okkupasjonsmakten_i_Norge

Vi veit at i 1940 hadde norske 5te kolonistar rydda veg for at nazistane , med svik og lureri lettast mulig kunne hærta Norge. Vrir vi litt på flisa så ser vi at vindkraftutbyggerar har samme slag 5te kolonistar bak seg der  dei set demokratiet til sides og akslar seg fram.. Nett som dei har gjort i oppdrettsnæringa , her dei med list , lureri og løgn har rana til seg  fjordane våre og gjort seg rik på å forureina dei. Her går halvparten av  all inntening ut av landet. Det er eit nettverk, til liks som i slutten av 30talet… gjekk nazistane sine ærend.. Dei har klart og rive ned demokratiet som vi eingong hadde og å overgje all makt over oss til framande makter og hender, då gjerne pengemakt so aldri har opperert reint med unndrar seg skatt og pisser på staten Norge medan dei raner til seg pengane våre. Alt med god hjelp av vår regjering, og selskap som Trønderenergi , BKK, Medvind , Zero og Zephyr , Stangeland og andre forvokste aktørar i kraftnæringa..

Når eg ser spesialbyggde lastebilar som frakte venger i størrelse med eiffeltårnet så ser eg for meg tyske hærstyrkar som inntar Karl Johan,  kronglete vestlandske  vegar , drep norske kragbevepna styrker både sør, vest og nord i landet..Eg ser for meg 35cmtyske kanoner  som svinger seg mot Eidsvoll og Norge og sender sin dødbringande last i mot desse.

Eg foreslår at vi kaller ein spade for ein spade og kaller desse..regjeringa vår, ein god del av Stortinget og aktørar og byggerar i bransjane det dei verkeleg er: 5te kolonistar, og Quislingar . Dette omfattar også grunneigerar som motar millionar av svikfulle sølvpenger får å gje veg og grunn til Quislingane sine utbyggingsplaner. Dei veit at quislingane brukar all sin kraft og politiske vilje til å berika seg sjølv og sine korrupte venner og til å øydelegga vårt vakre land, men dei gir faen. Frå meg er det enkelt..eg kallar alle som er for å sprenga ned våre vakre fjelltoppar og bygga 250høge vindturbinar dette belasta namnet. Eg vil aldri snakka med slike folk  ..aldri gå i dialog aldri prøve å forstå den svikfulle logikken deira. For meg er ikkje desse gode nordmenn..dei er kort og godt quislingar…Eg vøre dei ikkje som mennesker.

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.