Eg var den glade ja skikkelig glade givar til organisasjonar i mange mange år. Sette ikkje eingong eit spørjetegn kor alle millionane (eller dei 200-300 kr frå meg) vart av i det store pengesluka. Eg var nett som indremisjonsdamene
som Klæbo skreiv om på det glade 50-60og 70 talet. Dei som , i kvar ledige stund sat og strikka ullstrømper til Afrika . Strikka gjorde eg ikkje ..men eg ga i alle fall pengar som eg håpte kunne hjelpa til med ein brønn
her og der , eller kunne setta fattige damer igong med prosjekt som skulle redda verda , eller i alle fall landsbyane deira.
Raude krossen var jo aktuell i fleire år og vi såg for oss samfunnsnyttige ting som nye snøskuterar til neste
påskevakt og enda nyttigare ting som å ta seg av dei eldre og i det heile vera ein spydspiss for eit rettferdigare og betre liv i kongeriket. Til desse tømde eg pungen år etter år heilt til eg forsto at dei gjekk på børs
med dei innsamla middelane. Då var det jamt slutt for min del.. Ikkje ei krona meir frå meg.
Så også med den inneverande innsamlingsaksjonen.. Det er jo eit par år sia no at plastkvalen på Sotra fekk oss til å
sperra augene opp og begynna å forstå problemet. Det vart satt igong strakstiltak og alle båteigerar som eg kjenner sto på å plukka plast lengs vår eigen kyst. Men etterkvert som myndighetene syntes å ha mista interessa
og begynte nærmast å skattelegga dei som kom inn med lettbåtane halvfulle i plast. Store kontainere som før sto klare til for å ta imot innsamla plast vart trekkte inn og folk fekk store problem med å verta kvitt
all plasten dei kom med. Innsamlerar med tilhørighet i WWF såg vi heller ikkje snurten av…
Men så i år så sto altså WWF fram og forlanga truverdighet for at dei skal stå i bresjen for å samla inn
plast på verdensbasis. Javel...men skal vi ikkje feie for eiga dør fyrst..eller betre rydde opp langs vår kyst først, før vi auser ut penger til baktunge organisasjonar som først å fremst skal smøre sine
eigne hjul? Vi har ma ein organisasjon som heiter øvesatt til norsk: Vi er i same båt. Dei plukkar metodisk i kver vik og rundt nes..men dei MÅ BETALA for å bli kvitt plasten som dei kjeme inn med. Herregud kor er logikken til myndighetene..
dei spyr ut millionar til rikmannsklubben medan dei dekker opp det tapet med å ta inn avgift for innbrakt plast frå frivillige organisasjonar her til lands…
Så årets innsamlingsaksjon føyer seg fint inn i rekka
som eit slags avlat for våre synder. Vi kjøper oss fri for all synd med å gje pengar til slike organisasjonar som skal frelse verda på den eine eller andre måten…hvis dei då ikkje gjere som Raude kross då..går
på børs med de .