Blogg

Ikkje kver dag eg har finskoa på , men av og til må dei til pers. Som i går då vi var i ein konfirmasjon i byen (Hauges.) På førehand låg svartedressen  , svart skjorte og lyst slips klare (gjort ship shape av Solfrid som vanlig), så det  var berre for undertegna å henta fram svarte finsko frå skapet så var denna gutten klare for den norske kyrkja med etterføljande matorgie. 

Eg treiv tak i dei svarte ecco skoa , ein personleg favoritt frå tidleg år 2000. Dei har bore meg igjøno konfirmasjonar, begravningar og til og med mitt eige brylupp. Alltid å stola på, ein liten shining så har eg gått skadelaus i alle dessa åra. Er ingen skofrik , men ecco er vel italiensk og det var vel dei Mink deVille song om på åttitalet ,så det  skulle borga for kvalitet .. Vel inne i Norheimskyrkja la eg merke til ein mengde svarte partiklar rundt skoa. Ka i all verda hadde eg trødd i no når eg ein sjeldan gong var i Vårherres hus?    Men på veg ut til parkeringsplassen minka det på skotøiet under meg og det var så vidt eg kom meg inn i bilen før dei italienske datt av. Ikkje pga bruk, men kanskje at dei var så haugamle ,så hadde tidas tann ordna med ein rotneprosess av solane på skoa. Dei smuldra rett og slett opp. Ikkje hadde eg skobyte med, men mine svarte strømper (utan resor, garantert svenske) klarte biffen og bar meg inn i lokalet der vi feira ein vakker konfirmant og kjøyrte i oss alt for mykje kaker..

Alt i alt ein artig og fin konf.  Eccoskoa har no gjort si siste plikt og er no stedt til kvile..Takk for følgje.

| Svar

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.