Blogg

 

Veit ikkje kor mange penger vi nordmenn la igjen på Black Fridays handelen i år, men i fjor smelte vi til med 3,8 milliarder. Viss vi legg til Halloween og  Valentines  day så er det ikkje småtteri vi drar med oss heim av ofte ikkje heilt nødvendige varer. Sjølsagt kjeme alt dette frå USA ..og vi adoptere alt jo med glede alt som smaker av galskap. Personlig så behøver eg ikkje eit 65tommars fjernsyn..klarer meg ennå med 42eren.. eller ein fantastisk elbil som går frå Etne til Voss utan å stikka inn kontakten.

 Ikkje at eg er imot amerikanerar og synes alt amerikanske påfunn er tull. Synes fortsatt at Belair 57er verdas vakraste bil, elsker jo Delta og Chicagoblues, vestkystrock, sakner Petty , dette vekk når Foo og andre band speler Seattle grunge, syntes Clayton Thomas i BST er/var verdens beste vokalist, Leser London, Hemingway og Steenbeck. 

Mykje bra over there..kanskje ikkje den sittande amerikanske president, dårlige sjukeordingar, skyteglade politifolk, mafia, verdenspolitiambisjonar…Men elles så er det mykje bra…men Black Friday…nei.

AP s stortingsrepresentant Hege H. Liadal skreiv reiserekningar med gaffel og rota det skikkelig til for seg sjølv. No vert ho sikta for grovt bedrageri og fallet er stort . Sjølsagt er det å kara til seg ca 70000  ikkje verd å få eit slik botnlaus fall i anseelse og truverde.. Synes nesten synd på ho. Ei flink dame som datt i korrupsjonsfella og vart teken med buksa nede..Det er det ikkje alle politikerar som har  trødd i same fells som vert hanka inn .Liadal var (ho er vel ferdig som folkevald) vel på det jamne som politikar og er vel på det jamne som menneske som alle oss andre er. Nå kan det  vel farlig for «alle oss andre» og kaste den første steinen i å fordømma ho. Kem har ikkje fått ein hundrelapp for mykje igjen i kassekøen og gitt faen, eller skreve rikeleg  antal km kjøyrte km på arbeidskjøyring på skattesetelen eller elles  snytt aldri så lite på skatten..ingen?

Men stortingrep. er folkevalde og bør /skal ha ein solide oppdraging i botn og oppføra seg som eit foredøme for «alle oss andre». Dessverre er dette langt ifrå tilfelle og Liadal får ein sikting frå ein stat som diverre er gjønosyra av  den same korrupsjon. Og dette siste er langt alvorligare enn det Liadal og deg og meg klare  å rote det til.. Døme på det er berre no den siste tida er når vindkraftadvokatane ba staten om assistanse i konflikten med samane . Vindkraftutbyggerane gir ikkje ved dørane og då dei fekk motbør i herradsretten og måtte punga ut til urbefolkninga i skadeerstaning så gløda jo telefonar inn til sine vener i regjeringa og regjeringsadvokaten vart sett på saken. Dermed så ber jo reg. advokaten på oppdrag av olje og energidep. om at høgsterett vert part i saken. Altså A/S korrupsjonsNorge jobber på høggear i mot sine eigne landsmenn, men for skattesnyterane i vindkraftmafiaen.  Heldigvis  så er ennå ein liten del av pressa vår vaken (Klassekampen) å  klare å avdekka svineriet som går føre seg .

Advokat Abell i Håvind skriver til KK at dei  har holdt OED orientert gjennom fleire år i denne saka . Men når KK etterlyser den korrespodansen så vert det stilt, øyredøvane stilt. Kan det vera så enkelt at ein slik korrespodanse ikkje finnes?

Så Liadal har gått i ein god skule og det er berre det at korrupsjonen på toppen går skattesnyterane og pengeflytterane til handa..i mot sitt eige folk. Dei skulle vore stillt for retten med ein mykje alvorligare sikting enn det Liadal får.

 

Etter ei spennande valgveka (USAvalg) , med masse tal fram og attende , mange demonstrasjonar i gatene,  4 statar som var litt seige i opptellinga, ein sure sitjande president og ein ennå surare presidentsønn som oppfordra til å knusa demokratiet for godt. Heldigvis gjekk det ikkje den sitjande sin veg..og både Biden og Harris kunne kasta munnbindet og holda seierstalar. Og dette var skikkelig saker. Biden slo til med ein seierstale i Martin Luther King klassen.

Er det verkelig håp for USA som nasjon igjen? Då er det håp for resten av oss også. Berre nå ikkje USA børster støvet av verdspolitirolla igjen. Som det har vore no , dei siste fire åra så har det vel stort sett vore mindre innblandingar i andre land sin politikk (det skal han ha, Trumpen) . Han har hatt meir enn nok med snubletråane på heimebane, med å splitta mennesker og med å bygge murar mellom ds.

Litt artig oppi dette er det jo at Harris som vel er frå ein ferske innvandrerfamilie har fått jobben som visepresident. I smeltedigelen USA er vel de fleste .innvandrerar ..men Harris er som eit frisk pust i gamalmannsvelde.

Etter Biden sin sterke takketale drønna Tom Petty’s I want back down frå høgtaleranlegget.. Då kjente eg det vart vått nedover kinnet.

Når Søreide og Jensen omtaler USA så er det med tyngde,  ord som verdens største og verdens beste demokrati vert brukt i annakvar setning. I dei 4 siste åra og spesiellt i den siste tida har desse påstandane fått seg eit skot for baugen..I verdas største demokrati tel berre dei stemmesetlane som den sittande presidenten kan godta..alle dei andre som det står demokrat og Biden på er gufs frå hell og berre lureri seier han med den raude capsen og avkommet hans. Og fram frå skuggane kjeme halvmilitære tungt væpna grupper med  støtteerklæringar..Her er det utfrika støttespelerar frå ytterste høgre, dei med dårleg skjulte hakekors og kk klan symbol tatovert på armane. Her står NRA klare til å forsvara at kvart heim bør/skal ha ein 10-20 våpen.. Ikkje noken sarte sjeler her som har tru på ordets makt..her er det kuler og krutt som gjeld . Sistnemnde organisasjon hadde jo størrelsar som Charlton Heston i sin midte.

Og vi tilskoderar som opplever dette makabre skodespelet frå sidelina trur ikkje våre eigne øyrer og auger..Vi er ikkje vane med slik retorikk som kjeme frå sittande presidentar frå (former)demokrati. Det verste vi veit..iallefall noken av oss ,er jo oppkasta til Resett og omgangsjuka til Listhaug og Hege Storhaug.

Men for oss som like trillerar , anten i serieform og elles så er dette jo knall godt TV..Og om ikkje vi kan alle elver og byar i Belgia så begynner vi no å kunne ramse opp alle USA statane..spesiellt dei med som er farga grå og som ikkje er ferdig opptelte..

Vi lærer noke heile tida..freks om myrar. Ei myr var jo noke som vi måtte gå omvegar rundt for ikkje å setta gummistøvlane våre fast.. Eller at vi i leiken laga gebrekkelige flåtar som vi segla med over svarte myrhol. På myrer herja tiur og orre i parringsleik om våren.  I noken myrar var det veiter og merker etter at generasjonane før oss hadde tatt ut myrtorv til brænsle. Ellers var vel ei myr berre til plager og det var vel best å grøfte ho opp til beitemark . For kva visste vel vi om CO2 og karbonlager og lagring?

No kjeme det fram at ei av ankepunkta imot noken politikerar sin våte draum, å bygga E39 , ferjefri veg frå Kristiansand til Trondheim er akkurat det at den vil gå over mange mange hundre myrar og vil punktera/øydelegga dei. Myrar som er stinne av karbon . No vert alt dette frigitt og eit kollosalt klimagassutslepp ligg klart i desse hundretall myrane.  Som det står å lesa så vil ei-1 djupe myr i fotballbanestørrelse kan sleppe sleppe ut like mykje CO2 , når den vert punktert , som 1700 personar gjere på eit år..Så viss vi ganger opp dette med antall myrar som E39 vil bli byggd på..så er det ikkje småtteri. Men så klart så meiner jo vesnet..vegvesnet denne gongen og at klima avtrykket vert betre etter vegen er ferdig enn om myrane fekk ligga i fred. Forstå det den som kan. Dei har ikkje eingong brydd seg med å rekna ut kor mange og kor mykje areal som desse myrane er på, og slett ikkje alt utsleppe som vil komma.

Men dei gjere vel som NVE..det mest korruperte vesnet som vi har ..berre bestiller nye konsulenttenester ..til dei har dei resultata  som er innafor for deira sleipe mål.

Og når vi veit korleis vindturbinutbyggerane driv på ,så kan vi berre ana kor mange dødsdømte myrar som dei har spretta , gravd opp og øydelagttil no.. Og kor mykje CO2 som er frisleppte i deira korrupte idiotiske iver til å tekkast storkapitalen.

Ikkje det at eg trur ein einaste MDG og ein einaste av korrupsjonskjengen i NVE, Trønderenergi ol mister eit einaste minutt utav nattesvevnen av den grunn..Til det sitt dumskapen og griskheten for djupt forankra..

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.