For lenge sia , i Portugal, var eg på tyrefekting. Familiar, barn og vaksne ,satt på tribunen og overvar seansen. Ute på sanden «kjempa» matadorane med tyrane ..ein litt ulik kamp, for det var jo alltid tyren som trakk
det kortaste strået. I Portugal fekk ikkje tyren nådestøtet etter kampen, men veien gjekk nok til slakthuset for blodet fossa og skadane var store.. Matadorane fekk seg nok rifter og småsår ..men det vart nok lett ordna. I nabolandet
Spania tar matadorane (toreadorane) livet av tyrane med meir eller mindre velretta kårdestøt. Og heile tida var det eit stort raudt tørkled som var matadoranes verktøy til å lokke, snu og vende og opphissa dyret, OLEE.
I nabolandet til Spania, Frankrike, bruker dei ein litt anna variant enn tyrefekting og dyr..Her bruker matadorane , i staden for raudt tørkle , bilder av ein naken og latterliggjort profet i sine «kamper» for ytringsfridom. Noken gonger
går det gale i denne forma for «i ytringsfridomens namn», matadoren vert sjølv drepen . Heilt vanvittig sjølvsagt og tusenvis av menneske viser avsky i Paris sine gater.
PÅ søndag angrep to kvinner ein fransk
algerisk barnefamilie og knivstakk to i følge , som knivstikkerane kalla «skitne arabere» . Desse «skitne» hadde jo sjølsagt ingenting med halshogginga av læraren å gjera ..dei var vel berre på feil plass
til feil tid då dei fekk knivane i seg. Og om de hadde mista livet hadde vel heller ikkje franskmenna gått mann av huset for å visa sympati..trur nå eg. Så kampen for å visa bilder av ein naken profet og ytringsfridom
, har sine offer både for den eine og for den andre sida..Kampen for ytringsfridom er viktig , men må alltid målet helliger middelet? Eller er det det ypperste for å oppnå ytringsfridomen å visa ein latterliggjort
profet.. ? Tviler..