Blogg

Vi lærer noke heile tida..freks om myrar. Ei myr var jo noke som vi måtte gå omvegar rundt for ikkje å setta gummistøvlane våre fast.. Eller at vi i leiken laga gebrekkelige flåtar som vi segla med over svarte myrhol. På myrer herja tiur og orre i parringsleik om våren.  I noken myrar var det veiter og merker etter at generasjonane før oss hadde tatt ut myrtorv til brænsle. Ellers var vel ei myr berre til plager og det var vel best å grøfte ho opp til beitemark . For kva visste vel vi om CO2 og karbonlager og lagring?

No kjeme det fram at ei av ankepunkta imot noken politikerar sin våte draum, å bygga E39 , ferjefri veg frå Kristiansand til Trondheim er akkurat det at den vil gå over mange mange hundre myrar og vil punktera/øydelegga dei. Myrar som er stinne av karbon . No vert alt dette frigitt og eit kollosalt klimagassutslepp ligg klart i desse hundretall myrane.  Som det står å lesa så vil ei-1 djupe myr i fotballbanestørrelse kan sleppe sleppe ut like mykje CO2 , når den vert punktert , som 1700 personar gjere på eit år..Så viss vi ganger opp dette med antall myrar som E39 vil bli byggd på..så er det ikkje småtteri. Men så klart så meiner jo vesnet..vegvesnet denne gongen og at klima avtrykket vert betre etter vegen er ferdig enn om myrane fekk ligga i fred. Forstå det den som kan. Dei har ikkje eingong brydd seg med å rekna ut kor mange og kor mykje areal som desse myrane er på, og slett ikkje alt utsleppe som vil komma.

Men dei gjere vel som NVE..det mest korruperte vesnet som vi har ..berre bestiller nye konsulenttenester ..til dei har dei resultata  som er innafor for deira sleipe mål.

Og når vi veit korleis vindturbinutbyggerane driv på ,så kan vi berre ana kor mange dødsdømte myrar som dei har spretta , gravd opp og øydelagttil no.. Og kor mykje CO2 som er frisleppte i deira korrupte idiotiske iver til å tekkast storkapitalen.

Ikkje det at eg trur ein einaste MDG og ein einaste av korrupsjonskjengen i NVE, Trønderenergi ol mister eit einaste minutt utav nattesvevnen av den grunn..Til det sitt dumskapen og griskheten for djupt forankra..

| Svar

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.