Blogg

Når Søreide og Jensen omtaler USA så er det med tyngde,  ord som verdens største og verdens beste demokrati vert brukt i annakvar setning. I dei 4 siste åra og spesiellt i den siste tida har desse påstandane fått seg eit skot for baugen..I verdas største demokrati tel berre dei stemmesetlane som den sittande presidenten kan godta..alle dei andre som det står demokrat og Biden på er gufs frå hell og berre lureri seier han med den raude capsen og avkommet hans. Og fram frå skuggane kjeme halvmilitære tungt væpna grupper med  støtteerklæringar..Her er det utfrika støttespelerar frå ytterste høgre, dei med dårleg skjulte hakekors og kk klan symbol tatovert på armane. Her står NRA klare til å forsvara at kvart heim bør/skal ha ein 10-20 våpen.. Ikkje noken sarte sjeler her som har tru på ordets makt..her er det kuler og krutt som gjeld . Sistnemnde organisasjon hadde jo størrelsar som Charlton Heston i sin midte.

Og vi tilskoderar som opplever dette makabre skodespelet frå sidelina trur ikkje våre eigne øyrer og auger..Vi er ikkje vane med slik retorikk som kjeme frå sittande presidentar frå (former)demokrati. Det verste vi veit..iallefall noken av oss ,er jo oppkasta til Resett og omgangsjuka til Listhaug og Hege Storhaug.

Men for oss som like trillerar , anten i serieform og elles så er dette jo knall godt TV..Og om ikkje vi kan alle elver og byar i Belgia så begynner vi no å kunne ramse opp alle USA statane..spesiellt dei med som er farga grå og som ikkje er ferdig opptelte..

| Svar

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.