Etter ei spennande valgveka (USAvalg) , med masse tal fram og attende , mange demonstrasjonar i gatene, 4 statar som var litt seige i opptellinga, ein sure sitjande president og ein ennå surare presidentsønn som oppfordra
til å knusa demokratiet for godt. Heldigvis gjekk det ikkje den sitjande sin veg..og både Biden og Harris kunne kasta munnbindet og holda seierstalar. Og dette var skikkelig saker. Biden slo til med ein seierstale i Martin Luther King klassen.
Er det verkelig håp for USA som nasjon igjen? Då er det håp for resten av oss også. Berre nå ikkje USA børster støvet av verdspolitirolla igjen. Som det har vore no , dei siste fire åra så har det
vel stort sett vore mindre innblandingar i andre land sin politikk (det skal han ha, Trumpen) . Han har hatt meir enn nok med snubletråane på heimebane, med å splitta mennesker og med å bygge murar mellom ds.
Litt artig oppi
dette er det jo at Harris som vel er frå ein ferske innvandrerfamilie har fått jobben som visepresident. I smeltedigelen USA er vel de fleste .innvandrerar ..men Harris er som eit frisk pust i gamalmannsvelde.
Etter Biden sin sterke takketale
drønna Tom Petty’s I want back down frå høgtaleranlegget.. Då kjente eg det vart vått nedover kinnet.