Blogg

 

Ikkje  enkelt å vera Jan Bøhler og Senterpartiet når dei no  bretter opp armane for å setja inn tiltak for å bekjempa den organiserte kriminaliteten i hovudstaden og i resten av landet, då hagler det med kritiske røyster. Som til eks at det vert dreve klappjakt på menneske som kanskje ikkje er med i gjengane. Ungdomskjengane i Groruddalen skal jo ikkje rørast..dei skal kristnast eller helbredast ..  Dei skal helst strykast med håra , som vel er blitt gjort dei siste 50åra. Over gjengane sitt den organiserte kriminaliteten og trekker i trådane. Det vert sagt at organisrt kriminalitet koster samfunnet 145 milliarder i året. Polisen klarer å hanka inn berre (2018) 108,6 mill . Så for brøkdel av det det koster oss kunne vi byggd opp ein meir målretta polistyrke som ikkje gav drittsekkane  fred.. Lover som skal gjera dette mogelig er banka igjennom systemet og vedtatt. Men Bøhler og dei som vil uvesnet til livs får motbør av folk i det politiske systemet som ikkje har komne ut av snillismens kliss. 

Tenk om vi no i 2021 får ein polis styrke med Økokrim, Finanstilsynet, Skattekrim og Arbeidstilsynet som går i strupen på kvitsnippforbryterane, kriminelle  mcklubbar, kriminelle austeuroperar, young bloods , young guns og alskens kriminelle klubbar.

Det må nå vera eit godt nok nyttårsønske vel.  Slenger på eit ønske til .... å få dei «snille» kritikerane av dette til å holda kjeft.

Joda..har det heilt greitt i desse tøffe tider. Solf. har ordna med julegåvene ,sendt i øst og vest, har kjøpt inn julemat så det ikkje er plass i det dobble kjøleskapet lenger. Og alt dette for 2 og kanskje 3 personar i jula. Og i dag vert det speling på lørdagsmatineen på HOB, og sikkert eit aldri så lite møte med gode vener i kveld.

Ikkje fullt så kjekkt å bla i avisene der det står om amerikanere som overnatte i bilane sine , i kø , for å få eit måltid mat. Washington Post skriv at 26 millionar amerikanerar ikkje har nok til mat og 10talls millionar kan bli kasta ut av heimane sine.

Her heima lister avisene opp store firma som har fått milliardar i koronastøtte, firma  som nesten har vore nullskatteyterar i alle år. Fy flate for noken kjeltringar..dei held eit kobbel med skarpskodde advokatar som har som si store oppgåve å ikkje lata firma sitt overskot koma felleskapet sitt gode..men vert salta ned i skatteparadis . Men i koronaens tid så kjeme dei krypande og jafser til seg av felleskapets penger, med regjeringa si velsigning.

I morgon er det søndag så då sleppe ein å lesa om slike folk og adferd. Men i dag er det laurdag og mens vi ventar på vaksina så kan vi vel unna oss litt glede..eller?

 

Norge..det vetle landet her oppe i nord. Vi stamma frå vikingane som seilte rundt og handla, røva litt ,var frikarar og frikvinner for ca 1000 år sia. Så kom kristendommen og vi vart stovereine og fredelige. Så vart vi i nokre hundre år kasteballar i europeisk storpolitikk, mellom Sverige og Danmark..Med litt flaks, og med hjelp av noke så sjeldan som dyktige politkerar frå Venstre, vart vi sjølvstendig nasjon igjen.. Vi byggde ut vannkrafta vår, seilte på de sju hav..begynnte å klara oss sjøl , bygga landet. Vi kara oss igjøno to verdskrigar, den eine tente vi pengar på, i den andre blødde vi. Vi fekk Gerhardsen og jobbetid..heile tida på veg oppover. Arve Johnsen og resten av oss fann og fekk opp olja. Det var ikkje måte på, vi kara oss ut av fattigdommen og gjekk ikkje ut i grøfta lenger om vi møtte ein med tyske skilt eller amerikansk aksent. Vi klarte oss sjølv og slo det fast i to folkeavstemmingar.

Men så fekk vi politikerar som var utadretta og einspora..vi kunne jo ikkje stå aleina. No har vi ein skog av slike politikerar..utadretta offensive. Politikerane våre oppfører seg som folkevalde berre på valdagen, alle dei andre tusen dagane så meler dei si eiga og partias kake, og går gjerne ut og inn i First House for å vri filla som er gjennomvåte av ugjerningar..ennå eingong. Dessverre er det berre nokre få av dei som ikkje vert ramma av denne karakteristikken.  

Mange land som ikkje har sett med blide auger at vi har vakse , klart  oss sjølv, kara oss på toppen av levekårundersøkingar i verda; no kan dei landa få oss ned frå pidestallen igjen.. Og dei har 5te kolonistar som rydder veg , milliardærar , NVE, politikerar som håper på gode stillingar i Brussel, etter endt politisk (u)gjerning. Vårt vakre land er tyngd ned av tusenvis av vindkraftverk som har blitt lurt inn bakdøra med løgn og fanteri. Det er snart ikkje attraktivt for turisme lenger. Sjølve sparesset i stokken vår, vannkrafta er miljøfientleg seier Brussel. Fiskeriene våre er drifta av milliardærar, som tar fisken med seg til havner i EU eller sender den heilt til Kina for å pumpes opp av saltvatn, før den flybåren kjeme attende, klare for våre middagsbord. Fjordane våres førsøples med oppdrettsannlegg..noken har tent seg styggeleg rike på felleskapets rettar.

Vi er utsette for angrep på vår måte å leva på, ofte i falske grøne innpakning,vår måte er ikkje verd noko lenger. Vi er utsette for massiv korrupsjon.

Snart er olja historie, Acer sett retningsliner på vannkrafta vår igjen som ikkje er til å leve med. Krafta vert sendt utanlands og vår heimlige industri kan leggas ned. Ka skal vi leva av? Varer og tenester som er produsert i hovedstaden? Sikkert!.

Vi kan snart finna fram den slitte huva igjen og stilla oss i vegkanten, landet er som i middelalderen i ferd med å bli ein kasteball igjen. Reservene våre tar snart slutt .  Vi kan ikkje ta vare på oss sjølv eller forsvare oss snart.

Er det brukt for mykje svartmaling i dette innlegget? Håper det, men  tviler.

Gleda over at Biden slo Trumpen i USA valet bleiknar litt når ein ser på kva slags folk  Biden fyller opp administrasjonen sin med. Skulle tru at han hadde gått i lære i  våre eigne regjering (pluss kva vårt andre høgreparti AP fyllte opp i sine administrasjonar med ). Her heime er det jo folk frå First House og andre konsulent/lobbytfirma som går inn i regjering og ut igjen til varmestovene i First House utan å blunke. Her er det ikkje plass for «vanlige» folk til å kunne bruke andre politiske gangsyn enn den lett korruperte familien på toppen.

Slik er det også nå borte hjå Biden. Etter valtapet til Clinton har dei organisert seg og no står de klare for å bytte gate i Washington. Denne tette og klare gjengen er oppkalla etter West Executive avenue, Westexec Advisors. Denne gjengen som er grunnlagt av veteranane til Obama..har masse folk frå Silikon Wally og frå det militæret med seg.

Kanskje ikkje heilt tilfeldig at Biden annonsere at no skal landet attende på sin sjølutnemde plass igjen…i spissen og leiande i verda. Vi veit ka som hender då…sikringen av og våpna klare. Og vi her oppe i steinrøysa er jo klare til å vera med på «morroa», regjeringa sender gjerne dei nyinnkjøpte F35 ute på (bombe)tokter.

Vi har vel heile tida trudd at alt er betre ein ein vekkskjemte guttunge i det kvite hus..og  kankje vi skal håpe på det ei stund til.. men ingenting overraske meg.

Sjølv om det er nitriste tider no ..så er det vel forbigåande. Ein kan sei ka ein vil om høgre regjeringa , om Solberg og lilleprinsen Høie (og det gjere vi heile tida, litt på plussida men mest på minus sida), men de har styrt oss greitt igjøno smitteåret. Dei har klart å spela på dei strengane våre som har  med fornuften å gjera. Dei har ma oppfordra oss til ikkje å reisa for mykje rundt, viss vi ikkje på død og lov pga av jobb og «livsviktige» ting. Dette i kontrast til amerikanerane der 50 mill vil reisa heim på tanksgiving .. Det blir skikkelig smittespreing av slik.

Men no kjeme vaksina snart og då reiser det seg andre problem. For kven skal stå først i køen for å få dei dråpane som smarte forskerar skal berga oss med. Vi har fått slått fast at helsearbeiderar ikkje vert prioriterte..dei får vel like lite av vaksinen som dei har fått av lønnspotten i år. Men så var det alle oss andre då. Vi skal rangerast , kem som er verd og kem som ikkje er det ,som skal få sprøyta i armen. Og..vert det sagt, her kan ein 90åring med diabetes ha like store sjangse som ein frisk og fyrrige 50åring. Kor vi sjølve ligg an er ikkje godt å sei. Det «lønner» nok seg å ha ein eller anna plage, meir eller mindre alvorleg. Og det er klart , blir ikkje sure eingong om ein som har hatt kreft eller anna nesten like alvorlege saker å stri med går forbi deg i køen..Skulle berre mangla .  Kan ikkje slå i bordet med anna enn ein kikhoste som toåring, og fjerning av mandlar som 5 åring. Litt småsnusk som dårlig hørsel og no dårleg syn på det høgre auga er ikkje noke ein bør ropa for høgt om.  Kem som skal ta ansvar med å setta opp desse listene vert vel ikkje Solberg og «lilleprinsen»..kanskje det vert Stoltenberg..?  Den som (over)lever får sjå.

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.