Blogg

 

Norge..det vetle landet her oppe i nord. Vi stamma frå vikingane som seilte rundt og handla, røva litt ,var frikarar og frikvinner for ca 1000 år sia. Så kom kristendommen og vi vart stovereine og fredelige. Så vart vi i nokre hundre år kasteballar i europeisk storpolitikk, mellom Sverige og Danmark..Med litt flaks, og med hjelp av noke så sjeldan som dyktige politkerar frå Venstre, vart vi sjølvstendig nasjon igjen.. Vi byggde ut vannkrafta vår, seilte på de sju hav..begynnte å klara oss sjøl , bygga landet. Vi kara oss igjøno to verdskrigar, den eine tente vi pengar på, i den andre blødde vi. Vi fekk Gerhardsen og jobbetid..heile tida på veg oppover. Arve Johnsen og resten av oss fann og fekk opp olja. Det var ikkje måte på, vi kara oss ut av fattigdommen og gjekk ikkje ut i grøfta lenger om vi møtte ein med tyske skilt eller amerikansk aksent. Vi klarte oss sjølv og slo det fast i to folkeavstemmingar.

Men så fekk vi politikerar som var utadretta og einspora..vi kunne jo ikkje stå aleina. No har vi ein skog av slike politikerar..utadretta offensive. Politikerane våre oppfører seg som folkevalde berre på valdagen, alle dei andre tusen dagane så meler dei si eiga og partias kake, og går gjerne ut og inn i First House for å vri filla som er gjennomvåte av ugjerningar..ennå eingong. Dessverre er det berre nokre få av dei som ikkje vert ramma av denne karakteristikken.  

Mange land som ikkje har sett med blide auger at vi har vakse , klart  oss sjølv, kara oss på toppen av levekårundersøkingar i verda; no kan dei landa få oss ned frå pidestallen igjen.. Og dei har 5te kolonistar som rydder veg , milliardærar , NVE, politikerar som håper på gode stillingar i Brussel, etter endt politisk (u)gjerning. Vårt vakre land er tyngd ned av tusenvis av vindkraftverk som har blitt lurt inn bakdøra med løgn og fanteri. Det er snart ikkje attraktivt for turisme lenger. Sjølve sparesset i stokken vår, vannkrafta er miljøfientleg seier Brussel. Fiskeriene våre er drifta av milliardærar, som tar fisken med seg til havner i EU eller sender den heilt til Kina for å pumpes opp av saltvatn, før den flybåren kjeme attende, klare for våre middagsbord. Fjordane våres førsøples med oppdrettsannlegg..noken har tent seg styggeleg rike på felleskapets rettar.

Vi er utsette for angrep på vår måte å leva på, ofte i falske grøne innpakning,vår måte er ikkje verd noko lenger. Vi er utsette for massiv korrupsjon.

Snart er olja historie, Acer sett retningsliner på vannkrafta vår igjen som ikkje er til å leve med. Krafta vert sendt utanlands og vår heimlige industri kan leggas ned. Ka skal vi leva av? Varer og tenester som er produsert i hovedstaden? Sikkert!.

Vi kan snart finna fram den slitte huva igjen og stilla oss i vegkanten, landet er som i middelalderen i ferd med å bli ein kasteball igjen. Reservene våre tar snart slutt .  Vi kan ikkje ta vare på oss sjølv eller forsvare oss snart.

Er det brukt for mykje svartmaling i dette innlegget? Håper det, men  tviler.

| Svar

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.