Joda..har det heilt greitt i desse tøffe tider. Solf. har ordna med julegåvene ,sendt i øst og vest, har kjøpt inn julemat så det ikkje er plass i det dobble kjøleskapet lenger. Og alt dette for 2 og kanskje 3
personar i jula. Og i dag vert det speling på lørdagsmatineen på HOB, og sikkert eit aldri så lite møte med gode vener i kveld.
Ikkje fullt så kjekkt å bla i avisene der det står om amerikanere som overnatte
i bilane sine , i kø , for å få eit måltid mat. Washington Post skriv at 26 millionar amerikanerar ikkje har nok til mat og 10talls millionar kan bli kasta ut av heimane sine.
Her heima lister avisene opp store firma som har
fått milliardar i koronastøtte, firma som nesten har vore nullskatteyterar i alle år. Fy flate for noken kjeltringar..dei held eit kobbel med skarpskodde advokatar som har som si store oppgåve å ikkje lata firma sitt overskot
koma felleskapet sitt gode..men vert salta ned i skatteparadis . Men i koronaens tid så kjeme dei krypande og jafser til seg av felleskapets penger, med regjeringa si velsigning.
I morgon er det søndag så då sleppe ein å
lesa om slike folk og adferd. Men i dag er det laurdag og mens vi ventar på vaksina så kan vi vel unna oss litt glede..eller?