Sjølv om det er nitriste tider no ..så er det vel forbigåande. Ein kan sei ka ein vil om høgre regjeringa , om Solberg og lilleprinsen Høie (og det gjere vi heile tida, litt på plussida men mest på minus
sida), men de har styrt oss greitt igjøno smitteåret. Dei har klart å spela på dei strengane våre som har med fornuften å gjera. Dei har ma oppfordra oss til ikkje å reisa for mykje rundt, viss vi ikkje på
død og lov pga av jobb og «livsviktige» ting. Dette i kontrast til amerikanerane der 50 mill vil reisa heim på tanksgiving .. Det blir skikkelig smittespreing av slik.
Men no kjeme vaksina snart og då reiser det seg andre
problem. For kven skal stå først i køen for å få dei dråpane som smarte forskerar skal berga oss med. Vi har fått slått fast at helsearbeiderar ikkje vert prioriterte..dei får vel like lite av vaksinen
som dei har fått av lønnspotten i år. Men så var det alle oss andre då. Vi skal rangerast , kem som er verd og kem som ikkje er det ,som skal få sprøyta i armen. Og..vert det sagt, her kan ein 90åring med diabetes
ha like store sjangse som ein frisk og fyrrige 50åring. Kor vi sjølve ligg an er ikkje godt å sei. Det «lønner» nok seg å ha ein eller anna plage, meir eller mindre alvorleg. Og det er klart , blir ikkje sure eingong
om ein som har hatt kreft eller anna nesten like alvorlege saker å stri med går forbi deg i køen..Skulle berre mangla . Kan ikkje slå i bordet med anna enn ein kikhoste som toåring, og fjerning av mandlar som 5 åring.
Litt småsnusk som dårlig hørsel og no dårleg syn på det høgre auga er ikkje noke ein bør ropa for høgt om. Kem som skal ta ansvar med å setta opp desse listene vert vel ikkje Solberg og «lilleprinsen»..kanskje
det vert Stoltenberg..? Den som (over)lever får sjå.