Blogg

Når eg blir skikkelig forbanna på eit eller anna (heldigvis så er det heller sjeldan) så ser eg ikkje raudt, eg ser grønnt. Grønnfargen har øvetatt det meste av det som er falskt , står for eksponent for korrupsjon i samfunnen, står som løgn og bløff. Viss vi skulle fargelagt dei 7 dødssyndar så hadde dei glinsa i grønnt.

I utgongspunktet så var det velmeinande mennesker som brukte fargen for å fargesetta kampen imot eit stadig aukande forbrukarsamfunn som er i ferd med å ta knekken på naturen rundt oss. Ein natur som vi må spela på lag med ikkje øydelegga om vi skal ha ei framtid her på jord. Men denne fargen vart oppdaga av storkapitalen og nå vært brukt til å øydelegga naturen meir og meir i hurtigare og hurtigare tempo. Smarte folk som jobber for seg sjølv og for broderskapet der oppe,  dei 10% som eig bortimot 90% av alle naturressursjene.  Dette rike brorskapet som eig så mykje gir blanke faen i korleis ressursjen blir dreve berre dei gjer avkastning..mykje avkastning. Dei akslar seg inn i miljorganisasjonar, som Bellona som er eit slags sanningmedie for faenskapet. Zero er også i hendene på denne «grønne» kapitalgjengen. Dei har store makt, får presse og rettsystemet med på laget. Politikerane har for lengst latt seg blinda av keiserens nye klær løgnene som vert spreidde. Redaktørane kjenner sin besøkelsetid og skriv på leiarplass så fingrane held på å knekka i iveren om å tekkast løgnene.

For det med grøn skifte er jo berre ein gedigen bløff. Ein bløff som vi har blitt fortalt no i mange mange år, i mange mange festtaler oppover . Som no sist i april då ypperstepresten himself Nicolai Tangen gledestrålane forkynte at no vart det sett av 13,9 milliardar til nye havvindpark. 13,9 milliardar av våre penger som vert brukte til bløffen om keiserens nye klede.

For det har jo aldri vært noke grønnt skifte, det finnes ingen reine fornybare energi i sikte som det ifrå rikmannsklubbens med lakeipolitikerane som Tina Bru, Erna Solberg , ja ta med Jonas G Støre også , så hardnakka meiner er rett rundt svingen. Det er og blir ein av dei største bløffane i moderne tid. Desse tre og mange fleire også, som er valgte inn på stortinget gjere sitt aller beste på å rasere naturen vår.No når kysten er rasert med lakseoppdrett og vindturbinar står utbygging av havvindturbinar for tur. Det skal byggast svære skogar av dei..Skit i fiskefelt og trekkfuglar berre kapitalen får rasera.

Matrialer som ikkje er fornybare som vert brukt 6 ganger meir i ein EL bil enn i ein bensinbil. Ein havturbin segs ganger meir pr MW enn eit kolkraftverk. Dette siste har vi jo heldigvis ikkje her på berget..vi har vannkraft. Ei vannkraft som snart blir skusla vekk av kapitalkameratene i sin iver til å tena pengar..meir pengar..heile tida meir. Fock naruren.

I Tyskland der det vifter svære vinmøllevinger over alt, går dei baklengs inn i framtida. Dei har jo byggd ned atomkrafta si. Atomkrafta som sto for ein tredjedel av all forbruket til Fritz. No har den og skal  byggast heilt ned og det skal sikker kompenserest med kraft (billig) frå oss her på berget. Eit tankkors som det ikkje skal snakkast om i alt dette grønne er at nedlegging av atomkraftverk har resultert i 36,3megatonn meir CO2 utslepp kvert einaste år. Nok til å ta livet av 1100 mennesker i året pga luftforurensing.  Dette siste er vel ikkje så kjekkt tema i festtalane? I statene meinar dei at mindre, og sikrare atomkraftverk kan vera rette medisin. Ikkje meg imot når vi ser på all raseringa som hender no.

Og vi må nok stikka fingeren i jorda og begynna å tenka sjølv, ikkje la storkapitalen gjera det. Vi må nok redusera forbruket våres, ikkje ha 2 og 3 bilar eller kjempestore cabincruisere i kver familie, kanskje ta ta bussen oftare, selje hytta i Spania, vår , sløyfa vinter og hausturar til Tyrkia eller Kanariøyane. Vi må reparere tinga vi har, ikkje kjøpa nye. Kankje bil og andrre verksteder vore momsfritadde. Lagt opp til meir gjenbruk og atter gjenbruk..

Tenk på naturen..tenk for all del ikkje grønnt…det går til helv…

 

| Svar

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.